Hopp til innhold

Solidaritet

Solidaritet er viljen til å hjelpe andre, sjølv om ein må innskrenke sin eigen valfridom.

Solidaritet er eit vagt omgrep og blir brukt på ulike måtar. Kjernen i omgrepet er at menneske i små og store grupper tek ansvar for kvarandre, av di dei innser at det som er godt for gruppa, også er godt for den enkelte. Grunnlaget for solidaritet kan vere både likskap og ulikskap. I tradisjonelle samfunn er det stor grad av likskap i tenkje- og levemåte, og same livssituasjon skaper samhald. I moderne samfunn finst det grupper med ulike og til dels motstridande interesser, og menneske med samanfallande interesser har skapt solidaritet seg imellom.

Dei nordiske velferdsstatane kan sjåast som solidaritet i statleg regi. Solidariteten byggjer på likskap i kultur så vel som ulikskap i levemåte. Arbeidarklassa som dreiv fram velferdsstaten, fremja sine eigne økonomiske og politiske interesser. Samtidig var det klart at alle samfunnsklasser måtte ha nytte av velferdsstaten dersom dei skulle vere villige til å bidra til han. Gruppesolidaritet måtte utvidast til nasjonal solidaritet. Velferdsstaten blei difor bygd som eit kollektivt gode, tilgjengeleg for alle.

Ifølgje forskarar er det enklare å få oppslutnad om velferdsstaten di jamnare inntektsnivået i landet er, men i Noreg har ulikskapane i inntekt auka frå 1990-åra. Fleire har råd til å kjøpe seg privat velferd, medan fleire barn veks opp i låginntektsfamiliar. I den same perioden er det blitt færre yrkesaktive til å betale for fellesgoda gjennom skatt.

I sum kan endringane tære på den solidariteten som ligg i botnen for velferdsstaten.


Kjelder

Espen Dahl: «Solidaritet og velferd. Grunnlaget for oppslutningen om verferdsstaten», fafo.no, publisert 1999: https://fafo.no/images/pub/1999/292.pdf [lesedato 4.4.2020]

Eirik Lund: «Bærekraftige velferdstjenester. Om forholdet mellom universelle og selektive velferdsordninger», utdanningsforbundet.no, publisert 20.1.2020: https://www.utdanningsforbundet.no/var-politikk/kunnskapsgrunnlag/publikasjoner/2020/barekraftige-velferdstjenester.-om-forholdet-mellom-universelle-og-selektive-velferdsordninger/ [lesedato 5.3.2020]

Siv Sandvik: «– Innvandring øker ulikheten betydelig», nrk.no, publisert 4.9.2015: https://www.nrk.no/norge/ssb-tall_-innvandring-oker-ulikheten-betydelig-1.12523173 [lesedato 4.4.2020]

Dag Wollebæk: «Tillitskultur under press?» sosiologen.no, publisert 18.12.2016: https://sosiologen.no/essay/essay/tillitskultur-under-press-sosiologen-no/ [lesedato 4.4.2020]

 

Peikarar

Civita: «Når samfunnet står i veien for fellesskapet», civita.no, publisert 1.12.2018

Anne Lindholm: «Den norske solidariteten er truet», khrono.no, publisert 1.5.2017

Miljøpartiet Dei Grøne: «For skoleelever», mdg.no

Først publisert: 18.05.2020
Sist oppdatert: 19.05.2020