Hopp til innhold
Logoen til Høgre.
Logoen til Høgre.
X
Innhald

Høgre

Høgre, norsk politisk parti, stifta i 1884. Høgre har i lang tid vore det dominerande partiet på ikkje-sosialistisk side i norsk politikk og sit i regjering.

Høgre er det nest eldste politiske partiet i Noreg og har heile tida vore det store konservative partiet. I tida rundt skipinga var Høgre motstandar av fleire av dei sentrale reformene som forma det politiske systemet vårt. Etter at slaga var tapte, aksepterte partiet dei nye spelereglane og arbeidde vidare under dei nye demokratiske rammene.
I dag har partiet ein moderat politisk profil. Høgre ligg nærmare sentrum i politikken enn mange av dei konservative søsterpartia elles i Europa. Høgre utgjer tyngdepunktet som sameinar dei ikkje-sosialistiske partia i Noreg.

Valet 2013
Ved stortingsvalet i 2013 gjorde Høgre eit sterkt val og gjekk fram 9,6 prosent, samanlikna med stortingsvalet i 2009. Partiet enda på 26,8 prosent. Det gjorde Høgre til det nest største partiet på Stortinget med 48 mandat, heile 18 mandat fleire enn ved førre val. Erna Solberg vart med dette ny statsminister.
Solberg håpte å bli statsminister i ei firepartiregjering, men det lukkast ikkje ved regjeringsforhandllingane etter valet. Det blei i staden ei mindretalsregjering av Høgre og Frp, men med ein omfattande samarbeidsavtale med KrF og Venstre som ein parlamentarisk basis for regjeringa. I avtalen er det òg ein klausul om at KrF og Venstre kan kome inn i regjeringa i denne stortingsperioden når dei måtte ønskje det.
(Artikkelen held fram under videoen)
 

NRK Skole: «Høyre vant valget i 2013»

Emil Stang. Foto: Statsministerens kontor.
Under høgrebølgja først i 1980-åra vann Høgre innpass hos nye veljargrupper. Partiet fekk ein breiare folkeleg appell. Viktige saker er valfridom, skulepolitikk, med tydelege krav til elevar og lærarar, og modernisering av offentleg sektor.

Den første leiaren for partiet var Emil Stang. I tillegg til Stang har mellom anna C.J. Hambro og Kåre Willoch vore sentrale politikarar i norsk historie. Ved inngangen til 2013 hadde partiet 32 061 medlemer. Høgre har vore representert på Stortinget i alle stortingsperiodane etter at partiet vart skipa, og hadde i perioden 2011–15 119 ordførarar i norske kommunar. Det har vore åtte statsministrar frå Høgre i norsk politisk historie, og etter dei første partidanningane i 1884 har det i til saman 39 av åra fram til 2013 vore ein statsminister frå Høgre.
Politikk og ideologi
Høgre vil at borgarane skal ha større valfridom. På skulane og i familiepolitikken må foreldra sjølve kunne velje løysingane for barna, utan statleg innblanding, hevdar høgrepolitikarane. I helsetenesta og eldreomsorga skal brukarane av tenestene kunne velje mellom ulike tilbydarar, som i regelen er finansierte av skattepengar. Dermed kan ein oppnå fleire ting på same tid. Borgaren står sterkare i møtet med tenesteytarane. Det offentlege vil verte meir effektivt. Meir konkurranse vil dessutan auke kvaliteten på tenestene.
Ein slank og effektiv offentleg sektor er viktig for Høgre. Tankegangen er at det alltid er ein risiko for at staten vert for stor og dyr. I staden for å løyse problem kan staten skape problem. For mykje regulering av næringslivet og for høgt skattetrykk kan hindre nyetableringar. Staten må difor haldast på ei armlengds avstand både andsynes næringsliv og med omsyn til privatlivet til borgarane. Lågare skattar gir folk meir fridom i form av å ha meir pengar dei kan bruke. Med lågare skattetrykk får samstundes næringslivet meir att for å satse.
I skulepolitikken har Høgre framheva at kunnskap må stå i sentrum, og at andre omsyn stundom har fått for mykje å seie i den norske skulen. Høgre har ønskt å leggje til rette for fleire private skular, men det har heile tida vore ut frå ei forståing av at den offentlege skulen skal ha ei nøkkelrolle. Dei private skulane kan vere eit verdifullt tilskot som kan tilføre nye idear. Dessutan kan mangfaldet og valfridomen for borgarane auke på denne måten. Høgre har gått i bresjen for fleire kunnskapstestar i skulen. Meir innsikt i kvalitetsnivået i skulane er vurdert som ein føresetnad for å få betre skular.
I utanrikspolitikken har Høgre vore ein lojal støttespelar for USA. Partiet er for NATO og har vore det partiet som har vore klarast på ja-sida i EU-spørsmålet.
Den verdikonservative tradisjonen står svakare i Høgre i dag enn for nokre tiår sidan. Dette viser seg mellom anna i språkpolitikken. Partiet er for jamstilling mellom nynorsk og bokmål, men er imot ei rekkje av dei tiltaka som tener til å fremje ei slik jamstilling. Høgre tok i 2001 til orde for å oppheve den språklege tilnærmingspolitikken mellom bokmål og nynorsk, og heile Stortinget slutta seg til dette året etter. Både i 2005 og 2013 gjekk Høgre til val på å endre lova om målbruk i offentleg teneste slik at offentlege tilsette alltid kan bruke det språket dei sjølve ønskjer. Partiet har sidan 1997 meint at skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål skal vere frivillig i den vidaregåande skulen, frå 2005 også i ungdomsskulen. Som eitt av få parti har Høgre i seinare tid publisert arbeidsprogrammet sitt på både nynorsk og bokmål. Av dei ni prosentane av veljarane som i 2009 svarte at dei bruker nynorsk, er Høgre også ved dette valet noko underrepresentert blant nynorskbrukarane. Tilsvarande er partiet overrepresentert blant bokmålsbrukarane.
Høgre sin politikk rommar ulike spenningsforhold. Eitt av dei har vore spenninga mellom ei tradisjonsbunden og statstru haldning og ei konstitusjonelt opplyst og rettstatsmedviten haldning. Ei liknande spenning har det vore mellom dei næringslivsvenlege og dei som kan kallast verdikonservative. Verdikonservativisme kan forståast både som det å framheve omsorgsverdiar i ei tid med mange endringar, og som det å vere tradisjonsbunden. Det er den første tydinga det vert sikta til her. Dei næringslivsvenlege i Høgre har lagt vekt på friare spelerom for bedriftene og mindre statleg regulering. Dei verdikonservative har på si side understreka det sosiale ansvaret og har vore opptekne av naturvern.
Spenningsforholda i Høgre kan sjåast i samanheng med at konservatismen og liberalismen møtest i Høgre sin politikk. Konservatismen og liberalismen utgjer to sentrale straumdrag i den politiske idéhistoria i Vesten. Den konservative tanketradisjonen understrekar verdien av danning og tradisjon. Grunnhaldninga til dei konservative er å åtvare mot for raske endringar. Dei liberale ideane forsvarer einskildindividet sin fridom og eit sterkt rettsstatleg vern av borgarar og næringsliv. I ein høgreliberal variant møtest liberalismen og konservatismen i ein skepsis mot statleg regulering og oppfatninga av at eit omfangsrikt og ineffektivt byråkrati både kan hindre økonomisk framgang og stundom innebere overtramp mot einskildmennesket. Men det finst òg eit spenningsforhold mellom konservativisme og liberalisme. I Høgre vart det til dømes reflektert i diskusjonen om kriteria for abort etter den 12. svangerskapsveka. Dei liberale meinte at valfridomen til kvinna måtte vege tyngst. Eit anna døme var diskusjonen om datalagringsdirektivet. Då vart eit tradisjonelt konservativt forsvar for at politiet treng nye reiskapar i kampen mot kriminalitet, broten mot det liberale omsynet til einskildindividet sin fridom og frykta for eit overvakingssamfunn.
Fridom, fellesskap og tryggleik er dei viktigaste verdiane til partiet. Staten har ei tvitydig rolle. På den eine sida er den nasjonale fellesskapen og dei offentlege fellesordningane viktige for å sikre tryggleiken til borgarane. Men staten trugar òg fridomen til einskildmennesket. Og når Høgre slår ring om fellesskapen, er det like gjerne familien og frivillige samanslutningar ein siktar til, som den politisk organiserte fellesskapen. Den politiske fellesskapen er viktig, men dersom den offentlege politikken vert for omfangsrik, kan han svekkje familien og frivillige fellesskapar ved å tømme dei siste for oppgåver. I neste omgang kan det føre til mindre ansvarsfulle individ.
Historie
Ifølgje idéhistorikaren Rune Slagstad hadde Høgre si stordomstid under Fredrik Stang og Anton Martin Schweigaard – før partiet vart fødd. Høgre kom seg aldri heilt etter nedkomsten, hevdar han. Schweigaard og Stang var dei viktigaste konservative leiarane i norsk politikk etter 1814, og dei var imot å danne eit politisk parti. Det var først etter skipinga av Venstre vinteren 1884 at ein konservativ partiorganisasjon vart danna. Høgre vart stifta 25. august 1884 i Trondheim. Emil Stang, den første leiaren, spela ei viktig rolle i norsk historie ved å tilpasse Høgre til det nye demokratiske styringssystemet.
Høgre tapte først striden om parlamentarisme, som dei var imot i 1884, deretter hamna partiet på sidelinja i unionsstriden, medan det var andre som synte handlekraft. I dei første åra etter hundreårsskiftet var politikarar på høgresida ofte mest opptekne av å demme opp mot det dei såg på som trugsmål mot samfunnsstabiliteten frå sosialistane og dei radikale delane av Venstre.
Målsaka vart eit heitt politisk tema, og Høgre vart riksmålspartiet. Men på Vestlandet var mange Høgre-bønder samde med målrørsla. Fram til slutten av 1920-åra veksla Høgre med Venstre om å vere det største partiet i Noreg, men Høgre spela andrefiolin.
Det parlamentariske arbeidet var prega av sakene som Høgre og Venstre var usamde om, mellom anna budsjettkontroll og forbod mot alkohol, medan dei to partia stod saman om brennbare arbeidslivssaker, som hamna i den parlamentariske skuggen i og med at eit revolusjonært Arbeidarparti dukka opp. Høgreradikale, nasjonalistiske grupperingar kravde at Høgre tok sterkare middel i bruk mot sosialistane, men fleirtalet i Høgre avviste dei og stod fast på liberale konstitusjonelle prinsipp.
Då Arbeidarpartiet hadde reint fleirtal i perioden frå 1945 til 1961, var Høgre det klart største opposisjonspartiet. Men opposisjonspartia utgjorde ikkje nokon samla front. Høgre hadde likevel ei rolle som ei modererande kraft som vakta konstitusjonelle prinsipp. Eit døme på det var striden om fullmaktslovene og ei rasjonaliseringslov. Framlegga kunne ha innebore at regjeringa og forvaltninga på permanent basis fekk overført meir makt frå Stortinget. Arbeidarpartiet kom då til slutt Høgre i møte.
I 1970-åra var oppslutninga om Høgre med på å bremse opp for ei venstredreiing av samfunnet. Historikaren Francis Sejersted har peika på at sosialdemokratiet og høgresida held kvarandre i balanse ved å korrigere motpolen dersom svinginga ut mot den eine politiske retninga vert for sterk. Først i 1980-åra, under statsminister Kåre Willoch, vart det norske samfunnet på fleire område liberalisert. Til dømes vart strenge lukkingsvedtekter mjuka opp, bustadmarknaden de-regulert og NRK-monopolet oppheva.
Denne perioden har vorte kalla høgrebølgja, fordi veljaroppslutnaden om Høgre steig raskt, og fordi framgangen også var klar i område der partiet tidlegare hadde stått svakt. Forklaringa på veksten for Høgre kan kanskje finnast i ein annan samfunnsmentalitet, der dei som voks opp etter det anti-autoritære opprøret i slutten av 1960-åra, var vane med velferdsstaten og var prega av ein anti-autoritær kultur. Dei lét seg mobilisere av eit parti som var anti-byråkratisk, og som hadde brodd mot tilstivna sosialdemokratisk politikk.
Ei anna forklaring er strukturell: Motkulturane var svekte, og røysting på bakgrunn av klasse var mindre utbreidd i 1970- og 80-åra enn tidlegare i etterkrigstida. Høgre vann innpass i dei motkulturelle kjerneområda på Sør-Vestlandet. I etterkrigstida hadde Høgre vore mindre enn mellompartia samla. Frå og med høgrebølgja var Høgre saman med det nye Framstegspartiet alltid større i val enn mellompartia samla, med unntak av det spesielle valet i 1993, før EU-avrøystinga.
Sentrale politikarar
Historisk har fleire av Høgre sine politikarar primært vore sentrale opposisjonspolitikarar. Emil Stang, den første leiaren, bidrog til at Høgre godtok den nye parlamentariske statsskikken partiet hadde vore imot. Den nye demokratiske styreforma stod dermed på fastare grunn.
C.J. Hambro var ein uredd og handlekraftig politikar, som påverka utfallet på viktige tidspunkt i norsk historie. Som stortingspresident då Tyskland gjekk til angrep på Noreg 9. april 1940, sytte Hambro for at regjeringa ikkje gjekk av, men fekk fullmakt til å leie landet i eksil, utan eit oppløyst Storting. Etter krigen stod han kompromisslaust og med stor gjennomslagskraft på dei konstitusjonelle prinsippa.
John Lyng var ein av dei viktigaste politikarene på ikkje-sosialistisk side i tiåra etter 1945. Den rettsstatlege argumentasjonen hans var med og modererte Arbeidarpartiet, som i åra etter den andre verdskrigen ville at deira styringsapparat skulle ha vide fullmakter for å regulere næringslivet. Lyng var ei samlande kraft for dei ikkje-sosialistiske partia, og i 1963 lukkast omsider arbeidet hans for å skape eit alternativ til Arbeidarpartiet. I ein kort periode leidde han då den første regjeringa i etterkrigstida som ikkje kom frå Arbeidarpartiet. Avbrekket i Arbeidarpartiet si regjeringsmakt var med på å danne grunnlaget for den påfølgjande valsigeren til dei ikkje-sosialistiske partia i 1965.
Kåre Willoch. Foto: Statsministerens kontor.
Kåre Willoch. Foto: Statsministerens kontor.

Kåre Willoch har sett sitt preg på det norske samfunnet som ein uvanleg klarsynt politikar, særs nøyaktig i argumentasjonen. Han var den pregnante statsministeren då Høgre hadde regjeringsmakt i første halvdel av 1980-åra. Under Willoch vart Noreg eit opnare samfunn. Dei temperamentsfulle duellane hans med Gro Harlem Brundtland frå Arbeidarpartiet – Gro og Kåre-debattane – har gått inn i historia. Etter at han trekte seg tilbake som politikar, kom ei forsonleg og venleg side meir fram. Han vart populær som aldri før, no også blant tidlegare politiske motstandarar. Han har engasjert seg i miljøkampen og for rettane til palestinarane. Jamvel om han på desse områda meiner at politikarane har svikta, har han alltid følgt hovudlinjene i Høgre sin politikk.
Som utdanningsminister frå 2001–2005 dreiv Kristin Clemet igjennom Høgres skulepolitikk, med vekt på valfridom og med tydelege kvalitetskrav. Erna Solberg vart partileiar i 2004. Etter først å ha kjempa i motbakke som leiar, har ho som ein hardtarbeidande og tillitsvekkjande politikar vorte eit samlande punkt på ikkje-sosialistisk side.
Veljarprofil og organisasjon
Når det gjeld veljarprofil, er Høgre på 2000-talet underrepresentert i gruppa arbeidarar og offentleg tilsette, og klart overrepresentert blant funksjonærar i privat sektor. Partiet står litt sterkare blant menn enn blant kvinner. Oppslutninga er mykje større blant dei med høg utdaning og inntekt enn blant dei med lågare utdanning og inntekt. Den sterkaste regionen til partiet er langs Oslofjorden, og den svakaste er Nord-Noreg. Partiet har klart sterkare oppslutning i byane enn i spreiddbygde strøk.
Dei viktigaste ledda i partiorganisasjonen er landsmøtet, sentralstyret, arbeidsutvalet, fylkesorganisasjonane og lokalforeiningane. Landsmøtet er det øvste styringsorganet i Høgre og er samla kvart år. Mellom landsmøta er sentralsstyret det øvste styringsorganet. Sentralstyret er sett saman av partileiaren og to nestleiarar, leiarane for Høgres kvinneforum, Senior Høgres Landsforbund, Unge Høgre og Høgres Studentforbund, fylkesleiarane og fire landsmøtevalde medlemer, i tillegg til leiaren og nestleiaren for stortingsgruppa og leiaren og nestleiaren for regjeringsgruppa.
Tenketanken Civita og tidsskriftet Minerva har skribentar og politikarar som står nær Høgre politisk. Ungdomsorganisasjonen er Unge Høgre.
I 2011 var Høgre sine inntekter 119 millionar kroner. 68 prosent av inntektene var offentleg støtte, 23 prosent kom frå eiga verksemd, seks prosent fekk Høgre frå kommersielle føretak og tre prosent var bidrag frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til partiet før 2013-valet var på 23 millionar kroner, ifølgje ei oversikt.
Avisa Aftenposten vart stifta før partiet Høgre. Avisa var fram til bindingane mellom parti og aviser løyste seg opp i 1980-åra, ei klar Høgre-avis.
Då Høgre vart skipa, var namnet De Conservative Foreningers Centralstyre. Frå 1913 har namnet vore Høgre. I 1903 danna Moderate Venstre, Det liberale parti og grupperinga som var Høgre, eit valforbund. Valforbundet heitte Samlingspartiet, og det vart eit sjølvstendig parti i 1906. I 1909 vart Samlingspartiet lagt ned og avløyst av Høgre og Frisinnede Venstre.
Kjelder
Hallvard Nordås, telefonsamtale 8.7.2013
Hilmar Rommetvedt, telefonsamtale 15.8.2013
Frode Berglund, Ingvild S. Reymert og Bernt Aardal. Valgundersøkelse 2009. Dokumentasjonsrapport. Notater 29/2011. Statistisk sentralbyrå, Oslo 2011
Berge Furre: Vårt hundreår. Norsk historie 1905–1990. Oslo 1992
Hallvard Notaker: Høyres historie 1975–2005. Opprør og moderasjon. Oslo 2012
Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013
Francis Sejersted: Norsk idyll? Oslo 2000
Francis Sejersted: Sosialdemokratiets tidsalder. Norge og Sverige i det 20. århundre. Oslo 2005
Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 1998
«Kommunestyre- og fylkestingsvalget, formannskaps- og ordførervalg, 2011». Statistisk sentralbyrå, publisert 19.12.2011: https://www.ssb.no/kommvalgform/ [lesedato 28.7.2013]
Lars Roar Langslet: «John Lyng», Norsk biografisk leksikon, Store norske leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/John_Lyng/utdypning [lesedato 28.7.2013]
Nettstaden til Høgre: https://www.hoyre.no/ [lesedato 28.7.2013]
NSD Norsk samfunnsvitenskaplig datatjeneste. Data om det politiske system: http://www.nsd.uib.no/polsys/regjering/ [lesedato 28.7.2013]
«Partifinansiering, etter inntektskilde og parti. 2011». Statistisk sentralbyrå, ssb.no: http://www.ssb.no/a/kortnavn/partifin/tab-2012-09-06-01.html [lesedato 28.7.2013]
Renold Tennysen Christopher og Marita Skeie: «– Hareide er en medlemsmagnet» og «Medlemstall politiske partier 2011 og 2012». NRK Hordaland, publisert 7.3.2013: http://www.nrk.no/hordaland/medlemmene-svikter-frp-1.10939144 [lesedato 28.7.2013]
Paul Thyness: «C.J. Hambro», Norsk biografisk leksikon, Store norske leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/C_J_Hambro/utdypning [lesedato 28.7.2013]
Paul Thyness: «Emil Stang», Norsk biografisk leksikon, Store norske leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Emil_Stang/utdypning_%E2%80%93_2 [lesedato 28.7.2013]
Knut Are Tvedt og Hallvard Notaker: «Høyre», Store norske leksikon, snl.no: http://snl.no/H%C3%B8yre [lesedato 28.7.2013]
NRK valg: «Valgresultat»:  http://valg.nrk.no/valg2013/valgresultat [lesedato 10.9.2013]
Peikarar

Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 09.03.2017