Hopp til innhold
Faksimile av framsida til diktsamlinga Gjennom sommaren. Dikt for barn (1992), illustrert av Ingrid Jangaard Ousland. Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
Faksimile av framsida til diktsamlinga Gjennom sommaren. Dikt for barn (1992), illustrert av Ingrid Jangaard Ousland. Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Signe Kristin Djuve

Signe Kristin Djuve, lyrikar og pedagog. Både i dikta og i fagtekstane sine skildra ho korleis menneske ofte kjem til kort når det gjeld å nå fram til kvarandre.

Signe Kristin Djuve var fødd 29. august 1960 i Molde og døydde 27. juni 2018 på Åsnes Finnskog. Ho vaks opp på Tangen på Otrøya i Romsdal. Studium og arbeid førte henne til mange ulike stader i landet før ho busette seg på Finnskogen i 2012.

Ho var skjønnlitterær forfattar og pedagog, og ho arbeidde først og fremst i skuleverket heile det yrkesaktive livet, som faglærar og spesialpedagog i skulen og i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).

I 1999 leverte ho ei hovudfagsoppgåve i pedagogikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Avhandlinga tok for seg emne som integrasjon og tilpassing.

Som lyrikar debuterte ho i 1983 på Det Norske Samlaget med diktsamlinga På den andre sida. I desse dikta var det viktig å syne korleis vi menneske formidlar kjensler og ofte mislukkast i å nå fram med formidlinga. I 1986 kom Sakte kino. Med korthoggen poesi skildrar ho her einsemd, uro og skjøre relasjonar.

I 1992 gav ho ut diktsamlinga Gjennom sommaren. Dikt for barn. Boka er illustrert av Ingrid Jangaard Ousland. Undertittelen spesifiserte at dette var dikt for barn, men dikta appellerer kanskje vel så mykje til vaksne – gjennom vare, nostalgiske tilbakeblikk til ein varm sommar med snille besteforeldre.

Ord om kjærleik

Vender eg andletet
mot fortida
og alle mine utblåsne flammar
er alt eg hugsar
latteren etterpå

Men no
når eg ser skuggen
av mitt eige liv
i regnvatn på ruta
og ser alle dei fine linjer
som tid og erfaring
har teikna

Innser eg
at alt eg trudde
om kjærleiken
må vike
for eit hjarte
som har sett for mykje

Diktet «Ord om kjærleik» frå Signe Kristin Djuve: På den andre sida. Oslo 1983

Kjelder

E‑post frå dottera til Signe Djuve 3.12.2019 og 6.12.2019

 

Peikarar

Signe Kristin Djuve: Gjennom sommaren. Oslo 1992. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 17.06.2020
Sist oppdatert: 30.06.2020