Hopp til innhold

Skjønnlitteratur

Skjønnlitteratur er oppdikta forteljingar som gir lesarar i alle aldrar opplevingar og innsikt.

Litteratur blir delt inn i to hovudsjangrar: skjønnlitteratur og sakprosa. Skjønnlitteratur er litteratur med oppdikta innhald og blir difor også kalla fiksjonslitteratur. Fiksjon/ikkje-fiksjon er eit hovudskilje mellom skjønnlitteratur og sakprosa.

Hovudsjangeren skjønnlitteratur blir delt inn i undersjangrar. Lyriske sjangrar er dikt, viser og songar. Episke sjangrar er større forteljingar, til dømes romanar, noveller og eventyr. Dramatiske sjangrar er skodespel, høyrespel, opera og musikalar. Kvar av dei skjønnlitterære undersjangrane kan vidare delast inn i nye undersjangrar. Innanfor romansjangeren finst det til dømes biografiske romanar, slektsromanar, historiske romanar og fantasyromanar.

Litterære og språklege verkemiddel er viktige element i skjønnlitteraturen. Somme verkemiddel kan brukast i alle sjangrane, medan andre berre blir brukte i éin eller nokre få sjangrar.

Gjennom skjønnlitteraturen får lesarar i alle aldrar tilgang til erfaringar og innsikter utanfrå. Vi får innsikt til å forstå andre tankesett, levemåtar og kulturar. På den måten er litteraturen med på å gi lesaren innsikt til å forstå seg sjølv betre. Ungdomsromanar kan til dømes hjelpe ein ungdom til å gjere seg erfaringar med korleis det er å vere forelska, å kjenne på angst og å vere annleis.

 

Kjelder

Tone Birkeland, Ingeborg Mjør og Anne-Stefi Teigland: Barnelitteratur. Sjangrar og teksttypar. Oslo 2018

Anders M. Gullestad ofl.: Dei litterære sjangrane. Ei innføring. Oslo 2018

 

Peikarar

Johanne Knudsen: «Skjønnlitteraturen, den gløymte underhaldninga», framtida.no, publisert 29.10.2017

Kristoffer Bjørnøy Weaver: «Meir skjønnlitteratur i skulen!», framtida.no, sist oppdatert 4.10.2018

Først publisert: 14.10.2020
Sist oppdatert: 19.10.2020