Karbonpris er prisen ein aktør må betale for retten til å sleppe ut klimagassar tilsvarande eitt tonn karbondioksid i atmosfæren. Noreg er mellom dei landa som har innført karbonpris.

Bakgrunn

Karbonprising er basert på at klimagassutslepp fører med seg samfunnsøkonomiske kostnader – til dømes lokal forureining, ekstremvêr, folkehelseproblem og fallande jordbruksavlingar som følgje av den globale oppvarminga – som ingen betaler for i marknaden. Karbonprising er meint å løyse dette problemet ved å la den som står for utsleppa, betale for dei. Det vil igjen gjere produkt som fører til store klimagassutslepp dyrare enn andre produkt. Ifølgje økonomisk teori vil dette motivere dei som slepper ut klimagassar til å redusere utsleppa sine, til dømes ved å investere i ny teknologi eller leggje om produksjonen. Ideen om karbonprising er avhengig av at så mange land og sektorar som råd er omfatta av ordninga. Viss ikkje, kan karbonprising føre til at utsleppsintensiv industri flyttar til land utan karbonprising, såkalla karbonlekkasje.

Prisregulering

Estimata på den samfunnsmessige kostnaden ved å sleppe ut eitt ekstra tonn karbondioksid, varierer etter kva faktorar ein inkluderer. Dei amerikanske styresmaktene nytta ein kostnad på 37 amerikanske dollar i 2015. Forskarar frå Stanford University har estimert at kostnaden i staden ligg på 220 amerikanske dollar. Alle modellar tilseier at kostnaden vil auke i framtida, etter kvart som konsekvensane av klimaendringane blir meir merkbare. Den estimerte kostnaden avgjer kva for klimatiltak som er lønsame i ein samfunnsmessig kost/nytte-rekneskap.

Karbonprising finst i fleire former, til dømes:

  • avgift på klimagassutslepp (karbonskatt eller CO2-avgift)
  • handel med utsleppsrettar (kvotehandel)
  • resultatbaserte tilskot

Karbonskatt

Karbonskatt fører til at karbonprisen ligg fast. Karbonskatt er etterretteleg og føreseieleg, men kan ikkje garantere reelle utsleppskutt, sidan alle aktørar kan halde fram med å sleppe ut så mykje som dei har råd til. Ei anna ulempe er at styresmaktene, som bestemmer nivået og dekningsgraden til skatten, ofte vil velje å frita store utsleppsaktørar frå skatten av omsyn til arbeidsplassar eller konkurranseevne, eller betale aktørane tilbake i form av subsidiar på til dømes fossil energi.

Kvotehandel

Handel med utsleppsrettar, kalla klimakvoter, garanterer i teorien reelle utsleppskutt fordi det totale utsleppstaket ligg fast, medan kvoteprisen varierer med marknaden. Fordelen er at i ein ideell marknad vil den rette prisen oppstå gjennom tilbod og etterspørsel. Nokre ulemper er at mange aktørar vil ha interesse av å setje utsleppstaket høgt, at overvakingssystema som skal sikre reelle utsleppskutt, ofte er svake eller ikkje-eksisterande, og at det ikkje finst gode sanksjonsmekanismar for land som overskrid utsleppsrettane sine.

Karbonpris i Noreg

Noreg innførte CO2-avgift i 1991. Avgifta omfatta først mineralolje, bensin og utslepp frå forbrenning av olje og gassnorsk sokkel. Seinare er fossil gass, naturgass og flytande propan inkludert. Stortinget avgjer storleiken på avgiftene, som varierer med sektor og produkt. I 2015 varierte avgiftene frå om lag 25 kroner for naturgass som blir brukt av industri som er omfatta av kvoteplikt, til om lag 400 kroner for naturgass til bruk på norsk sokkel. Nokre sektorar er fritekne frå heile eller delar av avgifta. Til dømes har mellom anna skip i utanriksfart, fiske og fangst, gods- og passasjertransport i innanriks sjøfart og metallurgiske og mineralogiske prosessar, fritak for avgift på fossil gass.

Det er òg fritak for eller reduksjon av avgifter på mineralolje eller bensin som er blanda med bioetanol eller biodiesel. Fordi Noreg er tilslutta EU sitt klimakvotesystem, blir avgiftene samkøyrde med dette kvotesystemet. Dette gjer at bedrifter i hovudsak berre skal betale gjennom eitt av systema. I 2014 blei det betalt vel 14 milliardar kroner i avgifter på klimagassutslepp. Dette inkluderer både CO2-avgift og klimakvotar. Bedriftene rapporterer sjølve inn klimagassutsleppa sine kvart år til Miljødirektoratet, som kontrollerer og godkjenner utsleppa.

Noreg innførte i 2012 ei kompensasjonsordning for industrien, der bedrifter kan få refundert kostnader knytte til klimagassutslepp i kraftavtalane sine. I 2015 var refusjonsordninga basert på ein kvotepris på 51,68 kroner per tonn CO2.

Karbonpris i verda

I 2014 hadde om lag 40 land innført ei form for karbonprising. Den største marknaden for handel med utsleppsrettar er EUs kvotesystem, med regionale kvotemarknader internt i Kina på ein andreplass. I 2014 varierte karbonprisen frå 1 amerikansk dollar (kvotehandelssystemet i New Zealand) til 168 amerikanske dollar (CO2-avgifta i Sverige).

Ei rekkje økonomar og institusjonar hevdar at karbonprising er det mest kostnadseffektive og verknadsfulle verktøyet for å redusere klimagassutsleppa. Kritikarane peikar på at sjølv om karbonprising kan vere viktig, er det ikkje ei universalløysing på klimaproblemet. Erfaring viser mellom anna at karbonprising ikkje er tilstrekkeleg til å stimulere til utvikling og bruk av ny teknologi. Det kjem delvis av at karbonprisen i dag er for låg til å stimulere industrien til grunnleggjande og langsiktig omstilling, og delvis av at ny teknologi treng tilgang på risikokapital og målretta tiltak som utviklings- og utbyggingsstøtte i startfasen, for å få tilstrekkeleg marknadstilgang til å bli konkurransedyktig. Karbonprising er eit teknologinøytralt verktøy som berre favoriserer teknologiomstilling i den grad slik omstilling er billegare enn å betale karbonprisen.

Global karbonpris

Ein global karbonpris, helst i form av ein internasjonal kvotemarknad, har vore den viktigaste klimapolitiske målsetjinga for norske styresmakter sidan den norske klimapolitikken blei utforma i byrjinga av 1990-åra. I 2014 inviterte Verdsbanken land og selskap til å skrive under på ei erklæring om å støtte innføring av ein global karbonpris. Sommaren 2015 sende seks av dei største oljeselskapa i verda, mellom dei Statoil (no Equinor), eit brev til FNs klimasekretariat, der dei bad om at FNs klimaforhandlingar måtte føre til eit internasjonalt rammeverk som kan koordinere alle eksisterande og komande system for karbonprising. Det er likevel ingenting som tyder på at ein global karbonpris er nært føreståande.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Erik Martiniussen: Drivhuseffekten. Klimapolitikken som forsvant. Oslo 2013

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg