Hopp til innhold
Litografi av Sigbjørn Obstfelder. Edvard Munch (1896). Kjelde: Stavanger kunstmuseum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.:  SG.0266. Public domain / falle i det fri.
Litografi av Sigbjørn Obstfelder. Edvard Munch (1896). Kjelde: Stavanger kunstmuseum på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: SG.0266. Public domain / falle i det fri.
X
Innhald

Sigbjørn Obstfelder

Sigbjørn Obstfelder, ein av dei første norske diktarane som med ei fri form sette ord på det moderne mennesket si framandkjensle. Med dikt som «Jeg ser» og «Byen» har han vore til inspirasjon for norske diktarar fram til vår tid.

Sigbjørn Obstfelder var fødd 21. november 1866 i Stavanger. Han døydde i København 29. juli 1900, 33 år gamal. Obstfelder budde fleire stader i Noreg og Europa gjennom livet og studerte filologi ved universitetet i Kristiania (1884–88). Før han vart forfattar, arbeidde han mellom anna som stortingsreferent og journalist. Han var gift med den danske songarinna Helga Ingeborg Maria Weeke. 

Som ung reiste Obstfelder til USA for å arbeide som ingeniør (1890–91). Her opplevde han det moderne bylivet, men han fann ikkje ro og flytta heim att. Då han kom heim til Noreg, vart han psykisk sjuk, og han vart lagd inn på eit asyl i Kristiania for ein periode.

Obstfelder debuterte som forfattar i 1893 med diktsamlinga Digte. Med dikt som «Jeg ser», «Regn» og «Byen» var denne diktsamlinga med på å starte ein modernistisk litterær tradisjon i Noreg. Dikta var skrivne i fri form, og Obstfelder tok opp eksistensielle tema der sjelelivet vart utforska. Då Digte kom, vekte boka både harme og entusiasme blant bokmeldarane, for dette var noko nytt i norsk litteratur. Aftenposten skreiv at «større nonsens, end denne bog indeholder, er aldrig blevet udgivet på prent i vort land». Bokmeldarane var likevel i all hovudsak positive til dei modernistiske dikta til Obstfelder.

Obstfelder har skrive lyrikk, noveller og romanen Korset. En kjærlighedshistorie (1896). Korset har lite ytre handling, stilen er fragmentert, og historia kjem fram ved hjelp av minne, ei dagbok og eit brev. Romanen vart ein stor suksess, og han fekk god kritikk av til dømes Georg Brandes og Arne Garborg. Dramaet De røde dråber kom i 1897. Det hadde premiere på Balkongen teater i Oslo i 1898.

I alle tekstane han skreiv, brukte Obstfelder eit «eg»-perspektiv for å kunne nå inn i menneskesinnet. Det finn vi igjen i både lyrikken, prosaen og dramatikken. Novella «Liv», frå samlinga To noveletter (1895), tematiserer korleis storbylivet kan gi framandkjensle, angst og meiningsløyse. Dette er tema vi kjenner att frå diktet «Jeg ser» og prosadiktet «Byen». Likevel, trass i meiningsløysa, har eg-forteljaren ein lengt etter ein annan røyndom, ein draum om eit betre liv.

Den uferdige romanen En prests dagbog vart gitt ut etter at Obstfelder døydde i 1900.

Forfattarskapen til Obstfelder er ikkje så omfangsrik, men det han har skrive, har likevel fått stor plass i den norske litteraturhistoria. Tidleg modernisme og nyromantikk er to omgrep som vert brukte om litteraturen han skreiv. Diktet «Jeg ser» finst i dei fleste læreverka for norskfaget i den vidaregåande skulen og er nok eit av dei mest analyserte dikta i norsk skule.

Obstfelder døydde av tuberkulose. Han vart gravlagd 1. august 1900, same dagen som det einaste barnet hans, Lili, vart fødd.

 

Kjelder

Åsmund Ådnøy: «Følg Obstfelders liv», sølvberget.no, publisert 13.11.2015: https://www.sølvberget.no/Obstfelder-150-aar/Obstfelders-liv/Foelg-Obstfelders-liv [lesedato 28.12.2018]

«Sigbjørn Obstfelder», forfattarportrett, gyldendal.no: http://www.gyldendal.no/Forfattere/Obstfelder-Sigbjoern [lesedato 28.12.2018]

 

Peikar

Sigbjørn Obstfelder: Digte, tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 24.04.2019
Sist oppdatert: 24.04.2019