Hopp til innhold
X
Innhald

Kommunesamanslåing

Kommunesamanslåing inneber at éin eller fleire eksisterande kommunar slår seg saman til éin kommune. Kommunesamanslåing er blant dei mest omdiskuterte politiske sakene i Noreg i etterkrigstida, og den sitjande regjeringa (2016) har gjort kommunereforma til ei fanesak.

Ein kommune er ei geografisk avgrensa eining med eit visst indre sjølvstyre. Staten kan i stor grad styre kommunane og påleggje dei oppgåver. Kommunane får òg ein stor del av inntektene sine gjennom statlege overføringar. Dei første sjølvstyrte kommunane kom med formannskapslovene i 1837. Gjennom desse lovene blei det kommunale sjølvstyret lovfesta av Stortinget, og dermed var grunnlaget for lokaldemokratiet lagt. Etter dette har både talet på kommunar, oppgåver og økonomi variert mykje. I dag er det 428 kommunar i Noreg. Våren 2017 vedtek stortingsfleirtalet å redusere talet på kommunar frå 428 til 358 1.1.2020.

For regjeringa som kom til makta etter valet i 2013, med Erna Solberg som statsminister, har eit av dei store politiske prosjekta vore å redusere talet på kommunar i Noreg. Det var den første saka dei fire borgarlege samarbeidspartia la fram at dei ville gjennomføre etter at dei fekk fleirtal i stortingsvalet 2013.

Kommunereforma er i gang, med fleire formaliserte vedtak i Stortinget og regjeringa, og med pålegg til alle kommunane i landet. Dersom kommunane sjølve går imot, kan, ifølgje inndelingslova, Stortinget likevel gjere vedtak om samanslåing. Elles er det regjeringa som tek den endelege avgjerda.

Kommunereforma er svært omdiskutert. Frå regjeringa blir det argumentert med kvalitet på tenestene, heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, økonomisk berekraft og styrkt lokaldemokrati. Det blir òg varsla større oppgåver og meir ansvar for kommunar som slår seg saman.

Argumenta har ikkje stått uimotsagde. Både i politiske og akademiske miljø og i lokalsamfunna er det stor motstand. Særleg argumentet om styrkt demokrati blir forsøkt avkledd. Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti stiller seg ikkje bak kommunereforma, som elles har brei oppslutning i Stortinget.

Større kommunar og større oppgåver

3. januar 2014 blei eit ekspertutval sett ned av regjeringa, det såkalla Vabo-utvalet. 31. mars kom ein delrapport der utvalet kom med nokre tilrådingar, mellom anna å redusere den statlege detaljstyringa av kommunane og å tilpasse kommunestrukturen til «funksjonelle samfunnsutviklingsområde». Det sistnemnde viser til endringar i kommunikasjons- og busetjingsmønsteret, og at kommunegrensene bør spegle desse endringane. Mest merksemd fekk tilrådinga om at ein kommune bør ha minst 15 000–20 000 innbyggjarar for å sikre ei god oppgåveløysing.

På bakgrunn av Vabo-utvalet sitt arbeid blei det laga ein kommuneproposisjon (Prop. 95 S (2013-2014)), vedteken i statsråd 14. mai 2014. Her blir planane for kommunereforma skisserte. Regjeringa presiserer at målet om 15 000–20 000 innbyggjarar per kommune ikkje bør vere eit absolutt krav. Samstundes blir det understreka at enkelte oppgåver krev kommunar av ein viss storleik, til dømes barnevern, PPT og legevakt. Det blir òg peika på manglande samsvar mellom administrative og funksjonelle inndelingar i den strukturen vi har i dag, slik Vabo-utvalet viser til.

Regjeringa sine uttalte mål med kommunereforma blir oppsummerte i fire punkt i den nemnde stortingsproposisjonen: gode og likeverdige tenester til innbyggjarane, heilskapleg og samordna samfunnsutvikling, berekraftige og økonomisk robuste kommunar og styrkt lokaldemokrati. Større kommunar er eit gjennomgåande mål. Det blir understreka at «større og mer robuste» kommunar, kan vente større oppgåver og meir ansvar enn dei kommunane har i dag.

I ei stortingsmelding som kom i mars 2015 (Meld. St. 14 (2014-2015)) blir det sett nærmare på kva for oppgåver dette kan vere. Departementet går mellom anna inn for at tannhelsetenesta, i enkelte tilfelle distriktspsykiatriske senter og ein del tilskotsordningar innanfor bustadpolitikk og etablering blir overførte til kommunane. Vidaregåande skule blir vurdert som ei for stor oppgåve for kommunane. Meldinga baserer seg på sluttrapporten til Vabo-utvalet, som kom i desember 2014.

Kommunereforma 2013–2020

Med utgangspunkt i statlege signal og utgreiingar har alle kommunane i Noreg greia ut samanslåing med éi eller fleire nabokommunar.

Utgangspunktet for dei lokale prosessane er eit stortingsvedtak frå juni 2014. Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Arbeidarpartiet uttrykte at dei var «positive til at alle landets kommuner høsten 2014 inviteres til å delta i prosesser med sikte på å vurdere og å avklare om det er aktuelt å slå seg sammen med nabokommuner. Flertallet forventer at kommunene på en god måte fra starten av en slik prosess involverer innbyggere.» Det same stortingsfleirtalet understrekar at ein først og fremst går for frivillig samanslåing, men at tvangssamanslåingar heller ikkje er utelukka.

Då prosessen blei avslutta i januar 2017 hadde 94 kommunar gjort vedtak om å slå seg saman til 39 kommunar frå 2020. Dei første fem kommunane blir oppretta 1.1.2018. 9 kommunar i Vestfold blir til 4, og 2 i Trøndelag blir til 1. I tillegg har Høgre, Framstegspartiet og Venstre blitt samde om å redusere talet med ytterlegare 13 kommunar. Dei har fleirtal i Stortinget no, men det er uklart kva som skjer med dei 13 kommunane etter stortingsvalet. Arbeidarpartiet og Senterpartiet har lova å endre vedtak om tvangssamanslåing dersom kommunane tek initiativ til det sjølve.

Størst endringar blir det i Vestfold, som går frå 14 til seks kommunar. Berre Horten kommune blir verande uendra. Også i Vest-Agder, Østfold, Sogn og Fjordane, Hordaland og Nord-Trøndelag blir talet på kommunar redusert med 25 % eller meir etter denne reforma.

I Oslo, Aust-Agder, Oppland og Hedmark blir det ingen endringar som følgje av vedtaka i kommunereforma.

Fleire av kommunesamanslåingane er på tvers av dagens fylkesgrenser. Dette gjeld Aurskog-Høland og Rømskog i Akershus og Østfold, Svelvik, Drammen og Nedre Eiker i Vestfold og Buskerud, Asker, Røyken og Hurum i Akershus og Buskerud, Hornindal og Volda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, Halsa, Hemne og ein tredjedel av Snillfjord i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, Leksvik og Rissa i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag og Tjeldsund og Skånland i Nordland og Troms.

Debatten om kommunereforma

Kommunesamanslåing blir debattert både lokalt og på landsplan. Fagmiljø og sentrale politikarar har òg kome med innspel av ulike slag. Hallvard Bakke, tidlegare statsråd og stortingspolitikar for Arbeidarpartiet, er fast spaltist Klassekampen, og i ein artikkel 30. januar 2015 viser han til fleire undersøkingar som går imot demokrati-argumentet til regjeringa. Han peikar på at små kommunar gjennomgåande har hatt større valdeltaking enn store. Samstundes viser han til ei større innbyggjarundersøking gjennomført av Direktoratet for forvaltning og IKT, der det klart går fram at innbyggjarane i små kommunar er mest nøgde med tenestetilbodet.

Somme spør seg òg om regjeringa ønskjer større kommunar for storleiken si skuld, utan at føremålet er godt nok gjennomtenkt. Mellom anna skriv rådgivar i For velferdsstaten, Svenn Arne Lie, i eit innlegg: «Når målet ikke nevnes, og faktagrunnlaget ikke eksisterer, blir prosessen en debatt om man er for eller imot en løsning på et problem som ingen i debatten har definert.» Han peikar òg på at stortingsfleirtalet ikkje har gått inn for samanslåingar i seg sjølv, men ein prosess der føremålet er å finne ut om kommunestrukturen slik han er i dag, bør endrast.

Tidlegare kommunesamanslåingar

Temaet kommunesamanslåing er på ingen måte nytt i norsk politikk. Då Erna Solberg var kommunalminister frå 2001 til 2005, starta ho ein stor debatt kring kommunesamanslåingar, og det blei fleire stader gjort utgreiingar og/eller halde rådgivande folkerøystingar, mellom anna i Øvre Hallingdal, Sunnfjord og Indre Østfold. Ingen av stadene resulterte det i samanslåing.

I 1960-åra gjorde Schei-komiteen eit omfattande arbeid med å slå saman kommunar. I 1957 var det 744 kommunar i Noreg, i 1967 var talet 454. Dei fleste samanslåingane blei gjorde av Stortinget gjennom tvang. Schei-komiteen la den gongen ein storleik på 2500 til 3000 innbyggjarar til grunn, alternativt 5000 til 10 000, dersom geografiske omsyn gjorde det forsvarleg. Schei-komiteen hadde òg som premiss at kommunane skulle bli så store at dei hadde eit allsidig næringsliv, som kunne demme opp for fråflytting og i tillegg la til rette for ei rasjonalisering av skuleverket.

På same måten som ved våre dagars kommunereform var det eit mål for Schei-komiteen å tilpasse kommunestrukturen til endringar som hadde skjedd i kommunikasjons- og busetjingsmønsteret. Det blei presisert at kommunegrensene ikkje burde gå gjennom kommunesenter, og at ein kommunane ikkje burde liggje på begge sider av ein fjord eller eit havstykke. Dei største endringane i kommunestrukturen kom òg der ein hadde sett endringar i kommunikasjonsmønsteret, til dømes frå sjøtransport til landtransport, og der kommunane frå før var minst. Samstundes såg ein at endringane ikkje blei like overalt. I Vest-Agder blei talet på kommunar endra med 64 prosent, i Vestfold ikkje meir enn med 15 prosent. Dette står i motsetnad til kommunereforma i 2018–2020 der talet på kommunar i Vestfold blir redusert med 57 prosent.

Kommunar i Noreg.jpg?w=600

1.1.2020 vil vere den første gongen det er færre kommunar enn det var då dei blei oppretta 1.1.1838. Illustrasjon: Per Magnus Finnanger Sandsmark/ Allkunne.

Kjelder

Hallvard Bakke: «Ekspertutvalg?», Klassekampen 30.1.2015

St.meld. nr. 32 (1994-95), «Vedlegg 4. Dokumentasjon vedrørende kommuneinndelingen», odin.dep.no: http://web.archive.org/web/20050323142724/http://www.odin.dep.no/krd/norsk/dok/regpubl/stmeld/016051-040005/ved004-bn.html [lesedato 6.9.2015]

Framstegspartiet: «Handlingsprogram 2013–2017», frp.no: https://www.frp.no/hva-vi-mener/prinsipp-og-handlingsprogram [lesedato 3.8.2015]

Høgre: «Nye idear, betre løysingar», stortingsvalprogram 2013–2017, hoyre.no: http://www.hoyre.no/www/politikk/hoyres_programmer/hoyres_stortingsvalgprogram_2013-2017/Her+kan+du+lese+H%C3%B8yres+stortingsvalgprogram+2013-2017.d25-TNlLY03.ips [lesedato 3.8.2015]

Dag Jukvam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999

«Kommuneproposisjonen 2015» (Prop. 95 S (2013-2014)), regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Prop-95-S-20132014/id759298/ [lesedato 3.8.2015]

Svenn Arne Lie: «Svaret er kommunesammenslåing. Hva var spørsmålet?», velferdsstaten.no, publisert 23.3.2015: http://www.velferdsstaten.no/Forsiden/?article_id=129314 [lesedato 3.8.2015]

Lovdata: «Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova)», lovdata no: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2001-06-15-70 [lesedato 3.8.2015]

NRK (NTB): «Ber kommunene skaffe seg partnere», nrk.no, publisert 3.7.2014: http://www.nrk.no/norge/ber-kommunene-skaffe-seg-partnere-1.11811817 [lesedato 3.8.2015]

Klassekampen (NTB): «Svært få kommuner sier ja til sammenslåing», klassekampen.no, publisert 30.5.2015: http://klassekampen.no/article/20150530/NTBO/1137901349 [lesedato 3.8.2015]

Geir Thorsnæs og Ole T. Berg: «kommune», snl.no, sist oppdatert 13.11.2014: https://snl.no/kommune [lesedato 3.8.2015]

Regjeringa.no, om Schei-komiteen: «Historisk utvikling. Den norske kommunestrukturen opp gjennom tidene», sist oppdatert 27.9.2014: https://www.regjeringen.no/no/tema/kommuner-og-regioner/kommunereform/utviklingen-av-den-norske-kommunestruktu/id751352/ [lesedato 3.8.2015]

Regjeringa.no, om Vabo-utvalet, «Ekspertutvalg for kommunereform»: https://www.regjeringen.no/no/dep/kmd/org/styrer-rad-og-utvalg/Ekspertutvalg-for-kommunereform/id754000/ [lesedato 3.8.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Kommunetall», ssb.no: https://www.ssb.no/offentlig-sektor/kommunetall [lesedato 3.8.2015]

Meld. St. 14 (2014-2015), regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-14-2014-2015/id2401505/ [lesedato 3.8.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Peikarar

Regjeringa.no: «kommunereform.no – Robuste kommuner for framtida»

Først publisert: 15.09.2015
Sist oppdatert: 22.02.2017