Solveig Steinnes Lone var journalist. Ho var den første kvinnelege journalisten i Gula Tidend. Lone var særleg engasjert i kvinnespørsmål, målsak og naturvern.
Solveig Steinnes Lone var fødd på Klepp på Jæren. Ho tok utdanning ved Voss folkehøgskule vinteren 1912–1913. Seinare same året fekk ho arbeid i avisa Agder i Flekkefjord. Ho ivra sterkt for målsaka, og frå 1915 arbeidde ho i Gula Tidend, der ho var den første kvinnelege journalisten.
Etter at ho gifta seg i 1917, vart det vanskeleg å kombinere barn og heim med andre oppgåver, men frå 1926 til 1932 redigerte ho spalta «Heimen» i For Bygd og By. Frå 1935 var ho journalist i Norsk Tidend, der ho redigerte ei spalte med kvinner som målgruppe. Ho var elles frilansar og skreiv bokmeldingar, artiklar og skjønnlitterære tekstar i dagspressa og ulike tidsskrift, til dømes i Unglyden.
Under andre verdskrigen la ho pennen bort. I 1941 slo familien seg ned i Spind ved Farsund, og Steinnes Lone vart gardbrukar. Etter krigen hadde ho berre korte engasjement. Ho skreiv mellom anna i venstreavisa Vest-Agder i 1956. Ho var redaktør i vekeavisene Norges Kvinner i 1957 og Telemark Tidend i Skien i 1958. Ho var òg kåsør i NRK og ein populær foredragshaldar.
Steinnes Lone var oppteken av naturvern heile livet, og så seint som i 1978, året før ho døydde, tok ho til orde mot utbygging av Orklavassdraget.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.