Eidsvoll offentlege landsgymnas var det andre offentlege landsgymnaset i landet, skipa i 1922. Føremålet var at bygdeungdom lettare skulle få tilgang til høgare utdanning. Gymnaset var språkdelt og rekrutterte vesentleg ungdom frå Austlandet. Dagens Eidsvoll videregående skole er eit direkte framhald av Eidsvoll landsgymnas.
Som dei andre landsgymnasa gav Eidsvoll-gymnaset bygdeungdom høve til å ta examen artium på fire år, på grunnlag av folkeskule og framhalds- eller folkehøgskule. Gymnaset blei oppretta med reallinje og latinlinje, fekk engelsklinje i 1936, eit intermesso med norrønlinje frå 1941 til 1945 og naturfaglinje frå 1953. Skulen innførte treårig gymnas i 1955 og blei gjort om til vidaregåande skule i 1965. Gymnaset blei kjent for å ha fagleg dugande lærarar og oppnådde gode eksamensresultat.
Etter krigen blei Eidsvoll det største av landsgymnasa, og ei rekkje av elevane ved skulen fekk seinare sentrale posisjonar i det norske samfunnet. Dei siste elevane gjekk ut av Eidsvoll landsgymnas i 1966. Frå 1967 var gymnaset ein lokalskule som i 1976 fekk namnet Eidsvoll videregående skole. Skulen er i dag ein kombinert vidaregåande skule, eigd av Akershus fylkeskommune.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.