Faktaboks

Asbjørn Øverås
Fødd
4. april 1896, Nesset, Møre og Romsdal
Død
13. oktober 1966, Trondheim
Verke
Skolemann og historikar
Familie

Foreldre: Lærar og bonde Henning Øverås (1852–1927) og lærar Serine Hagen (1862–1946).

Gift 20.11.1921 i Kristiania med songlærar Olaug Hektoen (19.8.1898–27.1.1991), dotter til banksjef Ole Hektoen (1865–1928) og Ingebjørg Sørsdal (1870–1925).

Asbjørn Øverås var ein norsk skuleleiar og historikar. Han vart dr.philos. i 1937, og var rektor ved Katedralskolen i Trondheim frå 1938 til 1966.

Øverås sette eleven i høgsetet i den pedagogiske tenkinga si og var påverka av N. F. S. Grundtvig og folkehøgskuleideologien. Han skreiv mellom anna Frederik Moltke Bugge. Kulturarbeid og kulturstrid i 1830–40-åra (2 bind, 1949). Han var redaktør for Norsk Pedagogisk tidsskrift frå 1941 til 1945.

Øverås var formann i Noregs Mållag 1949–1952.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Asbjørn Øverås
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036777000326

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg