Hopp til innhold

Siri Helle

Siri Helle, agronom og forfattar med sterkt engasjement for miljø, dyrevelferd, berekraftig matproduksjon og matbransjepolitikk. Ho er aktiv avisspaltist, fagbokforfattar og foredragshaldar.

Siri Helle er fødd 14. juni 1982 i Holmedal i Fjaler og er busett i Florø. Ho var elev ved Firda vidaregåande skule i 1998–2001. Åra 2004–05 gjekk ho teaterlinja ved Nordiska folkhögskolan i Kungälv i Sverige. Helle studerte til agronom i økologisk landbruk ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i 2011–13. Frå 2016 til 2017 var ho elev ved segllinja på Fosen folkehøgskule.

Frå 2005 til 2006 var Helle redaktør for Putsj, Natur og Ungdom sitt medlemsblad. Sidan arbeidde ho ein del år innanfor barnehage og pleie og omsorg. Ho var avløysar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule frå 2011 til 2013. Frå 2012 har ho vore spaltist og frilansar i Dag og Tid. I åra 2014–15 var ho tilsett som journalist same staden. Sidan 2015 har ho livnært seg som frilansskribent, forfattar og foredragshaldar, og så ofte ho kan, er ho gardsavløysar og geitebudeie. Miljøspørsmål, berekraft, økologisk landbruk og matbransjepolitikk er faste tema både når ho skriv, og når ho held foredrag.

Grunnlaget for boka Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks la ho i tida som matspaltist i Dag og Tid. Boka kom i 2014 og var den faglitterære debuten hennar. Året etter kom Skal landet gro att? Korleis berge norsk jordbruk, ei bok der ho kjem med framlegg til konkrete tiltak som kan gjere jordbruket i Noreg berekraftig og lønsamt, samstundes som maten vi produserer er smakfull og sunn. I 2018 gav ho ut Matmakt på butikken, om makta dei store kjedene har i matmarknaden, men òg om kva makt kundane kan og bør ha. Boka er ein del av serien Norsk røyndom.

I 2015 fekk Helle Melsomprisen for Handle rett. Lure val i ein matbransje full av juks.

 

Kjelder

E‑post frå Siri Helle 10.4.2019


Kristin Li: «Forfattarintervju: Siri Helle», faktafyk.no: https://faktafyk.no/forfattarintervju-siri-helle/ [lesedato 11.5.2019]

 

Peikarar

Nynorsk avissenter: «Over middels låg utdanning», intervju med Siri Helle, nynorskavissenter.no

Først publisert: 13.09.2019
Sist oppdatert: 10.10.2019