Hopp til innhold
X
Innhald

Sigrid Bonde Tusvik

Sigrid Bonde Tusvik, tekstforfattar, programleiar, profilert komikar med eit skrått blikk på samfunnet, og den eine halvparten av podkasten Tusvik &Tønne.

Sigrid Bonde Tusvik er fødd 2. februar 1980 i Oslo, der ho òg vaks opp og bur. Ho var elev ved Fagerborg videregående skole i 1997–99, gjekk på Romerike folkehøgskole i 1999–2000 og er utdanna tekstforfattar frå Westerdals School of Communication (2000–04). Foreldra hennar er Sverre Tusvik, tidlegare sjefredaktør i Det Norske Samlaget, og Elin Bonde, tidlegare rektor og skulebokforfattar.

Bonde Tusvik var skribent i magasinet Stella i 2011–18, er fast spaltist i Dagsavisen og er medeigar og spaltist i magasinet Altså. Sidan 2003 har ho drive med standup-komikk. Fram til 2008 var ho med i det månadlege humorshowet Blymandag. Dette var forløparen til TV2-programmet Torsdag kveld fra Nydalen, der Bonde Tusvik var med i perioden 2011–14.

Ho hadde også sine eigne TV-seriar: Sigrid søker kjæreste, på NRK i 2011 og Sigrid blir mamma, på TV2 i 2013. Ho har leidd programmet Gullruten fleire gonger, og ho har laga podkasten Tusvik & Tønne saman med komikaren Lisa Tønne sidan 2012. Dei har hatt eige talkshow på TV2 og humorshow på Latter i Oslo.

Bonde Tusvik er feminist, energisk, utleverer seg sjølv, er samfunnsengasjert og seier svært tydeleg kva ho meiner. Den viktigaste likestillingssaka for henne er likeløn. Ho kan verke provoserande på mange, og ho fekk drapstrugsmål etter at ho protesterte mot regjeringa og innstramming av abortlova i raudt kostyme som i TV-serien The Handmaid's Tale utanfor slottet i 2019.

Bonde Tusvik har gitt ut boka Noe med media. En bok om hva du kan bli (2009), og saman med Gunnhild Magnussen var ho redaktør av Glitterfitter. Helt sanne historier om å være ung kvinne (2009).

Under Komiprisen i 2015 fekk ho både publikumsprisen saman med Lisa Tønne og blei årets kvinnelege scenekomikar.

Kjelder

Ingrid Ekeberg: «Sigrid Bonde Tusvik står bak nytt kvinnemagasin: – Må du lese fire sider om effektene av quinoa, så treffer det ikke helt», dn.no, publisert 28.1.2019: https://www.dn.no/morgenbrief/dn-ekspress-28-01-19/9 [lesedato 30.10.2019]

Bjørn Ekker: «Gullruten-programleder Sigrid Bonde Tusvik: – Jeg angrer på mye», vg.no, publisert 11.5.2019: https://www.vg.no/rampelys/tv/i/jdkaEA/gullruten-programleder-sigrid-bonde-tusvik-jeg-angrer-paa-mye [lesedato 30.10.2019]

Mone Celin Skrede: «– Eg går for langt heile tida», Dag og Tid, publisert 24.5.2019 (krev abonnement): https://www.dagogtid.no/kultur/-eg-gar-for-langt-heile-tida-6.3.11177.0e503b0248

Peikarar

Anniken Aronsen: «Sigrid Bonde Tusvik leste opp drapstrussel i podkast» , vg.no

Kevin Nordnes og Christian Fjermeros: «– Trodde ikke vi skulle vinne», p4.no

Thea Steen og Trine Høklie Jonassen: «Sigrid Bonde Tusvik avslører bråk i 'Torsdag kveld fra Nydalen'-kulissene», dagbladet.no

Først publisert: 12.02.2020
Sist oppdatert: 25.02.2020