Faktaboks

Reidar Almås
Fødd
8. februar 1943, Melhus, Trøndelag

Reidar Almås er ein norsk professor emeritus i bygdesosiologi og regionalpolitikk og grunnleggjar av Norsk senter for bygdeforskning (no Ruralis ved NTNU). Grøn omsorg, samdrift og endringsprosessar på bygda er nokre av prosjekta han har forska på.

Bakgrunn

Han tok utdanning som sosiolog ved universiteta i Trondheim og Bergen. I 1973 tok han hovudfag i sosiologi, og i 1980 tok han doktorgraden ved Universitetet i Trondheim, med avhandlinga Nye organisasjonsformer i jordbruket. Han vart professor II ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved Universitetet i Trondheim (nå NTNU) i 1986 og professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk ved NTNU i 2001.

Almås har vore med og utvikla Norsk senter for bygdeforskning ved Universitetet i Trondheim (no Ruralis ved NTNU) sidan starten i 1982. Der var han dagleg leiar frå 1982 til 1998 og frå 2002 til 2007. I 2007 vart han professor på heiltid, og han er i dag professor emeritus.

Virke

Almås har forska på mange tema innanfor bygdesosiologi og norsk landbruk. Grøn omsorg, samdrift og endringsprosessar på bygda er nokre av dei prosjekta han har vore med på. Han har skrive ei rekkje bøker og artiklar om dei ulike forskingsemna. Bygdesosiologi (1985), Bygdeutvikling (1995) og Norges landbrukshistorie, bind IV: Frå bondesamfunn til bioindustri (2002) er døme på det.

For perioden 2008 til 2012 vart Almås vald som president i den internasjonale foreininga for bygdesosiologar, IRSA.

Utmerkingar

I 2011 vart Almås utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen sin som forskar og institusjonsbyggjar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg