Knut S. Vikør er ein norsk historikar. Han er kjend for studiar av Midtausten og Nord-Afrikas historie, og dessutan islams historie, under dette islamsk lov.
Han tok hovudoppgåva ved Universitetet i Bergen i 1979, leverte doktoravhandling same stad og disputerte for dr.philos-graden i 1992. Han vart tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen i 2002, og utnemnt til professor i 2007. Han var dagleg leiar for UiBs Senter for Midtøsten- og islamske studier frå 1988 til 2002.
I doktoravhandlinga behandla Vikør den sufistiske lærde Muḥammad bin ʿAlī al-Sanūsī frå det som i dag er Libya. Seinare har han gitt ut fleire oversiktsverk. Boka Ei verd bygd på islam har komme i fleire utgåver og vore pensumlitteratur ved fleire historieutdanningar. Dei populærvitskaplege Islam: ei faktabok og Maghreb – Nordafrika etter 1800 har også komme i fleire utgåver, det same har avhandlingane hans.
Vikør har vore ein mykje brukt mediekommentator i saker om Nord-Afrika og Midtausten, og starta tidleg i 2011 ein personleg blogg der stort sett dei same saksfelta blir tekne opp. I 2014 vart han tildelt Det humanistiske fakultetets formidlingspris 2014 ved UiB.
Knut S. Vikør kjem frå ei lærarslekt. Faren var lektor ved Orkdal landsgymnas, frå 1955 Vinstra landsgymnas, og broren Lars S. Vikør er professor i nordisk språkvitskap.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.