Faktaboks

Atle Kittang
Født
20. mars 1941, Flora
Død
1. juni 2013
Virke
Litteraturforsker
Familie

Foreldre: Skolesjef Didrik Amandus Kittang (1905–84) og Jorunn Alvhild Jenny Gimmestad (1912–92).

Gift 4.2.1967 med etnolog Oddlaug Reiakvam (16.9.1940–11.11.1996), datter av bonde Ingolv Solheim (1903–70) og Magnhild Reiakvam (1908–44).

Bokomslag
Bokomslag

Atle Kittang var ein leiande litteraturforskar som prega norsk litteraturvitskap frå slutten av 1960-talet til byrjinga av 2000-talet.

Internasjonalt markerte han seg tidleg med viktige bidrag om Arthur Rimbauds og Paul Éluards lyrikk. I Noreg og i Skandinavia elles er han mest kjent for bøkene sine om Hamsun og Ibsen, for dei litteraturteoretiske arbeida sine og ikkje minst for innføringsboka Lyriske strukturer (skriven saman med Asbjørn Aarseth).

Bakgrunn

Atle Kittang tok magistergrada i litteraturhistorie i 1966 ved Universitetet i Bergen, etter studieopphald ved Universitetet i Caen. Han disputerte for dr. philos.-grada i 1973 ved same universitet, som han var knytt til gjennom heile karrieren sin. Etter å ha vore universitetsstipendiat frå 1966 til 1970, med eitt års forskingsopphald i Paris, var han førstelektor i fransk litteratur i fire år, før han i 1974 vart utnemnd som den første professoren i Noreg i faget allmenn litteraturvitskap.

Han gjorde ein formidabel, institusjonell innsats for å opprette faget sitt som eit fullt utbygd studium med grunnfag, mellomfag og hovudfag (seinare avløyst av bachelorgrad og mastergrad). Takka vere både hans eigen og medarbeidarane sin innsats og dugleik vart allmenn litteraturvitskap eit av dei mest populære studia ved Det historisk-filosofiske (seinare Det humanistiske) fakultet i Bergen, og tiltrekte seg studentar frå heile landet.

Kittang hadde tysk og fransk som støttefag til magistergrada, og var oppteken av at framandspråkkompetansen til litteraturstudentane vart halden i hevd. Samtidig var det viktig for han at faget hans ikkje berre vart eit supplement, men også eit alternativ til dei etablerte språkfaga. Derfor la han stor vekt på det komparative og det teoretiske perspektivet på diktekunsten, i tillegg til det historiske. Han førte sjølv an og viste veg både i både i forskinga si og i undervisninga og rettleiinga si.

Litteraturteoretisk grunnsyn

Generelt kan Kittang sitt litteraturteoretiske grunnsyn karakteriserast som autonomiestetisk. Dette inneber at han oppfatta kvart enkelt verk – roman, drama eller dikt – som autonomt, med sin eigen indre struktur og lovmessigheit. Oftast har verka ei tyding som ikkje ligg klart i dagen, men som kan avdekkjast med tolmodig og lydhøyr analyse og tolking. Men han meinte sjølvsagt aldri at verket blir til og eksisterer i eit historisk, sosialt, ideologisk og biografisk vakuum, slik nokon har skulda han for. Han hevda med styrke at det finst noko spesifikt litterært både ved litteraturen allment, ved kvar enkelt sjanger og ved kvar enkelt tekst. Det er ifølgje han dette spesifikt litterære (litterariteten) som skil litteraturen frå andre språklege uttrykksformer. Like fullt heng litteraturen alltid saman med både ein historisk kontekst og andre uttrykk, som han ofte speler på, leikar med og utnyttar. Derfor endrar det spesifikt litterære seg frå epoke til epoke.

Grunnleggjande opererte Kittang med eit skilje mellom kunst og ideologi. Kunsten er utforskande, innovativ, full av overraskingar, kompleks og mangetydig, og er derfor ikkje sjeldan forvirrande eller urovekkjande. Ideologien er stadfestande og repeterande i forhold til eksisterande meiningar og idear, og han forsøkjer å skape ein einskap. Kunsten er ikkje høgt heva over ideologien, som speler ei viktig rolle også i litteraturen. Men kunsten, som er dialogisk og fleirstemmig (polyfon), motarbeider, dekonstruerer og overskrid ideologien, som er monologisk.

Blant Kittang sine litteraturteoretiske arbeid kan særleg Litteraturkritiske problem (1975) og Sju artiklar om litteraturvitskap (2001) og Diktekunstens relasjonar (2009) framhevast. Også Om litteraturhistorieskriving (gitt ut saman med Per Meldahl og Hans H. Skei) (1983) bør nemnast.

Lyrikken

Bokomslag

Lyriske strukturar, som Kittang skreiv saman med kollega Asbjørn Aarseth i 1968, vart ein lærebokklassikar.

For Kittang var lyrikken sjølve konsentratet av den litterære kunsten, og først og sist var det lyrikkforskar han var. Det finst knapt ein norsk litteraturstudent som ikkje kjenner den framifrå innføringsboka Lyriske strukturar, som han første gong gav ut i 1968 (saman med Asbjørn Aarseth). Då hadde han allereie forsvart magisteravhandlinga si om Paul Éluards surrealistiske kjærleiksdikt (publisert i Frankrike i 1969 med hovudtittelen D'amour de poésie). Lyriske strukturar viser innverknad frå ulike teoretikarar som Emil Staiger, Wolfgang Kayser og Jean-Pierre Richard og frå den amerikanske nykritikken. I Éluard-avhandlinga hentar Kittang eksplisitt inspirasjon frå Richard og den franskspråklege «tematiske» kritikken. Denne retninga var influert av Gaston Bachelard sitt fenomenologiske litteraturarbeidar, som Kittang også var oppteken av.

I doktoravhandlinga om lyrikken til Arthur Rimbaud (gitt ut i Frankrike i 1975 med hovudtittelen Discours et jeu) forfølgjer Kittang si interesse for poesien som det kontinuerlege forsøket til imaginasjonen på samanheng og syntese under det fragmentariske og kaotiske. I dette arbeidet er inspirasjonen frå den tematiske, fenomenologiske kritikken utvida, og det kunne knapt vorte til utan fordjuping i Hans-Georg Gadamers hermeneutikk, A.J. Greimas sin «strukturelle semantikk», Mikhail Bakhtin sine teoriar om den dialogiske karakteren i språket og fleirstemmigheita (polyfonien) i litteraturen, og dessutan i Hugo Friedrich sin analyse av korleis lyrikken frå og med Baudelaire gradvis vart tømt for overordna meining og konsentrert om sitt eige språklege uttrykk. Hovudtesen til doktoravhandlinga er at den «uleselege» lyrikken til Rimbaud overskreid og braut med det romantiske idealet om det inderlege eller ekspressivitet.

Det aller siste publikasjonen til Kittang, Poesiens hemmelege liv (2012), er også vigd lyrikk, og rommar ein serie inntrengjande diktanalysar, der både det tematisk-fenomenologiske perspektivet i magisteravhandlinga og det retorisk-estetiske perspektivet i doktoravhandlinga er til stades.

Hamsun og Ibsen

Kittang skreiv også mykje om romanen og dramaet, og er kjent for bøkene sine om høvesvis Hamsun (Luft, vind, ingenting, 1984) og Ibsen (Ibsens heroisme, 2002).

I Hamsun-boka Luft, vind, ingenting tek han for seg det han kallar Hamsun sine desillusjonsromanar, frå Sult til Ringen sluttet. Hovudtesen er at Hamsun sin litterære kunst dekonstruerer den ideologiske dimensjonen i romanane hans. Teoretisk er Hamsun-studien inspirert av Freuds psykoanalyse, René Girard sin teori om «det mimetiske (eller triangulære) begjær» og Julia Kristeva sin teori om det fråstøytande. Den viser også slektskap med Paul de Mans «dekontruksjon». Insisteringa til Kittang på den meiningsundergravande ironien i tekstane var likevel ikkje berre original, men også kontroversiell. Mellom anna vart han skulda for å «trylle bort» det politisk og ideologisk ubehagelege ved Hamsun.

Ibsen-boka legg, som tittelen seier, vekt på dei heroiske skikkelsane til forfattaren, og boka skil seg dermed frå tidlegare Ibsen-forsking, der fokuset gjerne er retta mot evna forfattaren har til å avsløre maktstrukturar og menneskeleg falskleik. Kittang studerer Ibsen sine verk som ei utforsking av forholdet mellom døden og livet og mellom kunsten og døden. Det heiter at «ved også å la oss ta del i det som går tapt i døden […] bevarer Ibsen det tapte for oss.» Ibsen-boka viser som Hamsun-boka innverknad frå Freud, men særleg frå Nietzsche og Heidegger. Til forskjell frå i Luft, vind, ingenting, der ironi til Hamsun står sentralt, kan ein kanskje med Øystein Rottem seie at Kittang i Ibsens heroisme tek forfattaren meir på ordet.

Som Ibsen-forskar bidrog elles Kittang sterkt til at arbeidet med den vitskaplege utgåva av Ibsen sine skrifter kom i gang, og han var professor II ved Senter for Ibsen-studium ved Universitetet i Oslo frå 2002 til 2011. Han var dessutan medredaktør av det internasjonale forskingstidsskriftet Ibsen Studies i perioden 2003–2006.

Utmerkingar

Kittang var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1988 og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 2000. Han var æresmedlem av Vetenskapssociteten i Lund.

Som første humanist fekk han Møbiusprisen, Noregs forskingsråds pris for framifrå forsking, i 2003. I grunngivinga vart det vist til den «fremragende og brede forskningsinnsats innen allmenn litteraturvitenskap» og hans «evne til å skape dynamiske og kreative miljøer rundt seg».

Bokutgjevingar

  • D'amour de poésie. Essai sur l'univers des métaphores dans l'œuvre surréaliste de Paul Éluard (Minard, Lettres modernes, coll. Situation, 1969).
  • Discours et jeu. Essai d'analyse des textes d'Arthur Rimbaud (Universitetsforlaget – Presses universitaires de Grenoble, 1975).
  • Litteraturkritiske problem. Teori og analyse (Universitetsforlaget, 1975).
  • Luft, vind, ingenting. Knut Hamsuns desillusjonsromanar frå Sult til Ringen sluttet (Gyldendal, 1984).
  • Møtestader. Utvalde artiklar om litteratur og litteraturteori (Det Norske Samlaget, 1988).
  • Sigmund Freud (Gyldendal, 1997).
  • Ord, bilete, tenking. Artiklar om fiksjonar (Gyldendal, 1998).
  • Sju artiklar om litteraturvitskap - i går, i dag og (kanskje) i morgon (Gyldendal, 2001).
  • Ibsens heroisme - frå Brand til Når vi døde vågner (Gyldendal, 2002).
  • Diktekunstens relasjonar. Estetikk, kultur, politikk (Gyldendal, 2009).
  • Poesiens hemmelege liv (Fagbokforlaget, 2012).

Bøker og antologiar saman med andre

  • Lyriske strukturer. Innføring i diktanalyse (med Asbjørn Aarseth) (Universitetsforlaget, 1968; 1998).
  • Teorier om diktekunsten fra Platon til Goldmann (redigert sammen med Eiliv Eide og Asbjørn Aarseth) (Universitetsforlaget, 1970).
  • Nazismen og norsk litteratur (utgitt sammen med Bjarte Birkeland, Stein Ugelvik Larsen og Leif Longum) (Universitetsforlaget, 1975; 1995).
  • Hermeneutikk og litteratur (redigert sammen med Asbjørn Aarseth) (Universitetsforlaget, 1979).
  • Litteraturforskning og litteraturformidling. Perspektiv på ei legitimeringskrise (redigert sammen med Ulf Lie) (Universitetsforlaget, 1982).
  • Om litteraturhistorieskriving. Perspektiv på litteraturhistoriografiens vilkår og utvikling i europeisk og norsk sammenheng (utgitt sammen med Per Meldahl og Hans H. Skei) (Alvheim & Eide, 1983).
  • Klassisk litteraturteori. En antologi (redigert sammen med Asbjørn Aarseth og Eiliv Eide) (Universitetsforlaget, 1987; 2007).
  • Moderne litteraturteori. En antologi (redigert sammen med Arild Linneberg, Arne Melberg og Hans H. Skei) (Universitetsforlaget, 1991; 2003).
  • Moderne litteraturteori. En innføring (utgitt sammen med Arild Linneberg, Arne Melberg og Hans H. Skei) (Universitetsforlaget, 1993).
  • Ord om ordkunst. Til Asbjørn Aarseth på 60-årsdagen (redigert sammen med Idar Stegane) (Universitetet i Bergen, 1995).
  • Blikk på kunst (utgitt sammen med Frederik Tygstrup og Aaslaug Vaa) (Forlaget Press, 2001).
  • Ibsen on the Cusp of the 21st Century. Critical perspectives (festskrift til Asbjørn Aarseth i anledning hans 70-årsdag) (redigert av Pål Bjørby, Alvhild Dvergsdal og Idar Stegane, med en innledende artikkel av Atle Kittang: «A Portrait of the Scholar») (Alvheim & Eide Akademisk forlag, 2005).
  • Ibsen og Brandes. Studier i et forhold (utgitt sammen med Jørgen Dines Johansen og Astrid Sæther) (Gyldendal, 2006).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Intervju med Atle Kittang i Norsk Litteraturvitenskapelig Tidsskrift, nr. 1, 2011.
  • Per Buvik: Minneord om Atle Kittang i Norsk litteraturvitenskapelig Tidsskrift, nr. 1, 2014 og i Årbok for Det Norske Videnskaps-Akademi, 2013.
  • Hans H. Hauge: «Atle Kittang. Et portræt», Norsk Litterær Årbok, 2012.
  • Erik Bjerck Hagen: «Moderne litteraturteori 1975-2011: Atle Kittang» (i Kampen om litteraturen. Hovedlinjer i norsk litteraturforskning og –kritikk 1920-2011, Universitetsforlaget, 2010).
  • Jørgen Haugan: «’Lyriske strukturer’ eller ’den strukturerte ekstase’. Beskrivelse og kritikk av ’den poetiske opplevelse’ i Atle Kittangs og Asbjørn Aarseths Lyriske strukturer», Edda, nr. 2, 1969.
  • Ingrid Nielsen: «’Ingen kunst utan erindring om noko tapt.’ I minnet om Atle Kittangs lyrikkforskning», Norsk Litteraturvitenskapelig Tidsskrift, nr. 2, 2015.
  • Jørgen Magnus Sejersted: «Følelse og eklektisisme i Lyriske strukturer», Norsk Litteraturvitenskapelig Tidsskrift, nr. 2, 2015.

Kommentarer

Kommentarer til artikkelen blir synlig for alle. Ikke skriv inn sensitive opplysninger, for eksempel helseopplysninger. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg