Faktaboks

Sigurd Muri
Fødd
17. juli 1927, Sjøholt i Ålesund kommune, Møre og Romsdal
Død
25. september 1999, Asker, Oslo

Sigurd Muri var ein arkitekt og forfattar. Han arbeidde lenge som konsulent for kyrkjebygg i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Forfattarskapen spenner frå fagbøker om norske kyrkjer til prosalyrikk og adventssalmen «No tenner vi det første lys».

Bakgrunn

Sigurd Muri var fødd på Sjøholt i Ørskog. Farfaren, som var lærar og klokkar, hadde teke Muri-namnet med til Sunnmøre frå Olden i Nordfjord. Sigurd Muri tok examen artium ved Eids Gymnas i 1946 og arkitekteksamen ved Norges tekniske høgskole i 1952.

Arkitekt

Etter nokre år hos private arkitektar i Kristiansand arbeidde Muri i Oslo resten av karrieren. Han var i Statens byggje- og eigedomsdirektorat frå 1957 til 1972. Deretter gjorde han teneste først som prestegardsinspektør og frå 1982 som kyrkjekonsulent i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Oppgåvene vart etter kvart konsentrerte til å gjelde rådgiving for alle som planla nye kyrkjebygg, eller som ville gjere endringar i dei gamle. Han gjekk av i 1992.

Forfattarskapen

Muri heldt mange foredrag om tendensar i norsk kyrkjebygging og gav ut fagbøkene Norske kyrkjer (1971) og Gamle kyrkjer i ny tid (1975). Han fotograferte fleire hundre kyrkjer, og bileta er brukte i Norsk kirkeleksikon (1993).

I 1950-åra hadde Muri ein del oppdrag som litteraturkritikar og radiokåsør. Han debuterte med Kom til Granada i 1962 og gav ut i alt seks skjønnlitterære bøker. Dei er forma i grenselandet mellom lyrikk og prosa – med korte tekstar som vert bundne saman til ein heilskap.

Som pensjonist skreiv Muri ein serie småstubbar for lokalavisa Bygdebladet. Der formidla han minne frå barndomen med både humor og poeng til ettertanke.

«No tenner vi det første lys» – med eitt vers for kvart av dei fire lysa i adventsstaken – laga Muri på både nynorsk og bokmål i 1963. Songen vart rask populær og er omsett til dansk, svensk, finsk og samisk.

For den sjette og siste av dei skjønnlitterære bøkene, Arvegods (1988), fekk Muri Sunnmørsprisen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg