Jan-Petter Blom var ein norsk folkemusikkforskar, felespelar, pedagog og professor i sosialantropologi med musikologi som spesialfelt. Gjennom mange tiår var han ein pådrivar innanfor norsk folkemusikk.
I forskinga si kombinerte Blom kunnskapane sine innanfor musikk og antropologi. Han meinte at musikk vert formidla av kroppslege erfaringar, og utvikla ein anerkjend metodikk for å analysere rørslerytmar og samspelet mellom musikk og dans. Gjennom studiar av folkemusikk i inn- og utland var han med og skape faget etnomusikologi, der musikk vert forstått i ein brei kulturell samanheng. Han utmerkte seg òg som språksosiolog.
På det praktiske planet medverka Blom til å få i gang fleire utdanningstilbod i folkemusikk. Han var med og oppretta Ole Bull Akademiet på Voss, han leia komiteen som opna for folkemusikkstudiar ved Akademiet i Rauland, og han var initiativtakar til Griegakademiet i Bergen. Der var han professor i 1996–1998. For mange var han kjend som dommar ved tallause kappleikar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.