Hopp til innhold
X
Innhald

Silje Halstensen

Silje Halstensen, eller Bendik, norsk popartist som syng om kor fin og vanskeleg kjærleiken kan vere.

Silje Halstensen er fødd 4. mai 1990 i Bergen og bur i Oslo. Halstensen gjekk musikklinja på Bodø videregående skole (2006–09) og tok ein bachelorgrad i musikkteknologi ved NTNU i Trondheim (2009–12). Frå 2014 til 2016 var ho dagleg leiar i den ideelle organisasjonen AKKS. Halstensen er dotter av musikaren Atle Halstensen.

Med artistnamnet Bendik debuterte ho med albumet Drømmen gjør meg ingenting i 2012. No går det over kom i 2014 og Fortid i 2016. I 2018 vart kjærleikslåten «Perfekt» mykje spela i norsk radio. Namnet «Bendik» er eit peik mot mannsdominansen i musikkbransjen.

Det er mykje kjensler og kontrastar i musikken til Bendik. Ho har vore open om angstproblem, og det pregar tekstane. I den tidlege musikken hennar krinsar tekstane også om den vanskelege kjærleiken. Med låtar som «Siste gang» (2016) og «Kriger» (2016) er det brotne lovnader og det som ikkje vert sagt, som pregar parforholda. Dette endrar seg til ei vakker kjærleikshistorie i låten «Perfekt» (2018). Keyboard, gitar og trommemaskin er viktige instrument i det populærmusikalske landskapet hennar. Bendik syng på bergensdialekt.

I 2007 var Silje Halstensen saman med Ingeborg Selnes initiativtakar til musikkfestivalen Kjerringråkk i Bodø. Målet med festivalen er å fremje kreativiteten til kvinner.

 

Kjelder

E‑post frå Silje Halstensen 15.10.2018

Nettstaden til Kjerringråkk, kjerringraakk.no: http://www.kjerringraakk.no/ [lesedato 20.11.2018]

Peikarar

Musikkvideo, «Kriger», youtube.com

Først publisert: 19.03.2019
Sist oppdatert: 19.03.2019