Hopp til innhold
Logoen til SV.
Logoen til SV.
X
Innhald

Sosialistisk Venstreparti

Sosialistisk Venstreparti (SV), norsk politisk parti, stifta i 1975. SV var særleg den første tida eit tydeleg sosialistisk parti, men har med åra vorte meir oppteke av å fremje saker som gjeld fordeling og miljø. Sosialistisk Venstreparti var i koalisjonsregjeringa med Arbeidarpartiet og Senterpartiet frå 2005 til 2013.

Sosialistisk Venstreparti er eit radikalt parti til venstre for Arbeidarpartiet. Partiet får ofte framgang dersom Arbeidarpartiet dreiar for mykje til høgre. Atomvåpen-politikken og manglande takhøgd i Arbeidarpartiet var dei saksområda som gjorde at ein venstreopposisjon braut ut frå Arbeidarpartiet i 1961 og danna eit eige parti, Sosialistisk Folkeparti (SF). SF var forgjengaren til SV.
Viktige saker for partiet er økonomisk omfordeling, skulepolitikk, likestilling og miljø. I miljøsaka og i asylspørsmål står SV og Arbeidarpartiet ofte på kvar si side, medan dei to partia står nærmare kvarandre i økonomisk politikk og i fordelingsspørsmål. SV er eit reformistisk parti og har eit sosialistisk samfunn som målsetjing. SV er ofte kritisk til amerikansk utanrikspolitikk.
I 2005–13 sat SV i regjering saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Regjeringa vart kalla den raudgrøne regjeringa. Som NATO-medlem var Noreg med i Afghanistan-krigen. Det var ei omstridd sak i SV og skapte intern uro i den første tida SV var i regjering. Den første SV-leiaren var Berit Ås. Berge Furre, Erik Solheim og Kristin Halvorsen har seinare vore sentrale politikarar i partiet.
Kristin Halvorsen. Foto: Stig Marlon Weston/SV, flickr.com CC BY 2.0
Kristin Halvorsen. Foto: Stig Marlon Weston/SV, flickr.com CC BY 2.0

Per 31.12.2012 hadde Sosialistisk Venstreparti 9319 medlemer. Partiet har vore representert på Stortinget i alle stortingsperiodane etter at det vart skipa, og har i perioden 2011–15 tre ordførarar i norske kommunar.

Ut av regjeringskontora
Sosialistisk Venstreparti fekk ein tøff valkamp i 2013 og partiet låg lenge under sperregrensa på fire prosent. Resultatet valnatta viser at partiet får sju mandat på Stortinget, noko som er ein nedgang på fire mandat. Partiet enda på 4,1 prosent. Fleire profilerte politikarar, mellom dei Inga Marte Thorkildsen, mista stortingsplassen. Den raudgrøne koallisjonen tapte valet og Sosialistisk Venstreparti er igjen i opposisjon.

Politikk og ideologi
Då SV vart stifta, var sosialisme eit overordna mål for partiet. Dei siste tiåra har idear om eit framtidig sosialistisk samfunn meir eller mindre forsvunne frå samfunnsdebatten. Parti som SV har funne nye saker der dei markerer seg som radikale, ikkje minst gjeld det miljøpolitikken.
Sosialistisk Venstreparti ønskjer at Noreg skal gå føre andre land i klimakampen, og partiet arbeider for naturvern. Partiet meiner òg at Noreg må endre økonomien slik at han vert meir grøn og mindre oljeavhengig. SV er i sterkt imot oljeboring i områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.
Ei anna ny sak har vore integrasjons- og innvandringspolitikken, der SV har vore det mest liberale av stortingspartia, saman med Venstre. Saka kan sjåast på som ei forlenging av SV sin tidlegare kamp mot rasisme og for internasjonal solidaritet i form av støtte til nasjonale frigjeringsrørsler.
Kvinnesak og likestilling har òg vore og er framleis ei hovudsak. Ei av dei sakene SV har bore fram og fått gjennomslag for, er barnehageplassar for alle. Partiet har òg markert seg i skulepolitikken. Det beste stortingsvalet for partiet kom i 2001, då den dåverande leiaren, Kristin Halvorsen, var ein markant motstandar av fleire private skular.
I språkpolitikken legg SV vekt på at språk er ein sentral del av identiteten og historia til einskildindividet, og partiet meiner at «prinsippet om likestilling mellom bokmål og nynorsk må gjelde på alle samfunnsområder». SV framhevar her særleg barnehagen, Den kulturelle skulesekken og offentleg forvaltning. Med få unntak har partiet røysta for dei språkpolitiske tiltaka målrørsla har prioritert, og arbeidsprogrammet for 2013–17 er eit av dei språkpolitisk mest ambisiøse partiet har hatt. SV meiner at skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål skal vere obligatorisk både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Av dei ni prosentane som svarer at dei bruker nynorsk i dei siste valundersøkingane, er partiet noko underrepresentert.
Venstresida i Noreg, som i mange land i Vest-Europa, femnar ofte primært om eit sosialdemokratisk parti, med venstreopposisjonelle parti som SV på venstre side og med tidlegare kommunistparti endå lenger ut på venstre flanke. Dei venstreopposisjonelle partia som liknar SV, er både korrektiv og konkurrentar til dei sosialdemokratiske politiske slektningane sine. Dei veks ofte når veljarar vil gi uttrykk for misnøye med sosialdemokratiske parti som sit i regjering. Stor framgang eller tilbakegong for SV ved stortingsval har alltid gått saman med at oppslutninga for Arbeidarpartiet har gått i motsett lei.
Den verdien som gjer SV attkjenneleg i ulike saker, er likskap. SV vil sikre at alle samfunnsmedlemer har like vilkår, og at alle får vere med på å hauste av fruktene som samfunnssamarbeidet skaper. Omfordelingspolitikken til SV gjeld ikkje berre velferdsgode, men òg makt. SV har vore inspirert av marxistisk teori og har analysert politiske konfliktar i eit klasseperspektiv. I innanrikspolitikken vil ein sosialistisk politikk på den eine sida måtte vere eit brot med kapitalistiske eigedomsformer. Men sosialismen må på den andre sida unngå den byråkratiske overstyringa i eit planøkonomisk system.
Partiet har stått for ein tredje veg mellom amerikansk kapitalisme og sovjetisk kommunisme både i utanrikspolitikken og i innanrikspolitikken. Atomvåpna truga menneskeslekta sin eksistens same om dei stod i aust eller vest. Den tredje vegen var å avvise opprusting innanfor både NATO og Warszawapakta. Fleire SV-arar ville vere brubyggjarar mellom aust og vest. Somme hadde sympati med det dei såg på som moglege sosialistiske samfunn, jamvel om dei hadde eit manglande demokrati. På grunn av møta med representantar frå kommunistregima har SV-arar vorte kritiserte for å vere for godtruande.
Det finst enno ein utanrikspolitisk opposisjon i partiet, særleg mot dei militære operasjonane Noreg har vore med i. Denne opposisjonen har tidvis òg hatt støtte i SV-leiinga.
Historie
Det går ein raud tråd frå då Sosialistisk Folkeparti (SF) vart danna i 1961, og fram til Sosialistisk Venstreparti, som vart stifta 16. mars 1975 i Trondheim. SF vart i si tid danna av ein venstreopposisjon som var ekskludert frå Arbeidarpartiet. Mange av dei hadde avisa Orientering som samlingsstad.
Under EF-striden (EF var forkortinga for det vi i dag kallar EU) i åra 1970–72 oppstod ein ny situasjon for fleire parti, fordi mange medlemer og veljarar opplevde at dei var på kollisjonskurs med partiet dei hadde vore lojale til før. Det gjaldt ikkje minst for Arbeidarpartiet. Dette var bakgrunnen då Sosialistisk Folkeparti (SF), Noregs Kommunistiske Parti (NKP) og Demokratiske Sosialistar (AIK), som kom frå Arbeidarpartiet, danna Sosialistisk Valforbund før stortingsvalet i 1973. I røynda var det Sosialistisk Folkeparti, stifta i 1961, som var tyngdepunktet i valforbundet i 1973, og det påfølgjande Sosialistisk Venstreparti i 1975. Valforbundet fekk 16 mandat ved valet i 1973. Dei store partia hadde fått store delar av veljarane mot seg i EF-striden, og for Sosialistisk Valforbund var valresultatet i 1973 sensasjonelt godt, i ei tid prega av ny optimisme for venstresida.
SV var med i regjering for første gong i 2005, i Stoltenberg II-regjeringa, som var ein koalisjon saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Dei tre partia heldt fram i regjeringa Stoltenberg II frå 2009.
SV tapte veljaroppslutning under regjeringsdeltakinga i 2005–13. I boka Kristin Halvorsen. Gjennomslag, skiven Lilla Sølhusvik, av hevdar den tidlegare leiaren, Kristin Halvorsen, at SV ikkje har vore flinke nok til å fortelje om sakene partiet får igjennom, fordi dei sit i regjering. Ein risiko for SV som regjeringsparti er at mange veljarar kan sjå på partiet som så ansvarleg at dei ikkje kjenner att SV som eit radikalt alternativ.
Partiet sine eigne tillitsvalde har vore blant dei sterkaste kritikarane. Det gjaldt òg i startfasen av det raudgrøne regjeringssamarbeidet frå 2005. Det vekte oppsikt då fleire av stortingsrepresentantane for SV tok del i ein demonstrasjon på plenen utanfor Stortinget mot at regjeringa skulle sende F-16-fly til Afghanistan i 2005. SV sat jo sjølv i regjeringa.
Våren 2012 trekte den nye SV-leiaren, Audun Lysbakken, seg som barne-, likestillings- og inkluderingsminister. Bakgrunnen var ein serie avisoppslag og kritiske spørsmål om Lysbakken var tilstrekkeleg habil i somme løyvingssaker.
Saker som gjeld norsk deltaking i NATO-operasjonar, har vore vanskelege for eit parti som er imot NATO og med mange medlemer som ser på SV som fredspartiet.
Sentrale politikarar
SV har hatt mange fargerike politikarar. Finn Gustavsen, ein av grunnleggjarane av SF og ein av dei to første stortingsrepresentantane for dette partiet, sette i 1960- og 70-åra sitt preg på samfunnsdebatten med slåande replikkar.
Berge Furre var ein uvanleg mangfaldig politikar, som stod midt i hendingane under fleire av dei augneblinkane som var formande for partiet. Furre var i tillegg til den politiske karrieren både teolog og ein viktig historikar, han skreiv òg om den perioden då han sjølv var med i politikken. Han var leiar i SV i 1976–83. Den opposisjonelle haldninga til Furre i utanrikspolitikken gjorde at han røpte forsvarsløyndomar om amerikanske lyttestasjonar på norsk jord. Det førte nesten til riksrettssak mot han. Seinare vart overvakingspolitiet skandalisert då dei etterforska Furre medan han var medlem av Lund-kommisjonen – som nettopp skulle granske overvakingspolitiet.
Den folkelege nordlandsrepresentanten for SV, Hanna Kvanmo, fekk ein vanskeleg start som politikar på grunn av ein landssvikdom frå 1948. I 1980-åra vart ho ein av dei mest folkekjære politikarane i landet. Erik Solheim representerte SV på ein måte som appellerte til nye veljargrupper sist i 1980-åra og i 1990-åra. Han tona ned ideologiske saker og gav SV ein grøn profil.
Kristin Halvorsen leidde partiet frå 1997 til 2012. Det var med henne som leiar at SV gjekk inn i rolla som eit av dei raudgrøne regjeringspartia. Halvorsen sjølv var finansministeren som greidde å ri av stormen under finanskrisa i 2008–09. Halvorsens historiske bidrag har vore å gjere opposisjonspartiet SV, med sterke indre spenningar, om til eit sameint og ansvarleg regjeringsparti. Halvorsen takka nei til ny nominasjon til Stortinget i 2013. I 2012 vart Audun Lysbakken ny leiar etter henne.
Organisasjon og veljarprofil
Med omsyn til veljarprofil var SV ved stortingsvala i 2005 og 2009 underrepresentert i gruppa arbeidarar og sterkt overrepresentert i gruppa offentleg tilsette. Partiet har lågare oppslutning enn det samla valresultatet i 2005 og 2009 skulle tilseie, mellom dei som hadde låg eller middels utdanning, medan partiet var kraftig overrepresentert blant høgskule- og universitetsutdanna. Det var òg stor skilnad i kjønnsprofilen. Ved vala i 2005 og 2009 var om lag to tredelar av dei som røysta på partiet, kvinner. Partiet står sterkast i byane.
Dei viktigaste organisasjonsledda i partiet er landsmøtet, landsstyret, sentralstyret og arbeidsutvalet, og dessutan fylkes- og lokallaga. Landsmøtet, som vanlegvis vert halde annakvart år, er det øvste organet i partiet. I perioden mellom landsmøta har landsstyret det overordna ansvaret for partiet sin politikk. Landsmøtet skal sikre at landsstyret har ein jamn kjønnsprofil. Det skal vere med minst to med etnisk minoritetsbakgrunn. Landsstyret skal møtast minst seks gonger i året og er samansett av ein representant frå kvart av dei 19 fylka, sentralsstyret og seks medlemer som er valde direkte av landsmøtet. Sentralsstyret er sett saman av partileiaren og dei to nestleiarane, leiaren i Sosialistisk Ungdom, partisekretæren og den kvinnepolitiske leiaren, og i tillegg dei seks direktevalde medlemene som òg sit i landsstyret.
Sosialistisk Ungdom (SU) er ungdomsorganisasjonen til SV.
I 2012 hadde SV inntekter på 41 millionar kroner. 68 prosent av inntektene var offentleg støtte, 20 prosent kom frå eiga verksemd. Fem prosent av inntektene kom frå organisasjonar, og så å seie heile denne posten kom frå arbeidslivsorganisasjonar. Sju prosent av inntektene var bidrag frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til partiet før 2013-valet var på 4,4 millionar kroner, ifølgje ei oversikt.
Partiavisene har historisk sett vore viktige for partiet, særleg gjaldt det då SF vart til. Då spela avisa Orientering ei nøkkelrolle. Avisa var eit samlingspunkt for mange av dei som opplevde at det var vanskeleg å kome til med kritikk frå venstre retta mot Arbeidarpartiet. I 1973 overtok partiet avisa formelt. Då samlingsprosessen som munna ut i SV, var fullført i 1975, vart avisa Ny Tid oppretta. Det var ei vidareføring av Orientering, men ei ny avis var nødvendig for å kunne inkludere også dei partigruppene som ikkje kom frå SF. Ny Tid kjem framleis ut og er framleis eit venstresideorgan. Men magasinet er i dag ikkje eigd av SV og er ikkje like viktig for partiet som tidlegare.
Kjelder
Frode Berglund, Ingvild S. Reymert og Bernt Aardal: Valgundersøkelse 2009. Dokumentasjonsrapport. Notater 29/2011. Statistisk sentralbyrå, Oslo 2011
Berge Furre: Vårt hundreår. Norsk historie 1905–1990. Oslo 1992
Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013
Frank Rossavik: SV. Fra Kings Bay til Kongens bord. Oslo 2011
Lilla Sølhusvik: Kristin Halvorsen. Gjennomslag. Oslo 2012
Halvor Finess Tretvoll: «Balansekunst». Ny Tid, publisert 15.2.2008: http://www.nytid.no/arkiv/artikler/20080214/balansekunst/ [lesedato 28.7.2013]
«Kommunestyre- og fylkestingsvalget, formannskaps- og ordførervalg, 2011». Statistisk sentralbyrå, publisert 19.12.2011, ssb.no: https://www.ssb.no/kommvalgform/ [lesedato 28.7.2013]
Nettstaden til SV: http://sv.no/ [lesedato 28.7.2013]
NSD Norsk samfunnsvitenskaplig datatjeneste. Data om det politiske system: http://www.nsd.uib.no/polsys/regjering/ [lesedato 28.7.2013]
«Partifinansiering, etter inntektskilde og parti. 2011». Statistisk sentralbyrå, ssb.no: http://www.ssb.no/a/kortnavn/partifin/tab-2012-09-06-01.html [lesedato 28.7.2013]
Renold Tennysen Christopher og Marita Skeie: «– Hareide er en medlemsmagnet» og «Medlemstall politiske partier 2011 og 2012». NRK Hordaland, publisert 7.3.2013: http://www.nrk.no/hordaland/medlemmene-svikter-frp-1.10939144 [lesedato 28.7.2013]
NRK valg: «Valgresultat»: http://valg.nrk.no/valg2013/valgresultat [lesedato 10.9.2013]
Peikarar

Først publisert: 19.08.2013
Sist oppdatert: 20.03.2017