Hopp til innhold
X
Innhald

Sondre Justad

Sondre Justad, artist og låtskrivar frå Henningsvær som har vorte svært populær på grunn av den energiske popmusikken sin.

Sondre Justad er fødd 15. oktober 1990 i Henningsvær i Lofoten og bur no i Oslo. Frå 2006 til 2009 gjekk han på musikklinja ved Bodø videregående skole.

Justad debuterte med poplåten «Nu har du mæ» i 2014. Denne låten vart mykje spela på radio. Det same vart låtane «Det e over», «Tilbake» og «Riv i hjertet», som kom i 2015. Den sistnemnde vart den mest spela norskspråklege songen i alle norske radiokanalar dette året. Med debutalbumet Riv i hjertet i 2016 vart Justad nominert til Spellemannsprisen i tre kategoriar. I 2018 kom albumet Ingenting i paradis, der kjærleikslåtane «Ikke som de andre» og «Fanga i en drøm» var å høyre svært ofte i norsk radio. I 2019 var han nominert til Spellemansprisen i fire kategoriar.

Justad lagar popmusikk der melodilinjene til keyboardet og riffa til el-gitaren er viktige. Tekstuniverset tek tak i dei store kontrastane ein gjerne opplever når ein er i ungdomstida. Kjærleik, framtidsdraumar og meininga med livet er viktige tema i tekstane. Han bruker nordnorsk natur, klima og årstider som bilete for dei skiftande kjenslene hos mennesket. Midnattssola er gjerne ein metafor for kor intens ein sommar i eit ungt liv kan vere.

Justad syng på dialekt, og han er kjend for energiske sceneframføringar.

 

Kjelder

Nora Nussle Torvanger: «Møtt med vonde livshistorier etter radiohit – intervju med Sondre Justad», unikumnett.no: http://www.unikumnett.no/2015/12/mott-med-vonde-livshistorier-etter-radiohit-intervju-med-sondre-justad/ [lesedato 9.8.2018]

Sondre Justad, biografi, beyondrecords.no: http://www.beyondrecords.net/sondre-justad/ [lesedato 9.8.2018]

 

Peikarar

Nettstaden til Sondre Justad, sondrejustad.no

Først publisert: 19.03.2019
Sist oppdatert: 31.03.2019