Hopp til innhold

Miljøpartiet Dei Grøne

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), norsk politisk parti, stifta i 1988. Partiet er ein utfordrar for dei etablerte partia, særleg på miljøområdet.

Miljøpartiet Dei Grøne vart til etter at miljøvernarar med bakgrunn i «Framtiden i våre hender», inspirerte av nye grøne parti i mellom anna Danmark, Sverige og Tyskland, ville ha ei ny partidanning i Noreg òg. Den første leiaren for partiet, eller talspersonen som partiet kallar det, var Ove Braaten.

MDG arbeider for at omsynet til miljøet skal vere gjennomgripande og gjelde på alle samfunnsområde, til dømes i samferdselspolitikken og i landbruket. Partiet avviser at økonomien må vere basert på vekst. MDG vil stille seg nøytral til partiblokkene.

Partiet fekk sin første stortingsrepresentant ved valet i 2013, då Rasmus Hansson frå Oslo vart vald inn. Hansson har bakgrunn i miljøorganisasjonen World Wide Fund for Nature (WWF).

Rasmus Hansson og Une Aina Bastholm er nasjonale talspersonar. Hansson er førstekandidat for Dei Grøne i Akershus og Bastholm i Oslo ved valet i 2017.

Ved inngangen til 2016 hadde Miljøpartiet Dei Grøne 8432 medlemer. Partiet fekk eit gjennombrot i lokalpolitikken ved 2011-valet, då MDG vart representert i alle dei største byane, og partiet fekk sin første representant på Stortinget to år etter. Etter lokalvalet i 2015 vart MDG ein del av byrådet i Oslo, og i Trondheim fekk partiet varaordføraren.

Politikken til Miljøpartiet Dei Grøne

Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer ei meir omfattande samfunnsendring i grøn retning enn dei andre partia. Politikarane i MDG er til liks med politikarar i andre miljøparti opptekne av dei klassiske naturvernsakene og av å stogge klimaendringane. Partiet vil ha eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Det som særmerkjer MDG, er at den grøne profilen skal gjelde på alle samfunnsområde. Finansdepartementet skal erstattast av eit berekraftsdepartement. Olje- og energidepartementet vil partiet erstatte med eit Klima- og energidepartement som legg vekt på fornybar energiproduksjon, og partiet avviser økonomisk vekst som eit eigna mål for velferdsnivået. I landbrukspolitikken vil partiet ha høgare nasjonal sjølvforsyning og overgang til ein økologisk produksjonsmåte.

Demonstrasjon i 2013 mot boring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Foto: Monica Løvdahl, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Demonstrasjon i 2013 mot boring i Lofoten, Vesterålen og Senja. Foto: Monica Løvdahl, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Partiet vil òg lyfte fram nye typar av politiske saker. Tilgang til Internett vert sett på som ein menneskerett. Internett er ein allmenning der folk har fridomsrettar. Borgarrettane er òg digitale rettar som inneber rett til kunnskap, ytringsfridom og deling. Dyrevelferd er ei anna viktig sak for Miljøpartiet Dei Grøne.

Partiet er på den eine sida likt partia på venstresida ved at MDG opnar for sterk statleg regulering av økonomien. Partiet går til dømes på same måten som fagrørsla imot ei liberalisering av arbeidsmiljølova for å gjere det enklare å tilsetje vikarar. På den andre sida er partiet, i motsetnad til dei tradisjonelle venstrepartia, mindre oppteke av om det er det offentlege eller private som utfører tenester. MDG har eit positivt syn på private skular, og partiet vil avvikle sexkjøpslova. Partiet var tidleg ute med å vilje avkriminalisere narkotikabruk.

Før stortingsvalet i 2013 slo leiande politikarar i MDG fast at dei ikkje ville binde seg til nokon av blokkene før valet, men stå fritt til å samarbeide med dei partia eller partigruppene som klarast gjekk inn for ein grøn politikk. Etter lokalvalet i 2015 har MDG gått inn i eit fleirtalssamarbeid med parti på venstresida i Oslo og Trondheim.

I samband med stortingsvalet i 2013 har Miljøpartiet Dei Grøne utvikla ein meir heildekkjande politikk, som òg inkluderer eit ambisiøst språkpolitisk kapittel. Partiet meiner at nynorsk og bokmål «må dyrkes og vernes, både i skolen og i det offentlige rom» (arbeidsprogrammet 2013–17). MDG meiner at det å få fram det språklege mangfaldet og reell jamstilling handlar om bruk av verkemiddel, ikkje berre om økonomiske tiltak. Partiet vil at innvandrarar i nynorskkommunar skal få norskopplæringa si på nynorsk, at lova om målbruk i offentleg teneste skal handhevast, og at elevane skal få opplæring i både nynorsk og bokmål alt i barneskulen. MDG vil at retten til læremiddel på eige hovudmål skal verte reell.

I fleire andre europeiske land har søsterpartia til MDG hatt stor veljarsuksess, særleg der det ikkje alt var etablert klare miljøparti med «sakseigarskap» til miljøsaka då det nye grøne miljøpartiet kom til. I Finland, Belgia, Frankrike, Irland og Tyskland har dei grøne partia sete i regjering. Ved 2010-valet i Sverige fekk Miljöpartiet de gröna 7,3 prosent av røystene, medan Die Grünen i Tyskland i 2009 gjorde det beste valet nokon gong og fekk 10,7 prosent av røystene ved valet på nasjonalforsamling (Forbundsdagen).

Die Grünen i Tyskland under ein demonstrasjon i 2009. Foto: BÜNDNIS 90/DIE GRÜNEN, Flickr.com CC BY 2.0.

Die Grünen i Tyskland under ein demonstrasjon i 2009. Foto: BÜNDNIS 90/DIE GRÜNEN, Flickr.com CC BY 2.0.

Ideologi

Når det gjeld ideologi, går eit hovudskilje i grøn politisk tenking mellom dei moderate, som vil byggje vidare på det rådande systemet, og dei radikale, som vil ha grunnleggjande endringar og fremje ei heilt ny tenking om relasjonen mellom menneske og miljø.

På den eine sida hevdar dei som vil ha ein moderat og reformvenleg miljøpolitikk, at samfunnet må gjerast berekraftig, men mennesket må framleis kunne nytte naturen med eit primært mål om å sikre menneskeslekta stadig betre livsvilkår. Mennesket står i sentrum.

I motsetnad til eit slikt antroposentrisk startpunkt, med mennesket i sentrum, plasserer den radikale, ikkje-antroposentriske tenkinga mennesket på lik linje med andre livsformer. Levande vesen har verdi uavhengig av nytten for menneska. Naturen må vernast mot unødvendige inngrep. Politikken skal ikkje berre målast etter om han tener mennesket og sikrar berekraft, men etter korleis han er for heile det økologiske systemet, utan at mennesket står i sentrum. Den siste tankegangen vert kalla djupøkologi. Det var den norske filosofen Arne Næss som grunnla djupøkologien. I tillegg til djupøkologien er MDG òg inspirert av andre og meir moderate former for økofilosofi.

Moderat antroposentrisk tenking kontra radikal, ikkje-antroposentrisk tenking skaper eit spenningsforhold i miljørørsla og i MDG. Ei delvis parallell spenning i MDG og dei grøne partia i Europa går mellom dei som ivrar mest for fundamentale endringar, og dei som er meir pragmatiske.

Ein annan type stridsspørsmål, som førte til heftig strid i dei europeiske grøne partia, gjaldt organisasjon vel så mykje som politikk. Ei gruppering, i Tyskland kjend som «Fundis», som er ei forkorting av «fundamentalistane», gjekk inn for mest mogleg grasrotdemokrati og minst mogleg styring ovanfrå. Den andre grupperinga, «Realos» – «realistane», gjekk inn for at dei grøne partia i større grad skulle vere organiserte etter same malen som andre parti. I Tyskland vann dei siste fram, etter eit katastrofeval for partiet i 1990. I 20-årsperioden etterpå har Die Grünen vore ein maktfaktor i tysk politikk, med ei veljaroppslutning på mellom 5 og 10 prosent ved vala.

Eit innslag av partiorganisering som er meir i tråd med tanken om grasrotdemokrati hos det norske Miljøpartiet Dei Grøne, er at MDG til skilnad frå dei andre norske partia har ein talsmann og ei talskvinne. Det er dei som skal fronte politikken, i staden for ein leiar og ein eller fleire nestleiarar.

Verdiane til Miljøpartiet Dei Grøne er ein kombinasjon av mangfald og fellesskap. På den eine sida er ein i MDG liberale ved å krevje toleranse for kulturelle minoritetar, på den andre sida ønskjer partiet å fremje ein bestemt livsstil, som harmonerer med økofilosofisk tenking.

Historie

Miljøpartiet Dei Grøne vart stifta 29. oktober 1988 på Rondetunet turistgård i Rondane. Ove Braaten var den første leiaren, eller talspersonen. Han vart vald på det første landsmøtet, som vart halde i Bø i 1989. Braaten hadde vore sentral i prosessen før partidanninga. Som medlem av Arbeidarpartiet hadde han arbeidd for ideane til Erik Damman og naturvernarane i Framtiden i våre hender (FIVH) internt i Arbeidarpartiet, men han vann ikkje fram. Haldninga til FIVH var at medlemene burde arbeide internt i dei partia dei var medlemer av, i staden for at FIVH skulle verte eit eige parti. Då Braaten i desember 1984 føreslo å skipe eit nytt parti i eit innlegg i Folkevett, magasinet til FIVH, synte det seg at fleire var interesserte i ei slik partidanning.

Initiativtakarane var inspirerte av stiftinga av liknande parti i Sverige og Danmark og ikkje minst i dåverande Vest-Tyskland, der Die Grünen alt var etablert som eit viktig parti i Forbundsdagen. Dei norske partistiftarane studerte programmet til det framtidige tyske søsterparti sitt nøye. Det vart arrangert ein møteserie i gamle Ullevål kino der meiningsfellar, mange alt aktive i miljø- og fredsrørsla, var samla, og partiet sin politikk vart meisla ut. Mellom inspiratorane og deltakarane i den politiske prosessen var økofilosofane Arne Næss og Sigmund Kvaløy Setreng og fredsforskaren Johan Galtung. I arbeidet med partiprogrammet var særleg spørsmålet om NATO vanskeleg å kome til semje om.

Johan Galtung på Årvoll gård under eit arrangement i regi av MDG mfl. i 2011. Til høgre: Elray Henriksen frå  Groruddalen MDG. Foto: Magnus Henriksen, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Johan Galtung på Årvoll gård under eit arrangement i regi av MDG mfl. i 2011. Til høgre: Elray Henriksen frå  Groruddalen MDG. Foto: Magnus Henriksen, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Partiet hadde ved den nasjonale samlinga allereie lokalpolitisk representasjon i nokre byar, og i 1989, ved det første stortingsvalet partiet deltok i, fekk MDG 0,4 prosent av røystene. I seinare val har partiet vore ganske langt unna å heve prosenten med omsyn til veljaroppslutning, men partiet fekk eit markert oppsving ved lokalvalet i 2011. Då fekk partiet 1,4 prosent av røystene og representasjon i alle dei store byane. Dei nesten 22 000 røystene MDG fekk ved lokalvalet i 2011, var fleire enn ved dei fire føregåande lokalvala til saman. Ved vala frå 1991 til 2009 hadde Miljøpartiet Dei Grøne mellom seks og åtte kommunestyrepolitikarar ved kvart val. I 2011 vart 18 valde inn. At partiet fekk meir vind i segla, synte seg òg i medlemstalet, som vart dobla frå 2011 til 2013. Frå 2012 til 2016 vart talet på medlemer tredobla. Før stortingsvalet i 2013 tydde ei rekkje meiningsmålingar på at partiet låg godt an til å verte representert på Stortinget for første gong.

MDG enda på ein oppslutnad på 2, 8 prosent, noko som gav eitt mandat på Stortinget. Rasmus Hansson vart partiet sin første stortingsrepresentant. På meiningsmålingane før stortingsvalet i 2017 låg Miljøpartiet Dei Grøne jamt under sperregrensa. Partiet hadde høgare oppslutning i dei største byane, men låg stort sett under tre prosent på det nasjonale gjennomsnittet.

Rasmus Hansson. Foto: Monica Løvdahl, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Rasmus Hansson, MDG sin første stortingsrepresentant. Foto: Monica Løvdahl, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Det kan vere fleire grunnar til at Miljøpartiet Dei Grøne opplevde framgang frå tida rundt 2011. På den eine sida vart rommet for eit nytt miljøparti større fordi det eine av dei partia som vert rekna som mest miljøvenlege i Noreg, SV, måtte inngå kompromiss som regjeringsdeltakar. SV vart då ofte kritisert av miljøvernorganisasjonane. På den andre sida garanterte det andre etablerte miljøpartiet, Venstre, for ei regjering med Framstegspartiet, eit parti som står svært langt frå miljørørsla.

Ein annan grunn til oppsvinget i 2011–13 kan vere målvite politisk og organisatorisk arbeid internt i Miljøpartiet Dei Grøne. Ikkje berre vart den politiske profilen oppdatert, men det vart òg gjort eit organisatorisk fornyingsarbeid etter at nye personar kom inn i leiinga nokre år tidlegare. Partiet vart likare dei andre partia organisatorisk. Dessutan fekk partiet auka truverde og medieeksponering då folk som hadde markert seg på ulike felt i den offentlege debatten, vart stortingskandidatar for partiet.

Miljøpartiet Dei Grøne sin veljarappell er sårbar, sidan partiet berre i liten grad markerer seg i andre saker enn miljøsaka. Partiet hadde ingen nasjonal framgang på målingane i perioden 2013–17. Derimot hadde Miljøpartiet Dei Grøne gjort gode val i alle dei store byane ved lokalvalet i 2015. Mellom anna fekk partiet over åtte prosent av røystene i Oslo. I Oslo vart MDG ein del av byrådet og fekk byråden for samferdsel og miljø, som ein av partiet sine to byrådar. Oslo vart ein test for partiet sin politikk i praksis, og MDG lanserte mellom anna bilfritt sentrum og forbod mot dieselbilar på særleg forureiningsutsette dagar om vinteren. Andre politikarar og media sette eit kritisk søkjelys på partiet, men alt i alt var Oslo eit godt utstillingsvindauge for politikken til partiet. MDG heldt stand på meiningsmålingane i dei store byane.

Valvake i Oslo under valet i 2015. Rasmus Hansson og Lan Marie Nguyen Berg. Foto: CF-Wesenberg, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Valvake i Oslo under valet i 2015. Rasmus Hansson og Lan Marie Nguyen Berg. Foto: CF-Wesenberg, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Sentrale politikarar

Mellom dei som profilerte Miljøpartiet Dei Grøne i fasen då partiet var i ferd med å bryte igjennom nasjonalt, var Thomas Hylland Eriksen, professor i sosialantropologi, Dag Hessen, biologiprofessor, Øyvind Strømmen, sakprosaforfattar med norsk og internasjonal høgreekstremisme som spesialfelt, Shoaib Sultan, med bakgrunn i Islamsk Råd Norge, og sist, men ikkje minst, den markante miljøvernaren Rasmus Hansson. Med unntak av Hansson er det likevel ikkje dei kjende personane som har prega partiet.

Sentrale politikarar i MDG etter at partiet slo igjennom i norsk politikk, er utanom Rasmus Hansson den nasjonale talskvinna Une Aina Bastholm, som er ein dyktig debattant. MDG-byråden for miljø i Oslo, Lan Marie Nguyen Berg, har hatt ein lynkarriere i politikken. Utan å ha særleg politisk erfaring fekk ho ansvaret for samferdsel og miljø i Oslo. Faren hennar er frå Vietnam, og ho har vorte utsett for rasistisk hets. Ho har vist gjennomføringskraft og er populær blant eigne tilhengjarar.

Lan Marie Nguyen Berg. Foto: CF-Wesenberg, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Lan Marie Nguyen Berg. Foto: CF-Wesenberg, Miljøpartiet De Grønne på Flickr.com CC BY-SA 2.0. 

Veljarprofil og organisasjon

Miljøpartiet Dei Grøne fekk 79 152 røyster ved stortingsvalet i 2013, det vil seie 2,8 prosent av røystene. Ved dette valet fekk partiet det første stortingsmandatet sitt. Partiet hadde 216 lokallag ved utgangen av 2015, ein auke på 25 prosent frå året før, og MDG hadde nesten 8500 medlemer ved inngangen av 2016. Medlemsveksten til partiet har vore eksplosiv dei siste åra, og talet på medlemer vart tredobla frå rundt 2500 medlemer i 2012 til over 8000 i 2015.

Når det gjeld veljarprofil, har Miljøpartiet Dei Grøne hatt for låg veljaroppslutning til at dei norske valundersøkingane kan vise ein klar veljarprofil for partiet. Men vi kan rekne med at dei gruppene MDG appellerer mest til i Noreg, liknar dei gruppene det svenske Miljöpartiet de gröna (MP) står sterkast blant. Det svenske miljøpartiet står klart sterkast blant yngre veljargrupper, og det står litt sterkare blant kvinner enn blant menn. Medan berre to prosent av dei med lågast utdanning røystar på partiet, røysta heile 16 prosent av dei med høgast utdanning på MP i 2010. Samstundes står det svenske Miljöpartiet de gröna sterkt blant dei med lågast inntekt, og partiet er noko meir populært i byane enn på landsbygda.

Med utgangspunkt i det svenske partiet kan det vere grunn til å tru at også det norske Miljøpartiet Dei Grøne står sterkast blant yngre veljarar, blant høgtutdanna og blant dei som bur i byane. Bakgrunnstala for ei meiningsmåling før stortingsvalet i 2013, der MDG fekk ei oppslutning på 3,8 prosent, synte at partiet stod mykje sterkare blant yngre veljarar enn blant dei eldre veljargruppene. Målinga tydde på at Oslo-området var den klart sterkaste regionen og Midt-Noreg den svakaste, medan partiet hadde litt høgare oppslutning blant kvinner enn blant menn.

Dei viktigaste ledda i partiorganisasjonen til Miljøpartiet Dei Grøne i Noreg er landsmøtet, landsstyret, sentralstyret, arbeidsutvalet, fylkeslaga og lokallaga. Landsmøtet er det øvste styringsorganet og er samla kvart år. I staden for ein leiar og nestleiarar har MDG, til liks med det svenske søsterpartiet, to talspersonar, den eine skal vere kvinne og den andre mann, i leiinga av partiet. Landsstyret består av dei to talspersonane og anten leiaren av kvart av fylkeslaga eller ein annan representant frå fylkeslaget, i tillegg til ein av talspersonane til ungdomsorganisasjonen. Mellom landsmøta er landsstyret det øvste styringsorganet, og dette styret skal vere samla minst to gonger kvart år. Sentralstyret består av dei to talspersonane for partiet, partisekretæren, internasjonal kontakt, seks landsmøtevalde medlemer og i tillegg ein talsperson frå ungdomsorganisasjonen. Det er sedvane i partiet at det skal vere kjønnsbalanse i sentralstyret.

Ungdomsorganisasjon til partiet er Grøn Ungdom.

I 2015 var inntektene til Miljøpartiet Dei Grøne på om lag 21 millionar kroner, ei ti-dobling på fire år. 62 prosent av inntektene var offentleg støtte, 11 prosent var inntekter frå medlemskontingenten, medan heile 21 prosent var bidrag frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til MDG før 2013-valet var på 1,5 millionar kroner, ifølgje ei oversikt.

I motsetnad til dei andre partia har ikkje Miljøpartiet Dei Grøne ei dagsavis eller eit magasin som er eller har vore assosiert med partiet, jamvel om skipingsprosessen til partiet sprang ut av Folkevett, magasinet til Framtiden i våre hender.

Partiet har mange sympatisørar som er aktive i miljørørsla. Men det er ingen formelle band mellom dei ulike miljøorganisasjonane og MDG.

Kjelder

Jan Bojer Vindheim, telefonsamtale 14.8.2013

Ove Braaten, telefonsamtale 10.8. og 11.8.2013

Hanna Marcussen, telefonsamtale 16.8.2013

Jan Bojer Vindheim, telefonsamtale 14.08.2013

Mikkel Storm Glomstein, telefonsamtale 13.8.2013

Øyvind Strømmen, e‑post 10.8. og 11.8.2013

 

Terence Ball og Richard Dagger: «Green politics. Ecology as Ideology», i Terence Ball og Richard Dagger: Political Ideologies and the Democratic Ideal, International Edition, Pearson

Harald A. Nissen og Rasmus Hansson: «Eit steg vidare», Klassekampen 7.8.2013

Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013

Michael O´Neill: «New Politics, Old Predicaments. The Case of the European Greens», The Political Quarterly, årgang 68/1

Anders Ravik Jupskås: «Miljøpartiet de grønne og ‘det politiske rommet’», Norsk statsvitenskapelig tidsskrift, nr. 2/2013

 

Marit Bendz: «Kulturfolkets stemme», klassekampen.no, publisert 10.8.2013: http://klassekampen.no/61814/article/item/null/kulturfolkets-stemme [lesedato 14.8.2013]

Espen Gamlund: «Har dypøkologien en fremtid?», morgenbladet.no, publisert 6.1.2006: http://morgenbladet.no/debatt/2006/har_dypokologien_en_fremtid#.Ug5wuW3N6F8 [lesedato 16.8.2013]

«Finansiering av politiske partier, 2015». Statistisk sentralbyrå, ssb.no: https://www.ssb.no/valg/statis... [lesedato 19.3.2017]

«Grønt skifte nå» (sakspapir til landsmøtet i MDG, Oslo 2016), nettstaden til Miljøpartiet dei grøne, mdg.no: https://www.mdg.no/content/uploads/2016/03/Sakspapirer_MDGLM_2016_Ensidig.pdf [lesedato 25.3.2017]

Magnus Aamo Holte: «Dårligste måling for SV noensinne», vg.no, oppdatert 16.8.2013: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/valg-2013/artikkel.php?artid=10106226 [lesedato 16.8.2013]

«Landsoversikt – Stortingsvalget». Kommunal- og moderniseringsdepartmentet, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/html/kmd/valgresultat/2013/bs5.html [lesedato 19.03.2017]

Henrik Pryser Libell: «Tror på grønn bølge», dagsavisen.no, publisert 25.7.2013: http://www.dagsavisen.no/samfunn/tror-pa-gronn-bolge/[lesedato 14.8.2013]

Nettstaden til Miljøpartiet Dei Grøne: http://www.mdg.no/ [lesedato 14.8.2013]

Sigmund Kvaløy Setreng: «Økofilosofi, ei kort innføring», Dag og Tid 30.4.2004: http://old.dagogtid.no/arkiv/2004/18/okofil/ [lesedato 14.8.2013]

Statistiska centralbyrån, Sverige, 2011: Åttapartivalen 2010. Allmänna valen. Valundersökningen. Tilgjengeleg på nett: http://www.scb.se/statistik/_publikationer/ME0106_2010A01_BR_ME05BR1101.pdf [lesedato 14.8.2013]

«Valgresultat», nrk.no: http://valg.nrk.no/valg2013/valgresultat [lesedato 10.9.2013]

Peikarar

Nettstaden til Miljøpartiet Dei Grøne  

Miljøpartiet Dei Grøne sitt partiprogram 2017–21 

Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 09.09.2017