Ottar Brox var ein norsk sosiolog, sivilagronom og politikar. Han var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Troms i perioden 1973–1977, og har elles arbeidd som samfunnsforskar. Ottar Brox har gitt ut ei lang rekkje sakprosautgivingar og er spesielt kjent for Hva skjer i Nord-Norge? frå 1966.
Brox var ein allsidig samfunnsforskar. Han hadde ambisjon om å vera folkeopplysar og var ein ihuga talar og debattant, både i faglege og politiske samanhengar over eit breitt felt. Medan det er stadig meir vanleg for samfunnsforskarar å halda seg til sitt fagfelt, brukte han sitt faglege arbeid i den allmenne samfunnsdebatten. Han engasjerte seg politisk for å skapa offentleg interesse for det han fann ut gjennom forsking, men brukte også erfaringane som politikar og debattant som inspirasjon til nye forskingstema.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.