Hopp til innhold
X
Innhald

Den europeiske unionen (EU)

EU, den europeiske unionen, er eit vidfemnande økonomisk og politisk samarbeid mellom 28 europeiske land. Over tid har EU-samarbeidet vorte stadig tettare, jamvel om det har vore fleire kriser i unionen. Noreg er ikkje medlem. Det britiske folket røysta 23. juni 2016 for at Storbritannia skal melde seg ut av EU.

Traktaten om Den europeiske kol- og stålunionen, som vart signert i 1951, var opphavet til EU. Bakgrunnen for traktaten var ønsket om eit stabilt Europa etter endå ein grufull verdskrig. Kol- og stålunionen skulle sikre kontroll over tysk kol- og stålindustri og hindre ny opprusting i Tyskland.

I dag er EU eit omfattande politisk og økonomisk samarbeid, med 28 medlemsland. EU-samarbeidet er unikt ved at sjølvstendige, demokratiske nasjonalstatar i større grad enn før i historia frivillig gir frå seg suverenitet. EU er såleis i tillegg til å vere ein mellomstatleg organisasjon ein organisasjon med sterke innslag av overnasjonalitet. Ein felles marknad gjer at varer i eitt EU-land kan seljast i eit anna, og EU bestemmer felles reglar for marknaden.

Samla er EU-økonomien mellom dei tre største i verda, saman med den amerikanske og den kinesiske økonomien. Etter somme utrekningsmåtar er EU-økonomien størst. I 2015 var arbeidsløysa på 10,7 prosent i gjennomsnitt for EU-landa, dobbelt så høg som i Noreg. Høgast arbeidsløyseprosent er det i Hellas og Spania, der ein av fem manglar arbeid (2014). I det mest folkerike landet i EU, Tyskland, var det i 2015 ein lågare prosent utan arbeid enn i Noreg.

Det bur til saman 508 millionar menneske i dei 28 medlemslanda, og fire av landa har over 50 millionar innbyggjarar: Tyskland, Storbritannia, Frankrike og Italia. Eurosona, det vil seie dei 19 landa som har euroen som felles valuta, omfattar 380 millionar innbyggjarar.

EU har ein felles politikk særleg innanfor delar av områda handelspolitikk, landbrukspolitikk og fiskeripolitikk, og i aukande grad innanfor utanrikspolitikk og miljøpolitikk. Landbrukspolitikken er det området der det er mest felles politikk i EU, og over 40 prosent av EU-budsjettet går til landbruksstøtte.

Brussel er administrasjonshovudstaden i EU. Over 40 000 byråkratar arbeider for å halde EU-apparatet i gang. Byråkratiet utgjer ein samla kostnad på 6 prosent av det felles EU-budsjettet. EU-budsjettet er om lag like stort som det norske statsbudsjettet og svarer til om lag ein prosent av bruttonasjonalprodukta til EU-landa samla.

Det er sju hovudinstitusjonar som styrer EU. Fire av dei er politiske organ. Det øvste styrande organet er Det europeiske rådet (Toppmøtet), som består av regjeringssjefane i kvar av medlemsstatane og presidentane i Europakommisjonen og Europaparlamentet. I Ministerrådet (Rådet) sit fagministrar frå kvart av medlemslanda og utformar politikken på sine felt når dei møtest. Kommisjonen (Europakommisjonen) har fellestrekk med ei regjering i EU, medan Europaparlamentet er ei direktevald parlamentarikarforsamling, som har fått meir makt dei siste åra.

I tillegg til dei fire politiske organa består styringsinstitusjonane i EU av eitt juridisk og to økonomiske organ. EU-domstolen avgjer juridiske tvistesaker og spelar ei viktig rolle for at den vedtekne EU-politikken skal verte gjennomført. I tillegg er Den europeiske sentralbanken og Revisjonsrådet blant styringsinstitusjonane i EU.

Jamvel om Noreg ikkje er formelt medlem av EU, er Noreg med i store delar av EU-samarbeidet. Ikkje minst gjeld det på det økonomiske planet, gjennom EØS-avtalen, som gir Noreg tilgang til den europeiske fellesmarknaden. Eit anna saksområde Noreg er med i, i motsetnad til EU-medlemen Storbritannia, er det justispolitiske Schengen-samarbeidet.

EU har vorte ein viktig internasjonal maktfaktor, både økonomisk og politisk. Unionen fekk tildelt Nobels fredspris i 2012.

EU fekk Nobels fredspris i 2012. På fotoet Herman Van Rompuy, dåverande president i Det europeiske rådet, og José Manuel Durão Barroso, dåverande president i Europakommisjonen. Foto: © Photo European Union, European Parliament på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

EU fekk Nobels fredspris i 2012. På fotoet Herman Van Rompuy, dåverande president i Det europeiske rådet, og José Manuel Durão Barroso, dåverande president i Europakommisjonen. Foto: © Photo European Union, European Parliament på Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Eit særeige politisk system

EU er eit traktatsystem ved at makt og mynde i EU spring ut av avtalar medlemslanda har signert. Traktatane bestemmer kva for saker EU har råderett over. Nokre EU-land har unntak frå delar av det samla avtaleverket. EU skal konsentrere politikken om det som landa ikkje kan gjere godt nok på eiga hand, og EU skal ikkje gripe inn i saker som einskildlanda sjølve kan avgjere kvar for seg (subsidiaritetsprinsippet). Dersom statsleiarane som representerer nasjonalstatane, er usamde, bestemmer traktatane kva for saker som må vere samrøystes eller kan avgjerast med fleirtalsrøysting. Traktatane inneheld òg reglar for kor mange røyster kvart einskild land representerer når dei politiske leiarane frå nasjonalstatane tek avgjerder. Det same gjeld kor mange EU-politikarar kvart land er representert med i Europaparlamentet. Store land har fleire røyster enn dei små, men dei små landa tel meir enn dei store jamført med folketalet i landa.

I sum gjer styringsinstitusjonane EU til ein særeigen type statssamarbeid, som det ikkje finst andre døme på i verda. For medan EU består av sjølvstendige nasjonalstatar og såleis er ein mellomstatleg organisasjon, har unionen samstundes monaleg meir mynde over nasjonalstatane enn det som er vanleg for andre mellomstatlege organisasjonar. EU er såleis i tillegg til å vere ein mellomstatleg organisasjon òg ein overnasjonal organisasjon, som innanfor nokre saksfelt kan vedta at politikken skal gjelde alle landa, jamvel om einskildland er imot.

EU har nokre likskapstrekk med ein stat. Ein viktig skilnad mellom ein stat og EU er likevel at nasjonalstatane sjølve har ansvaret for å gjennomføre EU-politikken. Eigne overvakingsordningar ser til at vedtaka vert gjennomførte. Men EU har altså ikkje ei eiga fysisk tvangsmakt for å gjennomføre politikken. EU skattlegg heller ikkje EU-borgarane, men får inntektene gjennom overføringar frå medlemslanda.

Europaparlamentet i Strasbourg. Foto: © European Union 2014 - European Parliament, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Europaparlamentet i Strasbourg. Foto: © European Union 2014 - European Parliament, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Opptakten til EU

9. mai 1950, ein dato som seinare har vorte feira som Europadagen i EU, la den franske utanriksministaren Robert Schuman fram ein plan som vart opphavet til EU-samarbeidet. Bakgrunnen var at frå den tysk-franske krigen i 1870 til slutten av andre verdskrigen i 1945 hadde tyske og franske armear kriga mot kvarandre tre gonger på 75 år. I to verdskrigar hadde det europeiske kontinentet vorte lagd øyde. Det var ei utbreidd haldning at Tyskland ikkje på ny måtte verte ei sterk militærmakt, og då måtte tysk kol- og stålproduksjon kontrollerast. Samstundes var erfaringane etter den første verdskrigen at å kue krigstaparen i neste omgang kunne føre til ny aggresjon. Haldninga var difor å inkludere Tyskland, samstundes som ein ville hindre at landet vart for mektig.

I 1950, under press frå på den eine sida engelskmenn og amerikanarar som ville ha Vest-Tyskland med som partnar att, og på den andre sida ein fransk opinion som enno var svært skeptisk til tyskarane, la den franske utanriksministeren Robert Schuman fram planen sin – Schuman-planen. Planen skulle sikre at dei fransk-tyske krigane var over ein gong for alle. Dei europeiske landa som vart med i det nye samarbeidet, skulle gi frå seg suverenitet og gradvis vekse seg tettare saman.

Schuman-planen innebar at det skulle vere ei felles styring over kol- og stålproduksjonen i Ruhr- og Saar-distrikta i Tyskland og grenseområda mellom Tyskland og Frankrike og vidare også over kol- og stålproduksjonen i dei landa som ville slutte seg til avtalen. På den tida var kol- og stålproduksjonen i Europa langt viktigare enn i dag, og dei som kontrollerte denne produksjonen, ville få stor makt, ei makt som elles ville ha lege hos nasjonalstatane. Dermed ville ein i fellesskap kunne hindre opprusting. I 1952 vart avtalen om ein kol- og stålunion under felles styre sett i verk, og dei som var med, var Frankrike, Tyskland og Italia, og dessutan Belgia, Nederland og Luxembourg (Benelux-landa). Avtalen vart første steget på vegen mot dagens EU, og avtalen var òg meint å vere det. Planen vil leie fram til ei samling av dei europeiske landa og vere ein garanti for fred, heitte det i teksten frå den franske utanriksministeren.

Signering av traktaten om Den europeiske kol- og stålunionen, også kalla Paris-traktaten, i 1951. Den franske utanriksministaren Robert Schuman held traktaten. Foto: francediplomatie, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Signering av traktaten om Den europeiske kol- og stålunionen, også kalla Paris-traktaten, i 1951. Den franske utanriksministaren Robert Schuman held traktaten. Foto: francediplomatie, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Kol- og stålunionen var det første av to avgjerande steg på vegen mot dagens EU. Det andre steget var Roma-traktaten, som danna Den europeiske fellesskapen (EF) i 1957. Medan kol- og stålunionen i røynda ikkje vart nokon stor suksess verken økonomisk eller politisk, vart det annleis med Den europeiske fellesskapen. Med Romatraktaten vart mykje av grunnlaget for det EU vi kjenner i dag, lagt.

Den europeiske fellesskapen var ein tollunion der dei same landa som var med i kol- og stålunionen, Benelux-landa, Italia, Frankrike og Vest-Tyskland, forplikta seg til å ta bort toll og importkvotar seg imellom og å ha ein sams handelspolitikk for industrivarer, retta mot andre land. Den nye tollunionen vart ein suksess. Handelen auka, og frykta for at konkurransen skulle føre til tap av arbeidsplassar, synte seg å vere grunnlaus. Dessutan vart det slått fast at landa ville sjå på nye område der det kunne kome i stand samarbeid, og det vart etablert styringsorgan for unionen. Desse organa er i stor grad dei same politiske og rettslege institusjonane som også i dag styrer EU.

EU frå 1980-åra og til i dag

Dei siste tiåra har det viktigaste reformarbeidet i EU dreia seg om å samarbeide meir for å få fart på økonomien. I 1980-åra hadde det breidd seg ei erkjenning av at landa i Europa hadde store ulemper samanlikna med mellom anna USA og Japan. Dei europeiske landa hamna på etterskot fordi dei ikkje hadde ein likare økonomisk politikk. Ulike krav til utforminga av ei vare i dei ulike landa som var med i det dåverande EF, hindra at ei vare som var laga i det eine landet, kunne verte seld i det andre. I medlemslanda var det til dømes ulike typar stikkontaktar på elektrisk utstyr, noko som var upraktisk og økonomisk ugunstig. Dessutan førte kravet om at alle avgjerder i EF måtte vere samrøystes, til at det tok svært lang tid å få endra ein politikk som ikkje fungerte. EF hadde i 1970-åra fått Danmark, Irland og Storbritannia som nye medlemer, og i 1980-åra kom Hellas, Portugal og Spania med. I 1986 vart desse 12 EF-medlemene i og med traktaten som vart kalla Einskapsakta, samde om å effektivisere avgjerdssystemet og opne for fleire felt der ikkje alle måtte vere samde (fleirtalsavgjerder). EU-parlamentet, med direktevalde representantar frå alle medlemslanda, fekk meir å seie.

I 1989 rakna Sovjetunionen, Berlinmuren fall, og dei fleste tidlegare kommuniststatane i Aust-Europa vart uavhengige. Tyske politikarar kravde då at Aust- og Vest-Tyskland måtte slåast saman. Erkjenninga av økonomiske ulemper, samlinga av Tyskland og ein handlekraftig leiar i Europakommisjonen i franskmannen Jacques Delors var bakgrunnen for eit av dei store vendepunkta i EU-samarbeidet, som kom på eit møte i den nederlandske byen Maastricht i 1991. Då vedtok regjeringssjefane i dei dåverande EF-landa å etablere ein felles indre marknad, Maastricht-traktaten, og å etablere ein pengeunion med felles valuta. EU endra namn og var frå 1993 ikkje berre ein fellesskap (EF) av medlemsland, men ein union (EU). EU-parlamentet vart på ny styrkt.

Berlinmuren fall i 1989 og var ein del av dei hendingane som leia fram til eit av dei store vendepunkta i EU-samarbeidet. På fotoet går ein mann laus på Berlinmuren. Foto: Raphaël Thiémard, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Berlinmuren fall i 1989 og var ein del av dei hendingane som leia fram til eit av dei store vendepunkta i EU-samarbeidet. På fotoet går ein mann laus på Berlinmuren. Foto: Raphaël Thiémard, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Frå 2002 fanst det ikkje hindringar mellom medlemslanda med omsyn til varer, tenester, arbeidskraft og kapital. Denne nye fellesmarknaden er Noreg også med i gjennom EØS-avtalen. Den felles valutaen, euroen, vart innført i dei landa som er tettast vovne saman, men mellom anna Danmark, Storbritannia og Sverige har ikkje euro (sjå faktaboks). Sverige, Finland og Austerrike vart nye medlemer i 1995.

Den indre marknaden vart ein suksess, men pengeunionen hadde eit problem i og med at nokre land i EU var klart rikare enn andre. Dermed kunne ein felles politikk som passa godt for ei gruppe land, vere uheldig for ei anna gruppe land. Ein rentesats som til dømes var gunstig for Tyskland, kunne vere uheldig for land som Spania og Portugal.

Før euroen kunne verte innført, vart det kravd at kvart land måtte vise at dei hadde stram nok styring over den økonomiske politikken. I ettertid kom det fram at Hellas hadde gitt feil opplysningar om økonomien i landet. Då finanskrisa oppstod i 2008, viste det seg at greske bankar og verksemder med det låge rentenivået i eurosona hadde fått tilgang til langt meir kapital enn dei kunne betale tilbake.

I åra etter 2000 vart ei rekkje av dei tidlegare kommunistlanda i Aust-Europa, mellom anna Polen, Ungarn, Romania og dei baltiske landa, EU-medlemer, etter at kvart av landa innfridde krav om politiske reformer og økonomisk styring. EU var ikkje lenger ein rikmannsklubb. Det er likevel framleis store skilnader mellom dei rike og dei mindre velståande landa i EU. Gjennomsnittsinntekta i Bulgaria og Romania er berre halvparten av gjennomsnittsinntekta i EU samla sett. Det rikaste landet er Luxembourg, det einaste EU-landet med høgare gjennomsnittsinntekt enn Noreg. Andre land med inntekter som ligg godt over gjennomsnittet i EU, er Tyskland, Danmark, Sverige, Austerrike, Nederland og Irland.

19 av medlemslanda i eurosona bruker euro i staden for ein nasjonal valuta. Symbolet for euro er € og forkortinga er EUR. Illustrasjonsfoto av eurosetlar- og myntar. Foto: JT, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Eurosona er nemninga brukt om dei 19 landa som har euroen som felles valuta i staden for ein nasjonal valuta. Eurosona omfattar 380 millionar innbyggjarar. Symbolet for euro er € og forkortinga er EUR. Illustrasjonsfoto av eurosetlar- og myntar. Foto: JT, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

«Sameint i mangfald»

Nasjonalstatane er den sentrale politiske eininga også for dei landa som er med i EU. Nasjonalstaten er eininga som gjennomfører den felles EU-politikken. EU fastset til dømes reglane for «EU-kontrollen» på bilar, men det er i kvart land at systemet vert handheva.

Borgarane i EU er både statsborgarar i kvart einskild land og EU-borgarar, som mellom anna kan røyste når det er val til EU-parlamentet. EU har prøvd å fremje ei kjensle av felles tilhøyrsel i EU ved å leggje vekt på felles europeiske verdiar og ved å lansere kulturelle fellessymbol, mellom anna ei EU-hymne og det blå EU-flagget med dei 12 stjernene. EU har eit eige motto: «Sameint i mangfald» (United in diversity). EU har òg sin eigen EU-dag, 9. mai, etter datoen då Schuman-planen vart lagd fram. I Brussel, hjartet i EU, viser det moderne EU-museet historia til EU og viser korleis EU-systemet verkar.

Stort sett kjenner innbyggjarane i EU-landa seg i større grad knytte til nasjonalstaten enn til EU. I nokre av landa er det rett nok ganske låg tillit til dei nasjonale politikarane, og i EU samla sett har EU-borgarane meir tiltru til EU-institusjonane enn til dei nasjonale regjeringane og parlamenta. Det er langt fleire i EU som meiner at landet har godt av å vere med i EU, enn dei som meiner at landet burde stå utanfor. Eit land der EU-motstanden er stor, og der det dei siste åra har vore om lag like mange tilhengjarar som dei som kunne tenkt seg å ikkje vere medlem i EU, er Storbritannia. I Noreg syner meiningsmålingar dei siste åra at over 70 prosent av veljarane meiner at Noreg ikkje bør verte medlem av EU.

Organisasjonen EU

Det europeiske rådet (Toppmøtet) er det øvste politiske organet i EU. Det er samansett av regjeringssjefane i kvart medlemsland, i tillegg til presidentane i Europakommisjonen og Europaparlamentet. Toppmøtet vert arrangert minst fire gongar årleg, i Brussel. Her vert prinsipielle føringar slått fast og dei tyngste avgjerdene tekne. Presidenten i Det europeiske rådet er vald for to og eit halvt år om gongen. Den sitjande presidenten, fram til 2017, er polske Donald Tusk.

Ministerrådet (Rådet) er sett saman av eit regjeringsmedlem frå kvart av medlemslanda. Ministrane, til dømes justisministrane eller miljøvernministrane, representerer landet sitt på sine fagfelt. Rådet er lovgivande organ saman med Europaparlamentet. Medlemslanda rullerer på formannskapet kvart halvår. Rådet har møte i Brussel eller Luxembourg, ofte fleire gonger i veka. Dersom Rådet ikkje vert einige i ei sak, vert det avrøysting. Rådet har 352 røyster, og landa har ulikt røystetal. Dei fire største landa, Tyskland, Storbritannia, Frankrike og Italia har 27 røyster kvar, medan Danmark har sju røyster. Dei mindre landa har større innverknad enn folketalet skulle tilseie. Ofte dannar det seg alliansar mellom ulike land for å få fleirtal, og dersom til dømes små land allierer seg, aukar det innverknaden.

Europaparlamentet er den einaste direkte folkevalde forsamlinga i EU. I Parlamentet er merksemda primært retta mot felleseuropeiske saker snarare enn ulike nasjonale interesser. Parlamentet var ei rådgivande forsamling, men har i dei siste traktatane fått meir formell og reell makt som lovgivande organ. Det er 751 representantar i Parlamentet (2015). Kvart land vel sine eigne representantar, og det er val kvart femte år. Di fleire innbyggjarar eit land har, di fleire representantar har landet i Europaparlamentet. Små land er overrepresenterte, dei har fleire representantar enn folketalet skulle tilseie. Danmark har etter Lisboa-traktaten 13 representantar, medan Tyskland har flest med 99. EU-parlamentarikarane ønskjer å styrkje si rolle, og Europaparlamentet har over tid fått meir å seie. På den eine sida styrkjer det demokratiet i EU. På den andre sida inneber meir makt til parlamentet mindre makt til nasjonalstatane. I Europaparlamentet er det partipolitiske skilje og ikkje nasjonale skilje som avgjer utfalla i debattar og avrøystingar.

Europakommisjonen er «regjeringa» i EU og held til i Brussel. Europakommisjonen skal setje i verk tiltak og passe på at medlemslanda følgjer opp vedtak. Kommisjonen førebur òg lover og saker til Toppmøtet, Parlamentet og Rådet. Det er førebuings- og iverksetjingsoppgåvene til Kommisjonen som gjer at dette organet liknar ei regjering. Det som skil Europakommisjonen frå ei regjering slik vi har i Noreg, er at i Noreg har det direkte folkevalde norske parlamentet, Stortinget, stor kontroll over regjeringa. I EU er det i større grad regjeringssjefane og ministrane i medlemsstatane som har makt over Kommisjonen, snarare enn det direktevalde Parlamentet. Europaparlamentet spelar ei rolle når Kommisjonen legg fram saker, men det er ikkje eit like viktig organ som Toppmøtet og Rådet.

Kommisjonen har 28 medlemer, ein frå kvart medlemsland, og den viktigaste av dei er kommisjonspresidenten. I perioden 2014–19 er Jean-Claude Juncker frå Luxembourg kommisjonspresident. I tillegg er det 7 visepresidentar, som er med og samordnar arbeidet til Kommisjonen, og dessutan 20 kommissærar, som leier generaldirektorata (som tilsvarer norske departement) for dei ulike saksområda som Europakommisjonen arbeider med.

Kommissærane vert utnemnde av medlemslanda og godkjende av Rådet, medan Europaparlamentet godkjenner Kommisjonen samla. Europakommisjonen sit fem år om gongen og vert leidd av ein president. Presidenten er vald av Det europeiske rådet (Toppmøtet). Då Jean-Claude Juncker frå Luxemburg vart ny president for kommisjonen i 2015, kravde og fekk Europaparlamentet ei ny rolle ved at det skulle godkjenne valet.

EU-domstolen er det høgaste juridiske organet i EU. Domstolen handsamar ikkje straffesaker, men tvistemålssaker som handlar om regelverket i EU. Domstolen vurderer saker der det er spørsmål om land bryt dei inngåtte traktatane, eller om vedtak i EU-institusjonane er i tråd med avtaleverket. Domstolen er sett saman av ein dommar frå kvart medlemsland, og dommarane sit på åremål i seks år. Domstolen vart oppretta i 1952 og ligg i Luxembourg. EU-domstolen spelar ei viktig rolle mellom anna fordi det tidt og ofte oppstår strid om einskilde medlemsland indirekte gir eigne verksemder føremoner som bryt med EU-regelverket. I slike saker avgjer EU-domstolen kva som er rett.

Den europeiske sentralbanken svarer til ein nasjonal sentralbank for dei 19 medlemslanda i eurosona som bruker euro i staden for ein nasjonal valuta. Revisjonsrådet i EU kontrollerer at pengebruken innanfor EU-systemet skjer på ein korrekt måte.

galleri

Styringa av EU

Over tid har det skjedd viktige endringar i styringa av EU. Etter kvart som EU vart utvida, vart det naudsynt å endre på kravet om at alle sakene måtte vere samrøystes, for det gjorde det svært vanskeleg å få til ei effektiv styring. Endringar i 1990-åra og etter 2000 gjorde at ein no skil mellom avgjerder av det slaget alle må vere samde om – dei mest grunnleggjande sakene for landa – og fleire sakstypar som kan vedtakast gjennom fleirtalsavgjerder.

Når avgjerdene vert tekne, har dei mindre landa meir å seie enn folketalet skulle tilseie. Dessutan har dei direkte folkevalde i Europaparlamentet over tid fått meir innverknad. Men det er når regjeringssjefane kjem saman i Det europeiske rådet (Toppmøtet) at dei viktigaste prinsipielle avgjerdene vert tekne.

Avtaleendringane som har endra røystereglane og avgjerdssystemet dei siste tiåra, skjedde med Amsterdam-traktaten (1997), Nice-traktaten (2000) og Lisboa-traktaten (2007).

Styringa i EU skjer gjennom tre ulike måtar å ta avgjerder på, etter kva slags saker det er tale om. Den mest vanlege har vore konsultasjonsprosedyren: Kommisjonen legg fram saker som Rådet vedtek, til dømes om ein ny felles landbruksregel. Parlamentet vert rådført, men det har ikkje avgjerdsmakt.

Medbestemmingsprosedyren, som omfattar litt under halvparten av vedtaka, er i ferd med å verte den viktigaste avgjerdsmåten. Parlamentet spelar ei viktig rolle ved denne framgangsmåten: Kommisjonen legg fram saker, og både Parlamentet og Rådet må støtte ei sak før ho vert vedteken.

Samtykkeprosedyren er ein siste framgangsmåte, som vert brukt i om lag eit par prosent av sakene. Her er det snakk om prinsipielt viktige saker, til dømes spørsmålet om nye EU-medlemer skal kome med i EU, eller om sentralbanken skal få nye oppgåver. Det er Rådet som vedtek slike saker. Avhengig av sakstypen må vedtaka anten vere samrøystes eller ha kvalifisert fleirtal (meir enn 50 prosent fleirtal). Parlamentet har vetorett.

Leiinga i EU ønskte at EU skulle få ei eiga grunnlov, og ein avtale om dette vart signert i Roma i 2004, for deretter å skulle verte godkjend anten gjennom folkerøystingar eller parlamentsvedtak i medlemslanda. Etter nei-fleirtal i folkerøystingar om grunnlova i Frankrike og Nederland i 2005 stoppa godkjenningsprosessen opp. Innhaldet i grunnlova vart likevel i praksis sett i verk etter at først og fremst den tyske forbundskanslaren Angela Merkel losa i land Lisboa-traktaten i 2007. Dermed fekk EU endra røystereglane for å effektivisere avgjerdsprosessen, og EU fekk ein eigen EU-utanriksminister og ein president for Europakommisjonen. Men ei EU-grunnlov vart det ikkje noko av.

Norsk EU-politikk

Noreg og Island er to av landa som ikkje er medlem av EU, men som har tilgang til den indre marknaden i EU gjennom EØS-avtalen. Innanfor EU og EØS er det ein felles marknad, som sikrar at pengar, arbeidskraft, varer og tenester kan gå mellom landa. Dei fleste av EU-landa har avskaffa grensekontrollen seg imellom. Det vil seie at ein kan reise utan pass mellom landa innanfor det som heiter Schengen-området, og denne avtalen er også Noreg med på. Under flyktningkrisa hausten 2015 innførte mellom anna Sverige på nytt passkontroll ved grensene sine innanfor Schengen-området, slik unntaksreglar i Schengen-avtalen gir høve til.

Medlemslanda betaler om lag ein prosent av bruttonasjonalproduktet som kontingent til EU. Via EØS-avtalen betaler også Noreg EU-kontingent. Rekna per innbyggjar er det norske bidraget høgare enn til dømes det italienske eller det franske.

Før EØS-avtalen var Noreg allereie sidan 1960 medlem i frihandelsforbundet EFTA. EFTA vart stifta av Danmark, Noreg, Portugal, Sveits, Sverige, Storbritannia og Austerrike. Forbundet var tenkt å vere eit alternativ til EF/EU. EFTA har ei rekkje handelsavtalar, særleg med EU, men òg utanfor. EFTA skal sikre at innbyggjarane og bedriftene i til dømes Noreg vert likebehandla med innbyggjarane og bedriftene i EU. I dag er EØS-avtalen frå 1994 den viktigaste handelsavtalen for Noreg. Ettersom dei fleste EFTA-landa etter kvart har vorte ordinære EU-medlemer, består EFTA i dag berre av Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits. Utanom Sveits, som har ein eigen avtale med EU, er det desse landa som har EØS-avtale med EU. ESA (EFTA Surveillance Authority) er eit organ som ser til at EFTA-landa gjer det dei er forplikta til etter EØS-avtalen. Det er ein eigen EFTA-domstol som avgjer tvistar mellom EFTA-land og EU. Desse to organa medverkar til at det omfattande avtaleverket vert etterlevd.

Noreg har vedteke å søkje om medlemskap i EF/EU to gonger, i 1962 og 1967, men Frankrike sa då nei til å ta opp nye medlemsland. 25. september 1972 var det folkerøysting i Noreg om medlemskap i EF. Resultatet vart 53,5 prosent nei og 46,5 prosent ja. Styresmaktene respekterte folkerøystinga og søkte ikkje om medlemskap.

Frå NRK-studio udner folkerøystinga i Noreg i 1974 om medlemskap i EF. Resultatet vart 53,5 prosent nei og 46,5 prosent ja. Kredit: Justin Flood, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Frå NRK-studio under folkerøystinga i Noreg i 1974 om medlemskap i EF. Resultatet vart 53,5 prosent nei og 46,5 prosent ja. Kredit: Justin Flood, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

I 1994 signerte Noreg EØS-avtalen og vart ein del av den indre marknaden i EU. Same året kom endå ei folkerøysting om EF, og resultatet vart også denne gongen nei: 52,2 prosent røysta nei, medan 47,8 prosent røysta ja.

Diskusjonane om EF prega det politiske ordskiftet i Noreg både i 1972 og i 1994. EU-saka splitta parti, vener og familiar, og det kunne gå hardt for seg når saka vart diskutert rundt kjøkkenborda. I 1972 var valdeltakinga 79 prosent, og i 1994 var det heile 89 prosent av veljarane som røysta, klart meir enn valdeltakinga ved stortingsval og kommuneval. Det vitnar om ei sak som engasjerte veljarane. Partia som fronta EU-motstanden, fekk stor framgang ved vala. I 1973 fekk Sosialistisk Valforbund 11,2 prosent av røystene, inkludert røystene frå mange sosialdemokratar som var imot EF. I 1994 fekk Senterpartiet 16,7 prosent av røystene, det beste valet for partiet nokon gong og ein framgang på over 6 prosent.

Begge sider i EU-saka har framleis sine organisasjonar: Nei til EU og Europabevegelsen. EU-motstandarane meiner at EU er udemokratisk, og at Noreg misser makt til fordel for Brussel ved eit medlemskap. Slik dei ser det, legg EU utilbørlege avgrensingar på den nasjonale politikken. Vidare meiner dei at prosessen bak dei politiske vedtaka skjer for langt unna folk, og det svekkjer demokratiet. Eit slagord som slo an i EF-kampen, var slik: «Det er langt til Oslo, men det er lengre til Brussel». Nei-sida meiner òg at Noreg greier seg sjølv, og at det ikkje finst økonomiske argument for ein medlemskap. Eit anna viktig argument for EU-motstandarane er at Noreg får for lite å seie når EU gjer fleirtalsvedtak, sidan Noreg har så få innbyggjarar og difor ikkje vil ha særleg innverknad. Nokre av EU-motstandarane, særleg KrF- og Ap-folk som er imot EU, er tilhengjarar av EØS-avtalen. Andre EU-motstandarar, mellom anna i partia SV og Senterpartiet, er imot EØS-avtalen òg.

EU-tilhengjarane meiner at Noreg ved å stå utanfor EU ikkje får vere med og bestemme i organa som fastset den politikken som òg vert gjeldande for Noreg. Medan nesten alle andre europeiske statar er med i rådslagingane, sit Noreg «på gangen» i viktige spørsmål som òg gjeld norske interesser. Dei viser til at det meste av politikken til EU òg gjeld for Noreg, på grunn av avtalane Noreg har med EU. Eit regjeringsoppnemnt ekspertutval konkluderte i 2012 med at Noreg i røynda er 3/4 medlem av EU, og at Noreg til dømes er meir med i EU enn EU-medlemen Storbritannia. Noreg innfører i praksis alle lover og forskrifter som følgjer av EØS-avtalen, og i motsetnad til Storbritannia er Noreg med i Schengen-samarbeidet. Noreg har reservasjonsrett mot nye EU-vedtak, men denne retten vert i realiteten aldri brukt. Då, meiner EU-tilhengjarane, er det udemokratisk og svært lite fornuftig at Noreg ikkje er med og vedtek politikken òg.

Det er først og fremst Høgre og Arbeidarpartiet som støttar norsk medlemskap i EU, men dei står ikkje samla i spørsmålet. Særleg i Arbeidarpartiet har det alltid vore ein sterk EU-motstand. Sidan motstanden mot EU har vore så stor på norske meiningsmålingar dei siste åra, tek desse partia sjeldan initiativ til ein ny EU-debatt. Senterpartiet har vore det partiet som har markert seg sterkast imot EU. Også SV, Raudt og KrF er klart imot EU-medlemskap. Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og Framstegspartiet har ikkje som parti ei klar haldning for eller imot norsk medlemskap.

Samarbeidet Noreg – EU i praksis

Noreg er truleg tettare knytt til EU enn dei fleste nordmenn er klar over. 80 prosent av varene Noreg eksporterer, går til EU-landa, og 60 prosent av det vi importerer, kjem frå desse landa. I kvar tredje norske lov EU-reglar inkluderte. I kommunestyra har som regel over halvparten av sakene opphav i Brussel. Tre firedelar av EU-lovgivinga er gjort gjeldande i Noreg. 9 av 10 arbeidsinnvandrarar til Noreg kjem frå EU-landa.

På grunn av EØS-avtalen er Noreg forplikta til å ta inn nye lover frå EU. Sidan Noreg ikkje er EU-medlem, kan vi ikkje ta vare på norske interesser på same måten som EU-landa tar vare på sine interesser ved å vere med i den politiske vedtaksfasen. Difor prøver Noreg å påverke sakshandsaminga før sakene kjem på bordet til politikarane, ved å ha møte med EU-byråkratar og ved å prøve å få andre land til å fremje norske interesser. Noreg betaler årleg nesten 4 milliardar kroner i kontingent til EU som del av EØS-avtalen. Delar av innbetalingane bruker Noreg på om lag 50 norske ekspertar som arbeider som uavhengige sakshandsamarar for EU-byråkratiet. Desse ekspertane rapporterer heim til norske styresmakter når dei ser det kjem saker som er viktige for Noreg.

Det er ein eigen norsk utanriksdelegasjon i Brussel – EU-delegasjonen – med 55 medarbeidarar. Ingen andre stader har norsk utanriksteneste ein så stor delegasjon. Det er særmerkt for EU-delegasjonen at dei som arbeider der, ikkje berre kjem frå Utanriksdepartementet, men frå nesten alle departementa. Det illustrerer kor breitt samarbeidet med EU femner. Dei norske medarbeidarane i EU-delegasjonen prøver å fremje norske interesser ved å ha møte med sakshandsamarar og politikarar i EU, og ved å rapportere heim til dei norske styresmaktene om saker som er viktige for Noreg.

EU - Regionsamling for Noregs ambassadørar i Brussel 30. april 2015. Foto Lars-Erik Hauge, EU-delegasjonen, Mission of Norway to the EU på Flickr.com CC BY 2.0.jpg?w=600

Regionsamling for Noregs ambassadørar i Brussel 30. april 2015, med dåverande statsråd ved Statsministerens kontor med ansvar for samordning av EØS-saker og forholdet til EU, Vidar Helgesen. Foto: Lars-Erik Hauge/EU-delegasjonen, Mission of Norway to the EU på Flickr.com CC BY 2.0.

Tilfellet Storbritannia

Dei to første statsministarane i Storbritannia i tiåret etter andre verdskrigen, Clement Attlee og Winston Churchill, var begge svært positive til opprettinga av kol- og stålunionen i Europa – bortsett frå at dei aldri førestilte seg at Storbritannia skulle vere med. To omstende gjorde at Storbritannia ikkje var mellom kjernelanda, verken i startfasen til den europeiske fellesskapen eller seinare i EU. Det hang saman med at britane såg på sine interesser som annleis enn interessene til dei europeiske kjernelanda på kontinentet. For det første gjorde den britiske kanalen at britisk jord ikkje vart invadert av andre styrkar under verdskrigane. Britane kjende ikkje behovet for ei ny organisering mellom landa like sterkt på kroppen. For det andre var Storbritannia ei sterk militærmakt, med utstrekt handel med koloniane i det tidlegare britiske imperiet. Sidan britane handla meir med dei tidlegare koloniane og Samveldet enn med dei europeiske kjernelanda, hadde dei ikkje like sterke økonomiske interesser knytte til dei europeiske landa som det landa i kol- og stålunionen hadde.

I 1961 søkte britane likevel om medlemskap i EF. Årsaka var frykt for å hamne på etterskot økonomisk og ei erkjenning av at den gamle imperiemakta, etter kvart som koloniane fekk sjølvstende, var svekt. Såleis hadde dei no bruk for økonomiske og politisk støtte i Europa. Dessutan gav USA signal om at dei ikkje ville gi britane mange særfordelar. Men den franske generalen Charles de Gaulle ønskte ikkje at Storbritannia skulle vere med, for det ville føre til mindre makt i EF for Frankrike sin del. Han la ned veto mot medlemskap for Storbritannia to gonger. Først i 1973 vart Storbritannia medlem.

Britisk EU-politikk er framleis prega av den historiske rolla til landet og at landet er plassert geografisk utanfor det europeiske kontinentet. Britane støttar meir marknadsfridom i Europa, men vil ha mindre felles politisk regulering. Dei ønskjer altså å vere med i det økonomiske samarbeidet. Britane var positive til den indre marknaden, som dei rekna med ville vere gunstig mellom anna for den sterke britiske finanssektoren (det vil seie bankar og forsikringsselskap). På den andre sida er det ein utbreidd skepsis til overnasjonal politisk regulering i Storbritannia, og britane har ofte prøvd å hindre vedtak som aukar delegeringa av overnasjonal makt til EU-organ.

Særleg det konservative partiet i Storbritannia har vore EU-skeptisk. Men dei konservative har likevel vorte utfordra av eit nytt høgrepopulistisk og innvandringskritisk parti som er imot EU, nemleg UKIP (Sjølvstendepartiet). UKIP vart jamvel det største partiet i Storbritannia under valet til EU-parlamentet i 2014, med 27,5 prosent av røystene.

David Cameron lova som statsministar for dei konservative i 2013 å halde folkerøysting om medlemskapen i EU innan 2017 dersom dei konservative vann valet våren 2015. Folkerøystinga gjekk av stabelen 23. juni 2016 etter store politiske diskusjonar. Det britiske folket røysta då for å melde seg ut av EU. Det endelege valresultatet viser at 51,9 prosent av britane røysta for å melde seg ut av EU, medan 48, 1 prosent røysta for å bli verande som medlem. Valdeltakinga var på 72,2 prosent. Resultatet av "Brexit" skapte sjokk i Europa og vert omtala som eit politisk jordskjelv. Det britiske pundet raste ned til ein verdi som ikkje hadde vore lågare sidan 1985. Statsminister David Cameron varsla allereie morgonen etter folkerøystinga at han går av etter at han tapte slaget om britisk EU-medlemskap. At Storbritannia no skal forlate EU vil påverke heile unionen.


Storbritannias statsminister David Cameron og den tyske forbundskanslaren Angela Merkel under konferansen Supporting Syria & the Region i London i 2016. Foto: DFID - UK Department for International Development, Flickr.com CC BY 2.0.

Storbritannias statsminister David Cameron og den tyske forbundskanslaren Angela Merkel under konferansen Supporting Syria & the Region i London i 2016. Foto: DFID - UK Department for International Development, Flickr.com CC BY 2.0.

Framtida for EU

I EU-landa er skepsisen til meir overnasjonalitet ofte størst i dei rikaste landa, med best fungerande statsapparat. I dei fattigare landa, der tilliten til eigne nasjonale politikarar stundom er låg, vonar derimot innbyggjarane ofte på meir handling frå EU. At innbyggjarane i Storbritannia har røysta for å forlate EU, vil endre EU for all framtid, men korleis er for tidleg å seie. Den britiske nei-sida meiner at EU no er døyande.

EU har vorte kritisert for å vere ein rikmannsklubb og for å kunne verte ein superstat. Men i nyare tid har kritikken mot EU òg vore det motsette. Kritikarane har ønskt eit rikare og meir handlekraftig EU. Dei har sett føre seg at EU er ein rikmannsklubb som kan overføre meir pengar til dei kriseramma sør-europeiske landa, eller at det er ein superstat som kan ta seg av meir av presserande utfordringar. Det illustrerer eit sentralt dilemma i EU-politikken. På den eine sida ønskjer borgarane i EU at EU skal vere med på å løyse kriser som oppstår. Men samstundes er ikkje veljarane villige til å overføre mykje makt til EU-institusjonane. Slik vert EU ofte ei skyteskive for kritikk, medan det kan vere nasjonalstatane som er den rette adressaten. Til dømes under flyktningkrisa i 2015 kravde mange at EU tok ei sterkare leiarrolle. Samstundes vegra mange av EU-landa seg for å vere med på ein felleseuropeisk avtale som gjorde at byrdefordelinga mellom landa vart likare. EU-makta er ikkje større enn den makta nasjonalstatane gir frå seg. EU vert ofte ein møtearena der EU-landa arbeider seg fram til kompromiss.

Dei siste åra har vore prega av nedgangstid i Europa. Framover vert tre moglege utviklingsretningar for EU peika ut av konkurrerande politiske grupperingar.

For det første er «Medlemslands-EU» svaret til dei som først og fremst vil at nasjonalstatane skal kontrollere EU. Dei er skeptiske til nye reformer som gir meir makt til Europaparlamentet eller overfører nye sakstypar til fleirtalsavgjerder i Rådet. Det er truleg denne linja som står sterkast hos dei fleste politiske leiarane i medlemslanda og blant borgarane i dag.

For det andre ønskjer ei anna gruppe meir føderalisme og meir makt til EU. Dei ser for seg at EU-institusjonane skal likne endå meir på dei nasjonalstatlege institusjonane, med ei EU-regjering og ei lovgivande forsamling med to kammer – eit med direkte valde representantar, slik som Europaparlamentet, og eit overhus med representantar for regjeringane, i den rolla Rådet har i dag. Denne gruppa ønskjer at EU skal bestemme over fleire saksområde, og mange EU-parlamentarikarar ønskjer ei slik utvikling.

Ei tredje gruppering ønskjer mindre politisk innblanding frå det politiske nivået i EU, men er tilhengjarar av ei vidareutvikling av den økonomiske fellesmarknaden.

Under kriser som finanskrisa i åra etter 2008 oppstår ofte ny EU-politikk. Institusjonelle reformer for å byggje politisk handlekraft bøter på problema som vart tydelege under krisa. Samstundes vert EU-systemet stundom kritisert for å ha eit demokratisk underskot. Eit døme på begge delar var då finanskrisa førte til EU-vedtak om ei sterkare regulering av bankvesenet i Europa i regi av EU – og dermed ny overføring av suverenitet frå nasjonalstatane til EU. Dei som i hovudsak handterte krisa, var teknokratane i den europeiske sentralbanken, i samforstand med det mektigaste EU-landet, Tyskland, vel så mykje som politikarane i EU-institusjonane.

Mykje taler for at EU-landa kunne ha tent på ein meir koordinert politikk. Så lenge EU-institusjonane ikkje har større tillit enn i dag, er det likevel lite sannsynleg at det vil kome større institusjonelle endringar i den nærmaste framtida. Tettare EU-integrasjon inneber overføring av makt til EU frå nasjonalstatane. Ein føresetnad for meir integrasjon er at EU-politikken vert sterkare forankra blant vanlege folk enn det som har vore tilfellet dei siste åra. Slagordet frå den norske EU-debatten om at det er langt til hovudstaden, men endå lengre til Brussel, er difor relevant elles i Europa òg.

Kjelder


Brian Wheeler og Alex Hunt: "The UK`s EU referendum: All you need to know". Digital utgåve, bbc.com, publisert 1. mars 2016: http://www.bbc.com/news/uk-politics-32810887 [lesedato 18.3.2016]

Dag Harald Claes og Tor Egil Førland: EU. Mellomstatlig samarbeid og politisk system. Oslo 2014

Erik Oddvar Eriksen: Hva er EU godt for? Oslo 2015

Luuk van Middelaar: The Passage to Europe. London 2013

Kjetil Wiedswang: Europaveien. Eu, krisen og vi andre. Oslo 2012

Roger Sevrin Bruland: «Sverige innfører midlertidige grensekontroller», nrk.no, publisert 11.11. 2015: http://www.nrk.no/urix/sverige-innforer-midlertidige-grensekontroller-1.12649102 [lesedato 23.12. 2015]

«Det europeiske frihandelsforbund». Regjeringa, Nærings- og fiskeridepartementet, regeringa.no, publisert 13.12.2013: http://www.regjeringa.no/nb/dep/nfd/tema/frihandelsavtaler/efta.html?id=438841 [lesedato 15.12.2015]

«EU relations with Norway». EU, European Union external action, eeas.europa.eu: http://eeas.europa.eu/norway/ [lesedato 15.12.2015]

«The European Council». EU, European Council, concilium.europa.eu: http://www.european-council.europa.eu/the-institution?lang=en [lesedato 15.12.2015]

«Europapolitikk. Informasjon om Norges samarbeid med EU». Regjeringa, Utanriksdepartementet, regjeringa.no: https://www.regjeringa.no/no/tema/europapolitikk/id1151/ [lesedato 15.12.2015]

«Fakta om EU». Folketinget, EU-oplysningen, eu.dk: http://www.eu-oplysningen.dk/guide/alle/vejviser/ [lesedato 15.12.2015]

Robert Hansen: «Om EU- og EFTA-domstolene». Digital utgåve, arbeidslivet.no, publisert 2.10.13: http://www.arbeidslivet.no/Internasjonalisering/EU-og-EOS/EU-og-EFTA-domstolen/ [lesedato 15.12.2015]

Arne Jon Isachsen: «Storbritannia ut av EU?». Digital utgåve, e24.no, publisert 27.5.2013: http://e24.no/kommentarer/kommentar-storbritannia-ut-av-eu/20372382 [lesedato 15.12.2015]

Gunnar Magnus: «Nordmenn betaler mer til EU enn franskmenn og italienere». Digital utgåve, aftenposten.no, publisert 23.1.2012: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/Nordmenn-betaler-mer-til-EU-enn-franskmenn-og-italienere-6747386.html [lesedato 15.12.2015]

King, Victoria et.al, BBC: "Live reporting: EU referendum: david Cameron to resign" Publisert 24.16.2016 http://www.bbc.com/news/live/uk-politics-36570120

NOU 2012:2 Utenfor og innenfor – Norges avtaler med EU. Digital utgåve Regjeringa, Utanriksdepartementet, regjeringa.no: https://www.regjeringa.no/no/dokumenter/nou-2012-2/id669368/ [lesedato 15.12.2015]

«Public opinion». EU, European commission, ec.europa.eu: http://ec.europa.eu/public_opinion/index_en.htm [lesedato 15.12.2015]

Ole Steinar Tøtlandsmo og Inga Berntsen Rudi: «Hva er EU?». Digitale læremilder for videregående opplæring, ndla.no: http://ndla.no/nb/node/7947 [lesedato 15.12.2015]

«Voting system». EU, European Council, concilium.europa.eu: http://www.consilium.europa.eu/en/council-eu/voting-system/ [lesedato 15.12.2015]

Espen Aas: «Britiske velgere mente alvor med UKIP». Digital utgåve, nrk.no, publisert 23.5.2014: http://www.nrk.no/verden/stor-suksess-for-ukip-i-valget-1.11736130 [lesedato 15.12.2015]

Peikarar

Nettstaden til EU

Heimesida til Nei til EU

Heimesida til Europabevegelsen

Først publisert: 29.02.2016
Sist oppdatert: 24.03.2017