Hopp til innhold
Foto: Ellen Lande Gossner/ Cappelen Damm
Foto: Ellen Lande Gossner/ Cappelen Damm
X
Innhald

Gudmund Skjeldal

Gudmund Skjeldal, lektor, skiløpar og forfattar. Han har teke eit moralsk oppgjer med langrenn som toppidrett og skriv gjerne om idealisme og klimakamp.

Gudmund Skjeldal er fødd 4. september 1970 på Voss og bur i Oslo. Han tok examen artium ved Voss gymnas i 1986, og i 1992 tok han hovudfag i idéhistorie ved Universitet i Oslo. Hovudfagsoppgåva handla om forfattarskapen til Arne Garborg, og då særleg om romanen Fred.
Skjeldal har arbeidd som lektor ved ulike skular i Oslo, og han har vore journalist i Morgenbladet (2012). Han er òg foredragshaldar, der temaa er eigen forfattarskap og klimakampen.
Skjeldal var med på det norske landslaget i langrenn i 1991–94. Han har mellom anna vunne tre sølvmedaljar på 50‑kilometeren i noregsmeisterskapen (1991, 1992 og 1993). Etter kvart vart han sterkt kritisk til den kommersielle utviklinga innanfor skisporten, og han la opp som skiløpar i 1995. I boka På villspor – takk og farvel til toppidretten (1995) presenterer han ein idéhistorisk fundert kritikk av toppidrettskulturen. Der hevdar han at pengar og media gjer toppidretten usunn.
Skjeldal er idéhistorikar, og bøkene han skriv, handlar gjerne om idealisme og klimakamp. I boka Feber – historia om norsk olje og gass (2009) etterlyser Skjeldal miljøomsynet i den norske oljeutvinninga. Diktaren i bombeflyet. Ein biografi om Nordahl Grieg (2012) er ei idéhistorisk bok, der hovudgrepet er å presentere Nordahl Grieg si utvikling som samfunnskritikar og tenkjande menneske.
Kjelder
E‑post frå Gudmund Skjeldal 5.1.2013
Gudmund Skjeldal, forfattarside, samlaget.no: http://www.samlaget.no/Forfattarar/S/Gudmund-Skjeldal.aspx [lesedato 10.12.2012]
Gudmund Skjeldal, forfattarside, cappelendamm.no: http://www.cappelendamm.no/main/Katalog.aspx?f=11169 [lesedato 10.12.2012]
Gudmund Skjeldal, biografi, fis-ski.com: http://www.fis-ski.com/uk/604/613.html?sector=CC&competitorid=56949&type=result [lesedato 7.12.2012]
Peikarar

Først publisert: 22.10.2013
Sist oppdatert: 20.08.2015