Hopp til innhold
Anna Rogstad, første kvinne på på Stortinget, datert 19. mars 1911. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
Anna Rogstad, første kvinne på på Stortinget, datert 19. mars 1911. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
X
Innhald

Stemmerett for kvinner

Stemmerett for kvinner vart innført i Noreg i 1913. Noreg var eit av dei første landa i verda som gav kvinner stemmerett på lik linje med menn.

Kampen for stemmerett og innpass på den politiske arenaen var den viktigaste og mest omstridde saka til kvinnerørsla som voks fram i Noreg i 1880-åra. Kravet vart fremja i ei tid då eksisterande førestillingar om kvinna sin natur og plass i samfunnet vart utfordra av nye tankar om menneskeverd og likestilling mellom kjønna.
Medan ingen norske kvinner på denne tida hadde stemmerett, hadde avgrensa stemmerett for menn over 25 år vorte stadfesta i Grunnlova av 1814. Avgrensinga var basert på tanken om at somme var betre skikka og hadde meir rett til å ta del i viktige samfunnsavgjersler enn andre. Difor var det embetsmenn, byborgarar og jordeigarar som fekk stemmerett – det vil seie menn som hadde utdanning og kunnskap, eller som betalte skatt. I 1814 hadde under halvparten av norske menn stemmerett. Kring 1880 var det færre, ettersom fleire hadde vorte jordlause. Med innføringa av parlamentarismen i 1884 vart stemmeretten for menn noko utvida, ettersom avgrensinga no gjekk over til å vere basert på inntektsnivå. Allmenn stemmerett for menn over 25 år vart så vedteke i 1898.
Det tok nærmare 30 år frå kvinnestemmerett første gongen vart sett på dagsordenen på Stortinget i 1886, til kvinner fekk allmenn stemmerett. Det første gjennombrotet kom i 1901, då kvinner fekk avgrensa kommunal stemmerett basert på inntektsnivå. Det vil seie at kvinner over 25 år som sjølve betalte skatt av ei inntekt på minst 400 kroner i byane og 300 kroner på bygdene eller var gifte med ein mann som betalte tilsvarande skatt, fekk kommunal stemmerett.
I 1907 fekk kvinner avgrensa stemmerett ved stortingsval etter dei same avgrensingane som var vedtekne i 1901. Med dette fekk 53 prosent av norske kvinner over 25 år stemmerett. Norske historikarar har utpeika dette som den viktigaste milepålen i prosessen, då den prinsipielle motstanden mot allmenn stemmerett for kvinner etter dette vedtaket i praksis fall bort.
Kvinner på veg til å stemme i 1909, dei får utdelt kvite papir av ein funksjonær i uniform. Handkolorert dias. Foto: Anders Beer Wilse/ Norsk Teknisk Museum DM CC BY-NC-SAI 1910 fekk norske kvinner allmenn stemmerett ved kommuneval. I 1913 vart det vedteke allmenn stemmerett for kvinner ved stortingsval på like vilkår som for menn, samstundes som alle kvinner òg fekk rett til å kunne verte valde inn både på Stortinget og i kommunestyra.
Kampen for stemmerett var likevel ikkje over. Framleis hadde ikkje personar som fekk fattigstønad, lov til å stemme, og ikkje før i 1919 vart denne paragrafen i grunnlova oppheva. Det viste seg òg at innføringa av allmenn stemmerett for kvinner i dei følgjande tiåra ikkje resulterte i auka politisk engasjement blant kvinner, og dei var òg i liten grad representerte i politiske parti og i representative organ.
Noreg var det første sjølvstendige landet i verda der kvinner fekk stemmerett. New Zealand i 1893, Australia i 1902 og Finland i 1906 var tidlegare ute, men dette var ikkje suverene statar den gongen.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Stemmerettsparagrafen i 1913, endring i Grunnlova paragraf 50. Kredit: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND 2.0
Stemmerettsparagrafen i 1913, endring i Grunnlova paragraf 50. Kredit: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND 2.0
Utvida rettar
Norske kvinner hadde i 1880-åra betra stillinga si i samfunnet. Kvinner hadde fått same arverett som menn i 1854. Ugifte kvinner vart gjorde myndige i 1864, og deretter gifte kvinner i 1888. Kvinner fekk òg betre høve til å ta utdanning og velje yrke. I 1870 fekk dei til dømes rett til å arbeide som lærarinner. I 1882 fekk dei rett til å ta examen artium og i 1884 tilgang til universiteta.
Så tidleg som i 1894 fekk kvinner allmenn stemmerett i samband med lokale folkeavstemmingar som galdt alkoholspørsmål, og allereie året etter kunne dei bruke denne stemmeretten ved folkeavstemmingane om dei lokale brennevinssamlaga skulle leggjast ned.
Stemmerett for kvinner som kampsak
Då den aller første kvinnesaksforeininga, Norsk Kvinnesaksforening, vart skipa i 1884, med Gina Krog og Hagbard E. Berner som initiativtakarar, var stemmerett for kvinner på lik linje med menn ei av dei første sakene som vart diskuterte. Både Berner, som var leiar av foreininga, og andre medlemmer meinte at dette var ein altfor radikal ståstad. For ikkje å skape strid og splitting, gjekk difor Gina Krog, saman med ni andre, ut av foreininga og skipa Norsk Kvinnestemmerettsforening i 1885.
Kvinnestemmerettsforeininga heldt fast ved kravet om at kvinner burde få stemmerett på same vilkår som menn. Ideen om allmenne menneskerettar og om like rettar og plikter for menn og kvinner hadde på denne tida fått innpass i det norske samfunnet, og stemmerettskvinnene nytta desse prinsippa som argument for saka si. Kvinnestemmerett var ein kamp om rettferd.
Samstundes var ein i stemmerettsforeininga like opptekne av at kvinner òg hadde noko å tilføre den politiske debatten om dei berre fekk sjansen til å påverke lov og rett. Særleg kunne kvinnene kome med nye perspektiv og løysingar på sosialpolitiske spørsmål vart det argumentert med.
Dei aktive stemmerettsforkjemparane var i byrjinga ikkje mange, og foreininga si første utfordring var difor å overtyde fleire kvinner om å stille seg bak saka. Leiar Gina Krog, nesteleiar Anna Rogstad, Ragna Nielsen og Anna Bugge delte difor landet mellom seg og reiste rundt for å agiterte og spreie kunnskap om stemmeretten. Utover 1890-åra fekk rørsla allmenn oppslutning.
Støtte og motstand
Allereie i 1886 hadde stemmerettsforeininga sendt forslag til Stortinget om ei grunnlovsendring. Ettersom stemmerettskvinnene mangla dei direkte politiske kanalane, var det støttespelarane deira i den radikale fløya i partiet Venstre som formelt fekk sett saka på dagsordenen. Det var Viggo Ullmann, stortingsrepresentant og bror til Ragna Nielsen, som stilte seg i front for forslaget om å endre paragraf 50 i Grunnlova slik at norske borgarar med stemmerett òg inkluderte kvinner.
Viggo Ullmann. Foto Nasjonalbiblioteket, Flickr.com CC BY
Først i 1890 vart forslaget drøfta, men som i samfunnet elles møtte det motstand på Stortinget og vart forkasta med 70 mot 44 stemmer. Kvinna sin natur og karakter stod sentralt i motstandarane sine argument: Det låg ikkje i kvinna sin natur å ta del i det politiske livet, deira livsoppgåve var knytt til heimen. Om kvinner fekk stemmerett, ville det skape eit spenningstilhøve mellom kjønna og føre til oppløysing av familien som kjerneelement i samfunnsstrukturen. Også frå religiøst hald kom det kraftig motstand, der representantar for kyrkja argumenterte med at stemmerett for kvinner ikkje var i tråd med Bibelen si lære. Fleire var òg redde for kva det ville gjere med kvinnene om dei vart kasta inn i dei harde politiske realitetane, og var usikre på om kvinnene faktisk var mogne for oppgåva. «... det er Mandens Opgave at repræsentere, hans og ikke Kvindernes; det er Mandens Opgave at bære Byrderne, at bære de største og de sværeste Byrder, og at spare Kvinderne for disse ...». Slik uttrykte stortingsrepresentant for Høgre Nils Christian Hertzberg det under stortingsdebatten 5.–6. juni 1890.
Prinsipielt sett hadde saka brei støtte både hos Venstre og i arbeidarrørsla, som utover i 1890-åra fekk politisk slagkraft. I byrjinga hadde det vore lite støtte å hente hos partiet Høgre, men stemninga skifta etter kvart som saka utvikla seg. Då det i 1901 vart fremja forslag om avgrensa stemmerett for kvinner ved kommuneval, stilte Høgre seg bak dette.
(Artikkelen held fram under biletkarusellen.)
galleri
 
Splitting i stemmerettsforeininga
I 1897 vart kvinnestemmerettsforeininga splitta. At ein framleis ikkje hadde fått gjennomslag for saka på Stortinget, gjorde at ein internt i foreininga byrja å diskutere korleis ein skulle nå fram til det endelege målet. I 1897 gjekk fleirtalet i foreininga inn for å forlate den prinsipielle linja om stemmerett for kvinner på lik linje med menn, til fordel for det dei meinte var ei meir taktisk tilnærming om skrittvis utviding av kvinnestemmeretten. På bakgrunn av dette fremja fleirtalet eit forslag til Stortinget om avgrensa stemmerett for kvinner ved kommuneval.
Gina Krog vart kasta som leiar. I 1898 forlét ho Norsk Kvinnestemmerettsforening og skipa saman med andre tidlegare medlemer Landskvinnestemmerettsforeningen. Den nye foreininga overtok Norsk Kvinnestemmerettsforening sitt gamle program og heldt fram med å fremje forslag til Stortinget langs den prinsipielle linja.
Det var likevel den skrittvise tilnærminga til Norsk Kvinnestemmerettsforening som til slutt skulle vinne fram.
(Artikkelen held fram under videoen.)
 
Vegen mot politisk deltaking
Då eit samrøystes Storting 11. juni 1913 vedtok allmenn stemmerett for kvinner, var det formelle grunnlaget lagt for at kvinner skulle kunne påverke politiske avgjersler på same vilkår som menn i det norske samfunnet. Ein byrja no å arbeide for å få kvinnelege representantar inn på både Stortinget og i kommunestyra. Frå 1922 fekk kvinner òg rett til å sitje i regjeringa.
Vegen mot likestilling i politikken vart likevel lang. Anna Rogstad var den første kvinna på Stortinget, som vararepresentant i 1911. Den første kvinnelege stortingsrepresentanten vart ikkje direkte vald inn før i 1921. I åra før den andre verdskrigen var det aldri fleire enn tre kvinnelege representantar på Stortinget samtidig, og ikkje før i 1945 vart det utnemnt ein kvinneleg statsråd her i landet.
Frå 1969 auka talet kvinner på Stortinget kraftig samanlikna med tidlegare, truleg på grunn av opplysningskampanjar og aksjonar om kvinnerepresentasjon og etter kvart kjønnskvotering. Medan det i 1969 var 9,6 prosent kvinner på Stortinget, er prosenttalet 40,7 for stortingsperioden 2009–13.
I dei første tiåra etter 1913 var valdeltakinga svært låg blant norske kvinner. Ikkje før i 1980-åra var valdeltakinga tilnærma lik mellom kvinner og menn. Valundersøkingar viser at rundt 2010 nytta truleg kvinner stemmeretten sin i større grad enn menn.
Kjelder
Ida Blom: «En nasjon – to kjønn. Norge fra 1880-årene til 1913», Historisk tidsskrift, bd. 72, 1993
Anne Gamme: «Mandsstemmer har vi saa evigt nok af fra før.» Perspektiver på stemmerettsdebatt for kvinner i Norge 1898–1913, hovudfagsoppgåve. Universitetet i Oslo 2001
Gro Hagemann: «De stummes leir», i Ida Blom og Sølvi Sogner (red.): Med kjønnsperspektiv på norsk historie. Fra vikingtid til 2000-årsskiftet. Oslo 1999
Elisabeth Lønnå: Stolthet og kvinnekamp. Norsk Kvinnesaksforenings historie fra 1913. Oslo 1996
Audgunn Oltedal og Arnhild Skre (red.): Formødrenes stemmer. Kvinneliv rundt stemmeretten. Oslo 2013
Gunnhild Ramm Reistad: «Velferdsstatens mødre», Klassekampen 2.1.2013
«1913 Stemmerett for kvinner», eidsvoll1814.no: http://www.eidsvoll1814.no/?aid=9067896 [lesedato 6.1.2013]
«Stemmerettsjubileet 1913–2013. Fakta og historie», regjeringa.no, http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/kampanjer/allmenn-stemmerett/fakta-og-historie.html?id=653508 [lesedato 6.1.2013]
«Stemmeretten». stemmerett.no: http://www.stemmerett.no/ [lesedato 12.2.2013]
«Stemmeberettigede ere de norske Borgere» – Historisk utvikling i stemmerett, valgdeltakelse og valgte 1814–2009. Statistisk sentralbyrå, 2.12.2010, ssb.no: http://www.ssb.no/a/magasinet/blandet/stemrett_valg.pdf [lesedato 1.8.2013]
«Utsnitt av lovforslag, komité-innstillinger og debatter i Stortinget om Stemmerett for kvinner 17. mai 1814–11. juni 1913», Oslo 1963, stortinget.no: http://www.stortinget.no/Global/pdf/Diverse/Stemmerett%20for%20kvinner_hefte_1963_III.pdf?epslanguage=no [lesedato 3.8.2013]
Peikarar

Først publisert: 24.09.2013
Sist oppdatert: 28.01.2016