Hopp til innhold
X
Innhald

Snø

Snø, nedbør som blir danna ved vekst av snøkrystall inne i ei sky.

Nysnø på marka ligg som eit luftig lag og har låg tettleik, gjerne 0,1 kg/l. Ganske raskt vil eit snødekke pakke seg saman og danne større og fastare korn, og tettleiken kan auke til 0,35 kg/l. Som regel svarar 1 cm nysnø til 1 millimeter regn.

For klimaet er det svært viktig at snøen reflekterer mesteparten av solstrålane, medan han absorberer langbølgja stråling svært godt. Der sommarvarmen ikkje klarer å smelte snøen, dannar det seg brear. I områda ved Ålfotbreen skjer det over 1200 moh., medan den tilsvarande grensa i Jotunheimen er 2200 moh.

Store mengder snø, og då særskilt i fjellområde, kan føre til snøras.

Sjå video frå Yr: Kvifor oppfører våt snø seg annleis enn tørr snø? Meteorolog Kjersti Opstad Strand forklarer:


Video med løyve frå NRK for Allkunne



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.05.2017