Hopp til innhold
Stielietjohpe 'kile-lue' – sørsamisk lue, sydd saman av kilar av raudt klede, pynta med grøne band, ca. 1900
Stielietjohpe 'kile-lue' – sørsamisk lue, sydd saman av kilar av raudt klede, pynta med grøne band, ca. 1900
X
Innhald

Sørsamisk

Sørsamisk blei først utforska av ein ungarar.

Ordhistorie
Vi kjenner ikkje til sørsamiske lånord i norsk, men det har historisk interesse å granske nordiske lån i sørsamisk. Elva Namsen heiter Laakese på sørsamisk. Det er utan tvil eit lån frå nordisk, og svarar til urnordisk *Laguʀ og norrønt Lǫgr. Det sørsamiske ordet har ei form som viser at det må vere lånt før vikingtida, det vil seie før slutten av 700-talet. Ordet vitnar om at det ha budd samar i Nord-Trøndelag i minst 1300–1400 år – men truleg mykje lenger.
Sjå video frå NRK Skole: Den stille kampen: Kampen for språket
 
Språkfamilie
Sørsamisk er eitt av ti levande samiske språk, som i lag med austersjøfinsk utgjer dei finsk-samiske språka, som i lag med mari og mordvinsk utgjer den finsk-volgaiske språkgruppa. Finsk-volgaisk og permisk er dei to greinene av finsk-permisk, som saman med ugrisk utgjer dei finsk-ugriske språka. Desse språka utgjer saman med samojedisk den uralske språkfamilien.
Språkhistorie
Tida frå 1000 f.Kr. til 800 e.Kr. blir kalla den ursamiske perioden. Frå 800 til 1600 e.Kr., den gamalsamiske perioden, blei ursamisk splitta opp i dei moderne samiske språka.
Sørsamisk språkforsking tok til i 1860-åra med ungararen Ignácz Halász, som i 1880- og 90-åra gav ut sørsamiske tekstar og ein grammatikk. Sørsamisk fekk si første rettskriving i 1957, då Knut Bergsland og Gustav Hasselbrink gav ut Sámien lukkeme-gärjá / Sydsamisk lesebok med grammatikk og ordliste. Rettskrivinga likna den nordsamiske som var i bruk frå 1948 til 1979, men viste seg lite tenleg til skulebruk, og i 1968 laga Bergsland og sørsamen Ella Holm Bull ei ny, som først blei nytta i to hefte med tittelen Lohkede Saemien 'Les samisk'. I 1993 kom Åarjelsaemien–daaroen baakoegærja 'Sørsamisk–norsk ordbok' av Bergsland og sørsamen Lajla Mattson Magga.
Språksystem
Sørsamisk har eit omfattande bøyingssystem. Substantivet blir bøygd i to tal og åtte kasus, med fleire konservative drag, til dømes skiljet mellom kasusa inessiv og elativ, som har falle i hop i nordsamisk. Nordsamisk goaðis, som tyder både 'i gammen' og 'frå gammen', tilsvarar både gåetesne 'i gammen' og gåeteste 'frå gammen' på sørsamisk. Sørsamisk skil mellom akkusativ og genitiv i eintal, med suffiksa -m og -n, som i gåetiem og gåetien, akkusativ og genitiv av gåetie 'gamme'. Dette skiljet har òg falle bort i nordsamisk, der goaði er både akkusativ og genitiv av goahti 'gamme'.
Uttale
Sørsamisk har ti korte og seksten lange vokalar (monoftongar og diftongar) i trykktung staving. Dette er dei korte, med alternative skrivemåtar i parentes:
i [i]
y [y]
u [ʉ]
ï (i) [ɨ]
o [u]
e [ɛ]
å [ɔ]
æ (ä) [æ]
a [a]
â (a) [ɑ]
Dette er dei lange vokalane – først monoftongane:
ee [eː]
öö [øː]
åå [oː]
ææ [æː]
ae [aː]
aa [ɑː]
Og her er diftongane (merk at åa står for to ulike diftongar):
ie [ie]
[yɵ]
ue [ʉe]
ïe [ɨǝ]
oe [uǝ]
åe [oɛ]
åa [oa]
ua [ʉa]
ea [eɑ]
åa [oɑ]
Det finst færre vokalar i trykklett staving, og bokstaven e står her for [ǝ], jamfør âske [ˈɑskǝ] 'måne', 'månad'.
Sørsamisk har tjue ulike konsonantar, som stort sett blir uttalte som på norsk og svensk:
 
 
p
t
ts
tj
k
 
 
 
 
b
d
 
 
g
 
 
 
 
f
 
s
sj
 
h
 
 
 
m
n
 
nj
ng
 
 
 
 
 
r
 
 
 
 
 
 
 
v
l
 
j
 
 
 
Merk sj [ʃ], tj [tʃ], nj [ɲ], ng [ŋ]. Konsonantane er palataliserte etter fremre vokalar og ikkje-palataliserte etter ikkje-fremre vokalar – jamfør bielie [ˈpʲielʲie] 'side' og gïele [ˈkɨǝlǝ] 'språk'.
Sørsamiske ord kan delast opp i takter, og den første stavinga i kvar takt er trykktung. Hovudprinsippet er som vist nedanfor, der σ står for staving, der kvar takt står i parentes, og der ˈ står framfor ei trykktung staving. Kvar hovudtype er illustrert med eit døme.
(ˈσ)                  gie 'kven'
(ˈσσ)                jïjje 'natt'
(ˈσσσ)             aerede 'morgon'
(ˈσσ)(ˈσσ)       nyjsenæjja 'kvinne'
(ˈσσ)(ˈσσσ)     nyjsenæjjese 'til kvinna'
Den trykktunge stavinga i den første takta er dessutan aksentuert, det vil seie framheva med ein høgare tone.
Tilrådd litteratur om verdas språk
Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000
Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages. 2. utgåva.
Routledge 2007
David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language. 2. utgåva. Cambridge 2007
Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund. 2000
Kenneth Katzner: The Languages of the World. 3. utgåva. Routledge 2002
M. Paul Lewis (red.): Ethnologue: Languages of the World. 16. utgåva. Dallas 2009
Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997
Nicholas Ostler: Empires of the Word: A Language History of the World. Harper 2006

Først publisert: 05.01.2012
Sist oppdatert: 04.10.2019