Hopp til innhold
Logoen til Ap.
Logoen til Ap.
X
Innhald

Arbeidarpartiet

Arbeidarpartiet (Ap), norsk politisk parti¸ stifta i 1887. Arbeidarpartiet er mellom dei mest suksessrike sosialdemokratiske partia i verda. Partiet har hatt stor makt i norsk politikk, særleg i dei to første tiåra i etterkrigstida. Partileiar er Jonas Gahr Støre.

Arbeidarpartiet vart danna då fattigdomen i Noreg var stor. Partiet arbeidde for ei sosialistisk omforming av samfunnet og hadde lita tiltru til det parlamentariske systemet. Dei same politikarane som i den tidlege mellomkrigstida ønskte ein revolusjon, kom etter andre verdskrigen til å sitje med makta i Noreg i to tiår, berre med eit kort avbrot. Dei forma det moderne Noreg.

Dei viktigaste sakene for partiet er sysselsetjing, eit regulert arbeidsliv og ein sterk velferdsstat. Då Arbeidarpartiet i regjeringsposisjon oppretta Miljøverndepartementet i 1972, var dette det første miljøverndepartementet i verda. Arbeidarpartiet vert likevel ofte kritisert av miljørørsla. Partiet samarbeider tett med Landsorganisasjonen, den største lønstakarorganisasjonen i Noreg, med over 880 000 medlemer i 2013.

Anders Andersen var den første leiaren i partiet. Martin Tranmæl, Einar Gerhardsen og Gro Harlem Brundtland har vore blant dei viktigaste politikarane i partiet.

Partiet har vore representert på Stortinget ved alle val frå og med 1903. Ved utgangen av 2016 hadde Arbeidarpartiet 54 856 medlemer og er det klart største partiet målt etter medlemstal. I perioden 2011–2015 var Arbeidarpartiet, som det pleidde, det partiet som hadde flest ordførarar i kommune-Noreg – 36 % av alle ordførarane. Etter lokalvala i 2015 vart ordførardominansen til partiet endå sterkare. No fekk Arbeidarpartiet 47 prosent av ordførarane i kommunane, 203 i talet. Det har vore ni statsministrar frå Arbeidarpartiet opp gjennom historia. Etter dei første partidanningane i 1884 har Arbeidarpartiet hatt statsministeren i til saman 68 av åra – meir enn halvparten – fram til 2013.

Politikken til Arbeidarpartiet

Full sysselsetjing og sterke fellesinstitusjonar innanfor velferd og utdanning er dei fremste sakene til Arbeidarpartiet. Talspersonar for partiet dreg ofte fram den norske modellen – ein omfattande velferdsstat og samarbeidet mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet – som ei suksessoppskrift dei ønskjer å verne om og føre vidare.

Det første norske 1. mai-merket vart brukt i 1892, med krav om åttetimarsdag. Eigar av foto Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, kjelde Arbeiderpartiet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Det første norske 1. mai-merket vart brukt i 1892, med krav om åttetimarsdag. Eigar av foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, kjelde: Arbeiderpartiet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. 

Arbeidarpartiet går imot eit lågare samla skattenivå, som dei fryktar kan gå ut over velferdstilbodet. Partiet meiner at privatisering innanfor helsevesen, eldreomsorg og i skulen kan føre til ulikskapar og ei svekking av det offentlege tenestetilbodet, og Arbeidarpartiet er ikkje tilhengjar av offentleg-privat samarbeid (OPS) for å finansiere samferdselsprosjekt. Etter å ha fått makta i fleirtalssamarbeid i Oslo og Bergen ved kommunevalet i 2015, vart det lagt opp til å nekte kommersielle aktørar å ta ut profitt frå sjukeheimar og barnehagar i desse byane. Partiet er likevel imøtekomande når private utfører tenester som det offentlege finansierer innanfor velferdssektoren, og som det er skort på, under føresetnad av at alle har lik tilgang til tenestene. Arbeidarpartiet avviste før 2017-valet kravet frå Sosialistisk Venstreparti om ein «profittfri» barnehage- og velferdssektor.

Arbeidarpartiet meiner at Noreg bør halde fram med å utvinne olje og gass, og partiet freistar å sameine energipolitikken med ein miljøpolitikk basert på teknologiske nyvinningar og oppfylling av internasjonale avtalar. Partiet har to fløyer som står mot kvarandre i miljøsaka. Før 2017-valet vart det eit kompromiss i spørsmålet om konsekvensutgreiing i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja. Arbeidarpartiet ville at nokre delar av området skulle vernast, medan andre delar skulle verte undersøkte for mogleg oljeutvinning.

I utanrikspolitikken er Arbeidarpartiet eit lojalt NATO-parti, og partiet har vore for medlemsskap i EU. I programutkastet før 2017-valet vart formuleringa om at Arbeidarpartiet er for medlemskap i EU, teken bort.

Som dominerande regjeringsparti frå 1935 har Arbeidarpartiet i praksis stått for mykje av den norske språkpolitikken på nasjonalt nivå. I arbeidsprogramma sine har partiet generelt sagt lite om enkeltsaker i språkpolitikken. Partiet har vore og er framleis ein markert tilhengjar av jamstilling mellom bokmål og nynorsk. For stortingsperioden 2013–17 er partiet likevel åleine om å vedta eit arbeidsprogram der ikkje noko vert sagt om språkleg jamstilling eller tiltak for slik jamstilling. Derimot heiter det at partiet vil «føre en offensiv språkpolitikk og sikre norsk språk som et fullstendig og funksjonelt språk på alle områder i samfunnet». Av dei ni prosentane som svarer at dei bruker nynorsk i 2009, er partiet så vidt overrepresentert. (Ti prosent av partiet sine veljarar bruker nynorsk.)

Arbeidarpartiet viser i arbeidsprogrammet 2009–13, i motsetnad til ungdomsorganisasjonen til partiet AUF, ikkje til omgrepet sosialisme. Sosialdemokratiet vert framheva som det ideologiske grunnlaget.

Arbeidarpartiet. Valkamp i Kristiania 1921. Eigar av foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, kjelde: Arbeiderpartiet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Valkamp i Kristiania 1921. Eigar av foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, kjelde: Arbeiderpartiet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. 

Ideologi

Sosialdemokrati var for dei fremste tenkjarane innanfor idéretninga ikkje eit alternativ til eit sosialistisk samfunn, men eit middel for å nå det. Ved reformer innanfor kapitalismen ville ein gradvis at også det som var eigd av nokre få private eigarar, etter kvart kom under felleseige. I dag går hovudideen i den sosialdemokratiske ideologien til Arbeidarpartiet ut på at sterke fellesskapar er den beste måten å sikre folk fridom på. For Arbeidarpartiet inneber sterke fellesskapar også ein sterk offentleg sektor.

Kjerneverdiane til Arbeidarpartiet er likskap, fellesskap og tryggleik. Desse verdiane heng saman for partiet. Dei frie borgarane er avhengige av organiserte fellesskapar, og den politisk organiserte offentlege fellesskapen dannar eit tryggingsnett for alle borgarar mot ulike risikosituasjonar, til dømes arbeidsløyse og sjukdom. Difor er ein omfattande velferdsstat ein del av den sosialdemokratiske politikken. Arbeidarpartiet sin politikk har ført til eit stort innslag av statleg eigarskap i økonomiske føretak. Eigarskapspolitikken er pragmatisk snarare enn ideologisk grunngitt.

Historie før 1945

Arbeidarpartiet vart stifta på eit møte i Arendal 21. august 1887. Initiativtakarane var Christian Holtermann Knudsen og Carl Jeppesen. Historia til partiet kan delast inn i tre fasar. I den første perioden, fram til midten av 1930-åra, førte partiet ein politikk prega av eit overordna sosialistisk mål for samfunnet og av revolusjonære krav om samfunnsomforming. Frå midt i 1930-åra og i dei neste 30 åra var Arbeidarpartiet styringspartiet i Noreg. Partiet hadde særleg i perioden 1945–1961 svært stor makt. Dei siste tiåra har partiet vorte meir likt dei andre partia med omsyn til å ha makt, men er framleis eit dominerande parti i norsk politikk.

Partiet var frå første stund eit radikalt sosialistisk parti. Det vart representert på Stortinget første gongen i 1903. Men radikalismen var ikkje til hinder for at Arbeidarpartiet var resultatorientert og arbeidde for saker som til dømes sosialpolitikk og skulebøker til alle elevar.

I 1921 braut eit mindretal ut og danna Norges socialdemokratiske Arbeiderparti. Bakgrunnen for splittinga var at leiinga i Arbeidarpartiet hadde godteke Moskva-tesane til Komintern, den internasjonale kommunistorganisasjonen, styrt av Lenin. Moskva-tesane kravde underordring til Komintern sin politikk, fjerning av reformistar og ei kommunistisk organisasjonsform i arbeidet for revolusjon. I 1923 gjekk Arbeidarpartiet ut av Komintern. Då vart partiet splitta på nytt, no på den venstre flanken, og eit mindretal danna Noregs Kommunistiske Parti.

I 1927 gjekk sosialdemokratane saman med Arbeidarpartiet att. Då gjorde partiet sitt til då beste val og vart det største partiet i landet. Dei sa ja til oppdraget om å danne regjering, med Christopher Hornsrud som sin første statsminister. Regjeringserklæringa var svært radikal og slo fast at partiet arbeidde for ein overgang til sosialismen. Då erklæringa vart lagd fram, vart regjeringa felt av det ikkje-sosialistiske fleirtalet på Stortinget, tolv dagar etter at ho hadde vorte utnemnd.

Etter splittinga i partiet vart det igjen samla i 1927. 1. mai-trykksak frå 1927 med teksten «Samlet til kamp». Eigar av foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, kjelde: Arbeiderpartiet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Etter splittinga i partiet vart det igjen samla i 1927. 1. mai-trykksak frå 1927 med teksten «Samlet til kamp». Eigar av foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, kjelde: Arbeiderpartiet på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. 

Heilt sidan Arbeidarpartiet vart danna, har samarbeidet med fagrørsla vore tett. Det partipolitiske arbeidet på den eine sida og det faglege arbeidet på den andre vart oppfatta som to sider av same klassekampen. I 1930-åra tok ein ny epoke i Arbeidarpartiet si historie til. I staden for å vende ryggen til kapitalistismen og det borgarlege statsapparatet, som det vart kalla, var tanken modna om å ta del i forminga av samfunnet. Visjonen om sosialisme var der framleis, men ei grunnleggjande omforming av samfunnet på kort sikt såg ikkje arbeidarpartipolitikarane på som realistisk.

Med kriseforliket i 1935 danna Arbeidarpartiet igjen regjering, no saman med Bondepartiet. I vissa om dramatiske maktkampar i andre europeiske land vart konfliktane dempa. I 1935 vart òg den første hovudavtalen mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarsida inngått. Avtalen påla fredsplikt i perioden mellom forhandlingane, og han avløyste svært konfliktfylte tiår i arbeidslivet. Kimen til «den norske modellen» var lagd.

Folkemøte på Youngstorget i samband med stortingsvalet i 1936. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. kjelde: Arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Folkemøte på Youngstorget i samband med stortingsvalet i 1936. Foto: Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. kjelde: Arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Historie etter 1945

I etterkrigstida fekk Arbeidarpartiet massiv oppslutning av veljarane og hadde reint fleirtal ved alle vala frå 1945 og fram til 1961. Dette var sosialdemokratiet sin lukkelege periode, og dei nasjonale strategane i partiet forma samfunnsfelt etter samfunnsfelt. Sosialøkonomar og ingeniørar, pedagogar og legar teikna opp og laga planar for det nye samfunnet. Sysselsetjinga heldt seg høg medan det nye samfunnet tok form.

«Arbeidarpartistaten», som historikaren Jens Arup Seip kalla det, hadde eit teknokratisk preg, men den økonomiske framgangen og fellesskapskjensla i landet garanterte stor veljaroppslutning. Arbeidarpartiet var meir begeistra for det offentlege sin ekspansjon enn for den offentlege diskusjonen, påstår idéhistorikaren Rune Slagstad. «Stortinget har vært i politisk eksil mellom Elverum og Kings Bay», var spissformuleringa til Seip. Formuleringa viste til då Stortinget gav regjeringa fullmakter ved krigsutbrotet i 1940, medan Ap-regjeringa vart felt i 1963 etter at rapporten om ei stor ulykke i Kings Bay-gruvene på Svalbard vart lagd fram. I 1965 fekk dei ikkje-sosialistiske partia fleirtal og overtok regjeringsmakta. Frå då av var det slutt på den tida då Arbeidarpartiet vann reint fleirtal i vala.

Under ungdomsopprøret i 1970-åra vart Arbeidarpartiet kritisert av dei unge venstreradikale fordi partiet ikkje tok klarare avstand frå den rolla USA spela i Vietnamkrigen, og fordi partiet som lojal NATO-tilhengar indirekte støtta opp om rustningskappløpet og atomvåpenforsvaret. I 1980-åra var det derimot partiet si rolle som forsvarar av eit tilstivna offentleg byråkrati som hamna under eld, no frå den politiske høgresida.

Frå 1970 og fram til 2013 har Arbeidarpartiet hatt regjeringsmakt to tredelar av tida, frå 2005 til 2013 i ei fleirtalsregjering saman med Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet. Då ikkje-sosialistiske parti hadde regjeringsmakt først i 1980-åra, vart reformer som fornya den offentlege sektoren, mellom anna reformbølgja som har vorte kalla ny offentleg styring, sette i gang. Etter at Arbeidarpartiet igjen kom til makta, førte partiet i hovudsak vidare dette reformarbeidet.

Valkampplakat til fylkestingvalet i 1991 med Akershus Arbeidarparti sine toppkandidatar Rikke Lind og Ragnar Kristoffersen. Plakaten spelar på framsidebildet for suksessfilmen «Pretty Woman» frå 1990. Foto: Arbeiderpartiet, Flickr. CC BY-ND 2.0.

Valkampplakat til fylkestingvalet i 1991 med Akershus Arbeidarparti sine toppkandidatar Rikke Lind og Ragnar Kristoffersen. Plakaten spelar på framsidebildet for suksessfilmen «Pretty Woman» frå 1990. Foto: Arbeiderpartiet, Flickr. CC BY-ND 2.0. 

Før stortingsvalet i 2017 var det klart at Arbeidarpartiet og Senterpartiet ville samarbeide i regjering dersom det vart raudgrønt fleirtal. Om det eventuelt ville verte ei mindretalsregjering eller ei fleirtalsregjering saman med Sosialistisk Venstreparti eller kanskje Kristeleg Folkeparti, var uavklart.

Sentrale politikarar

Fleire av politikarane i Arbeidarpartiet har vore mellom dei viktigaste i landet dei siste hundre åra. I mellomkrigstida var Martin Tranmæl i sine mange maktposisjonar i partiet den reelle leiaren i Arbeidarpartiet. Han var ein eineståande agitator og var i første halvdel av det 20. hundreåret med på å forme partiet si revolusjonære linje. Men han vart til liks med den politiske utviklinga i partiet elles meir moderat etter kvart som arbeidarrørsla vart integrert i det politiske systemet.

Einar Gerhardsen var med to avbrot statsminister i partiet sin samfunnsformande periode, frå 1945 til 1965. Under krigen var han kanskje den viktigaste motstandsmannen, men han lét vere å flykte og vart arrestert i 1941. Han hadde alle odds mot seg, men overlevde fangenskapet. I etterkrigstida vart han landsfaderen som personifiserte den nye fellesskapen.

galleri

Haakon Lie var i dei første tiåra i etterkrigstida den mektige generalsekretæren i partiet. Han var nådelaus anti-kommunist og mobiliserte trufaste partimedlemer til å overvake kommunistisk verksemd på arbeidsplassane.

Gro Harlem Brundtland gav i 1980-åra partiet ein stabil leiarskap, etter ei tid med intern slitasje i leiinga. «Kvinneregjeringa» hennar i 1986, då åtte av 18 medlemer var kvinner, sette ein ny standard for kvinner si deltaking i politikken – og var ein verdssensasjon.

Jens Stoltenberg var i 2005 den første Arbeidarparti-statsministeren som tok med andre parti i regjering. Han var ein samlande leiar for heile landet i tida etter massakren på Utøya 22. juli 2011.

Stoltenberg-regjeringa tapte valet i 2013 og 16. oktober 2013 gjekk regjeringa av. Jens Stoltenberg takka våren 2014 ja til jobben som ny generalsekretær i NATO og gjekk av som partileiar 14. juni same året. Ny partileiar vart vald utan motkandidatar: Jonas Gahr Støre.

Rosemarkering i Oslo 25. juli 2011 etter massakren på Utøya 22. juli. Foto: Arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Rosemarkering i Oslo 25. juli 2011 etter massakren på Utøya 22. juli. Foto: Arbeiderpartiet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Veljarprofil og organisasjon

Arbeidarpartiet har vore det største partiet i Noreg ved alle stortingsvala, kommunestyrevala og fylkestingsvala etter 1945. Ved stortingsvalet i 2013 fekk partiet 874 769 røyster, det vil seie 30,8 prosent av røystene. Det gav partiet 55 stortingsmandat, eitt av desse var utjamningsmandat. Ingen parti stiller lister i så mange kommunar som Arbeidarpartiet, og i 2015 var det berre i åtte av dei 428 kommunane at Arbeidarpartiet ikkje stilte med ei rein Arbeidarpartiliste. Partiet hadde ved utgangen av 2016 nesten 55 000 medlemer.

Med omsyn til veljarprofil er Arbeidarpartiet på 2000-talet noko overrepresentert i gruppa arbeidarar og offentleg tilsette. Partiet har mindre oppslutning enn den samla veljaroppslutninga tilseier blant sjølvstendig næringsdrivande. Partiet er litt meir populært blant kvinner enn blant menn. Partiet står sterkast langs Oslofjorden og på det indre Austlandet, svakast på Vestlandet.

Landsmøtet, landsstyret, sentralsstyret og arbeidsutvalet, i tillegg til fylkes- og lokallaga, er dei viktigaste organisasjonsledda. Det øvste styringsorganet i Arbeidarpartiet er landsmøtet, som er samla annakvart år. Mellom landsmøta er landsstyret det øvste styringsorganet. Det er sett saman av sentralstyret i partiet, leiinga i fylkespartia og to representantar frå AUF. Kvart fylkesparti skal vere representert med begge kjønn. Ein representant frå Arbeidarpartiet si sametingsgruppe er òg med. Landsstyret møtest to til fire gonger i året. Utanom landsmøtet og landsstyret leier sentralstyret partiet. Sentralstyret har 20 landsmøtevalde medlemer, og det er krav om lik kjønnsrepresentasjon i sentralsstyret.

Arbeidarpartiet har eit tett samarbeid med Landsorganisasjonen (LO), som er den største fagforeiningssamanslutninga i landet. Leiarskapen i LO og Arbeidarpartiet møtest regelmessig i Samarbeidskomiteen, for å drøfte saker og halde oppe det fagleg-politiske samarbeidet. Partiet sin ungdomsorganisasjon er Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF). Fleire av leiarane i AUF har seinare vorte sentrale arbeidarpartipolitikarar.

I 2015 var inntektene til Arbeidarpartiet nesten 248 millionar kroner. 60 prosent av inntektene var offentleg støtte, 19 prosent var frå eiga verksemd og tjue prosent var bidrag frå ulikt hald, inkludert 16 prosent frå arbeidslivsorganisasjonar. I underkant av éin prosent var bidrag frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til partiet før 2013-valet var på 25 millionar kroner, ifølgje ei oversikt.

I Arbeidarpartiet si historie har partiavisa spela ei politisk rolle. Social-Demokraten, skipa i 1886, var det første namnet på hovudavisa til partiet, frå 1923 var namnet Arbeiderbladet. Arbeidarrørsla hadde sine eigne aviser i alle dei større byane. Dei siste tiåra av det 20. hundreåret vart desse avisene mindre bundne til Arbeidarpartiet, og den formelle eigarskapen av Arbeiderbladet tok slutt i 1991. I 1997 skifta Arbeiderbladet namn til Dagsavisen, som i dag er ei sjølvstendig avis, men framleis med ei sosialdemokratisk grunnhaldning.

Då Arbeidarpartiet vart skipa, var namnet Det Forenede norske Arbeiderparti, forkorta til DNA. Frå 1891 heitte partiet Det norske Arbeidarparti. I 2011 vart namnet offisielt det same som partiet oftast vert omtalt som – Arbeidarpartiet.

Kjelder

Frode Berglund, Ingvild S. Reymert og Bernt Aardal: Valgundersøkelse 2009. Dokumentasjonsrapport. Notater 29/2011. Statistisk sentralbyrå, Oslo 2011

Berge Furre: Vårt hundreår. Norsk historie 1905–1990. Oslo 1992

Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013

Francis Sejersted: Norsk idyll? Oslo 2000

Francis Sejersted: Sosialdemokratiets tidsalder. Norge og Sverige i det 20. århundre. Oslo 2005

Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 1998

Jorunn Bjørgum: «Martin Tranmæl», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Martin_Tranm%C3%A6l/utdypning [lesedato 28.7.2013]

«Data om det politiske system», NSD Norsk samfunnsvitskapleg datateneste, nsd.uib.no: http://www.nsd.uib.no/polsys/regjering/ [lesedato 28.7.2013]

«Disse stiller liste til valget», kommunal-rapport.no, 15.8.2015: http://kommunal-rapport.no/kommunevalg-2015/2015/08/disse-stiller-liste-til-valget [lesedato 31.3.2017]

«Finansiering av politiske partier, 2015». Statistisk sentralbyrå, ssb.no: https://www.ssb.no/valg/statistikker/partifin/aar/2016-09-12?fane=tabell&sort=nummer&tabell=276956 [lesedato 19.3.2017]

«Kommunestyre- og fylkestingsvalget, kandidater og representanter, 1. oktober 2015», Statistisk sentralbyrå, publisert 28.1.2016, ssb.no: https://www.ssb.no/kommvalgform/ [lesedato 19.3.2017]

«Landsoversikt Stortingsvalget», Kommunal- og moderniseringsdepartmentet, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/html/kmd/valgresultat/2013/bs5.html [lesedato 19.3.2017]

«Medlemstall. Oversikt over Arbeiderpartiets medlemstall nå og historisk», arbeiderpartiet.no: https://www.arbeiderpartiet.no/om/medlemstall/ [lesedato 31.3.2017]

«Miljøverndepartementet 40 år», regjeringa.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/kampanjer/miljoverndepartementets-40-arsjubileum/aktuelle-artikler-40-arsjubileum/miljoverndepartementet-40-ar.html?id=678688 [lesedato 15.8.2013]

Nettstaden til Arbeidarpartiet: http://arbeiderpartiet.no/ [lesedato 28.7.2013]

Nettstaden til Arbeidernes Ungdomsfylking: http://auf.no/ [lesedato 28.7.2013]

Nettstaden til Landsorganisasjonen: http://www.lo.no/ [lesedato 15.8.2013]

«Nøkkeltall for valg». Statistisk sentralbyrå, ssb.no, 17.6. 2016: https://www.ssb.no/valg/nokkeltall/valg [lesedato 31.3. 2017]

Finn Olstad: «Einar Gerhardsen», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Einar_Gerhardsen/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Solveig Ruud og Karen Tjernshaugen: «Ap dropper å slå fast at partiet er for EU», aftenposten.no 6.2 2017: http://www.aftenposten.no/norge/politikk/Ap-dropper-a-sla-fast-at-partiet-er-for-EU-614607b.html [lesedato 31.3. 2017]

Rune Slagstad: «Stortinget – politikkens sentrum?» Foredrag ved Stortingets seminarserie om nasjon og folkestyre, «Grunnloven og deg». Lagtingssalen 21. mai 2012: http://www.stortinget.no/Global/pdf/Grunnlovsjubileet/Slagstad.pdf [lesedato 28.7.2013]

Torstein Tranøy: «Styrker båndene mellom LO og Ap», dn.no, oppdatert 4.6.2003: http://www.dn.no/arkiv/article37991.ece [lesedato 15.8.2013]

Knut Are Tvedt og Edvard Bull: «Arbeiderpartiet», Store norske leksikon, snl.no: http://snl.no/Arbeiderpartiet [lesedato 28.7.2013]

Peikarar

Nettstaden til Arbeidarpartiet 

Arbeidarpartiet sitt partiprogram 2017–21 

Først publisert: 19.08.2013
Sist oppdatert: 01.08.2017