Hopp til innhold
X
Innhald

Konsentrasjonsleir

Konsentrasjonsleir er ei nemning på interneringsleirar, særleg brukt under Hitler-Tyskland. Nazistane drap om lag 8 millionar menneske i konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen. Dei fleste var sigøynarar eller jødar.

Konsentrasjonsleir vart først brukt om leirar der britane utan dom eller tidsavgrensing internerte fiendtlege sivilistar under Boarkrigen. Tilhøva i desse konsentrasjonsleirane var svært dårlege og talet på døde var høgt.
Seinare tok kommunistiske og fascistiske regime, mellom andre i Sovjetunionen, Hitler-Tyskland og Folkerepublikken Kina, i bruk konsentrasjonsleirar i stort omfang som grunnlaget for det statlege terrorapparatet. I dei nazistiske utryddingsleirane i det okkuperte Polen, til dømes Auschwitz, Majdanek og Treblinka, vart massemordet industrialisert gjennom bruken av gasskammer.
Hovudinngangen til konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. Foto: Bobby Bradley, flickr.com CC BY 2.0
Hovudinngangen til konsentrasjonsleiren Auschwitz i Polen. Foto: Bobby Bradley, flickr.com CC BY 2.0
Ein reknar med at minst 8 millionar menneske, vaksne og barn, først og fremst jødar og sigøynarar, vart gassa i hel, drepne i medisinske eksperiment eller på annan måte.
Folkemordet på jødane under nazismen vert kalla holocaust.
Den jødisk-slovakiske familien til Lili Jacob på perrongen i Birkenau. Alle, inkludert dei fire borna på biletet, vart gassa i hel i konsentrasjonsleiren Auschwitz i mai 1945. Foto: Auschwitz Birkenau State Museum Archives
Den jødisk-slovakiske familien til Lili Jacob på perrongen i Birkenau. Alle, inkludert dei fire borna på biletet, vart gassa i hel i konsentrasjonsleiren Auschwitz i mai 1945. Foto: Auschwitz Birkenau State Museum Archives
I Noreg vart det under okkupasjonen oppretta fleire konsentrasjonsleirar, mellom andre Grini, Falstad, Sydspissen og Ulven. Svært mange nordmenn vart sende til konsentrasjonsleirar i Tyskland og Polen, mange døde, mellom andre dei fleste av dei norske jødane som hadde vorte sende til Auschwitz. Ein reknar med at ni tusen nordmenn vart sendt til konsentrasjonsleirar i utlandet. Om lag 770 nordmenn vart tvangssendt til Auschwitz og av dei overlevde berre 32 personar.
 
Sjå video frå NRK Skole: Noen få overlevde Auschwitz
 
 
 
Peikarar
Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter:
http://www.hlsenteret.no/

Auschwitz-Birkenau State Museum:
http://en.auschwitz.org/m/index.php?option=com_wrapper&Itemid=85
 


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.07.2016