Faktaboks

Hallvard Ellestad Bergh

Hallvard Arneson Ellestad Bergh

Fødd
1. desember 1850, Gol, Viken
Død
25. april 1922, Vestre Slidre, Innlandet
Hallvard Ellestad Bergh.
Av /Maihaugen/Digitalt Museum.
Lisens: CC BY NC 4.0

Hallvard Ellestad Bergh var lærar, barnebokforfattar og folkeminnesamlar. Han skreiv både på dialekt, landsmål og riksmål.

Bakgrunn

Hallvard Arneson Ellestad Bergh var fødd i Gol i Hallingdal og døydde i Vestre Slidre. Han voks opp på garden Ellestad i Vestre Slidre. Han tok lærareksamen ved Lands lærarskule i 1867, var lærar i heimbygda eit år og drog så til USA. Der var han kyrkjesongar og lærar i Wisconsin eit par år, gjekk på Luther College i Decorah seks vintrar og heldt skule om somrane. I 1876 fekk han studenteksamen. Same hausten reiste han heim til Valdres. Frå 1878 til han søkte avskil i 1913, var han lærar i Høyne og Skjel krinsar i Lomen i Vestre Slidre.

Folkeminnesamling og forfattarskap

Bergh tok tidleg til å samle folkeminne og gav ut fleire samlingar med eventyr, segner, ordtak, lokkar og gåter, dels på dialekt, dels på landsmål, dels på riksmål. I 1879 kom Sogur m.m. fraa Valdris og Hallingdal, i 1882 Nye Folke-Eventyr og Sagn fra Valdres og Hallingdal og i 1886 Nye Folke-Eventyr og Billeder fra Norge.

Han skreiv òg barnebøker, mellom anna Reise te versens ende (1889), som vart omsett til fleire språk, Hvorledes Maria sankede pengene (1889) og Fra fjord og lid og fjell. 10 forteljingar (1903). Forteljingane hans vart òg prenta i Norsk Barneblad.

Han gav ut diktsamlingane Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika (1915) og Norske dikt i utval (1916, under pseudonymet H. Høyne). I 1913 kom skodespelet Gjente-strid for eigin heim og egtemake.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure: «Hallvard Bergh 70 aar», Ung-Norig, nr. 12/ 1920
  • Anton Aure: «Anton Aure. Minneord», Norsk Aarbok 1922
  • Olav T. Beito: «Hallvard Bergh. Eit hundreårsminne», i Artiklar og taler i utval. Oslo 1979
  • Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin Beate Vold: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 2005)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg