Hopp til innhold
X
Innhald

Sandra Bruflot

Sandra Bruflot, lærarstudent, politikar og leiar i Høgre sin ungdomsorganisasjon Unge Høgre frå 2018.

Sandra Bruflot er fødd 31. desember 1991 og voks opp i Lier kommune i Buskerud. Ho var elev ved St. Hallvard videregående skole i 2007–10 og har sidan 2014 pause frå lærarstudiet ved Høgskolen i Oslo og Akershus (no OsloMet).

Bruflot var leiar i Lier Unge Høgre i 2010–11, leiar i Buskerud Unge Høgre i 2012–14 og nestleiar i sentralstyret til ungdomsorganisasjonen frå 2014 til ho blei leiar i 2018. Ho blei formelt vald til leiar i juni, men hadde fungert i vervet sidan byrjinga av året.

I perioden 2011–15 var ho vald inn i kommunestyret i Lier for Høgre, og frå 2014 var ho medlem av partiet sitt likestillingspolitiske utval. Ho er medlem av fylkestinget i Buskerud i 2015–19 og var vararepresentant til Stortinget for Høgre frå Buskerud i perioden 2013–17.

Bruflot blei nummer to i eliteprogrammet til Unge Høgre i 2013, som er eit skuleringsprogram i politikk, kommunikasjon, ideologi og leiing. Ho kjenner organisasjonen godt og har markert seg i samfunnsdebatten. I fleire saker, som til dømes abortsaka, har ho synt ei sjølvstendig haldning og har gitt klar melding om at ungdomspartiet ikkje er på linje med moderpartiet Høgre. Ho vil fjerne kontantstøtta og er imot endringar i abortlova. Bruflot vurderte å gi seg i politikken, men tok over leiinga av Unge Høgre då den tidlegare leiaren trekte seg etter varslingar om seksuell trakassering.

Ho blei den første kvinna og den første politikaren som fekk Tåkelurprisen til Geelmuyden Kiese (GK), i 2018. Tåkelurprisen er ein pris for klar tale.

 

Kjelder

Sandra Bruflot, politikarprofil, hoyre.no: https://hoyre.no/personprofiler/s/b/sandra-bruflot// [lesedato 26.1.2019]

Sandra Bruflot, Representanter og komiteer, stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SAB

Rino Andersen: «Vil fortsette som Unge Høyre-leder», dt.no, publisert 14.4.2018: https://www.dt.no/nyhet/hoyre/lier/vil-fortsette-som-unge-hoyre-leder/s/5-57-874811 [lesedato 29.1.2019]

Silje Sjursen Skiphamn: «Bruflot inn i Unge Høyre ledelsen», dt.no, publisert 21.4.2014: https://www.dt.no/nyheter/bruflot-inn-i-unge-hoyre-ledelsen/s/2-2.1748-1.8438742 [lesedato 29.1.19]

Peikarar

Hans Jørgen Solli og Intisaar Ali: «Ny Unge Høyre-leder vurderer å gi seg i politikken», nrk.no, publisert 27.1. 2018

Mathias Willassen Hanssen: «Sandra Bruflot innstilt som leder av Unge Høyre», ungehoyre.no, publisert 21.5.2018

Hilde Nyman: «Vinner 'Tåkelur'-pris etter oppgjør med goodiebag-fordommer», kampanje.com, publisert 22.1.2019

Frank Ertesvåg: «Unge Høyre-Sandra sa ja – gift med Christopher etter hektisk halvår», vg.no, publisert 8.7.2018

Først publisert: 24.04.2019
Sist oppdatert: 24.04.2019