Hopp til innhold

Jostein Flo

Jostein Flo, norsk fotballspelar med 53 landskampar. Kraftspiss som spela for mange fotballklubbar i Noreg og i utlandet.

Jostein Flo er fødd 3. oktober 1964 i Stryn. Han bur i Drammen. Fotballkarrieren starta i Stryn, og der var han fram til 1986. I tillegg til Stryn har han spela for Molde (1987–90), belgiske Lierse (1990–91), Sogndal (1991–93), engelske Sheffield United 1993–96) og Strømsgodset (1996–2002).
Flo spela 53 A-landskampar i perioden 1987 til 2000, og han skåra 11 mål. Han var ein viktig mann på landslaget i kvalifiseringa til fotball-VM i 1994, og også i sjølve sluttspelet i USA. Det var spesielt ein særeigen fysikk og hovudstyrke som gjorde Flo til ein populær kraftspiss for det norske fotball-landslaget.
Sjølv om Flo avslutta karrieren som fotballspelar i 2002, har han halde fram med å arbeide innanfor fotballen. I 2004 byrja han som sportssjef i fotballklubben Strømsgodset, og har vore der sidan.
Flo har òg vore fotballkommentator og programleiar for fjernsynsserien «Flo, fjell og fjære», som gjekk på NRK i 2001.
I 1998 fekk Jostein Flo saman med bror sin, Tore André Flo, «Målros-prisen» av Sogn Mållag fordi dei snakkar og held godt på dialekten sin.
Kjelder
Jostein Flo, Sogn og Fjordane Fylkesleksikon, nrk.no: http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Jostein_Flo [lesedato 15.2.2012]
Jostein Flo, statistikk frå FIFA, fifa.com: http://www.fifa.com/worldfootball/statisticsandrecords/players/player=77408/ [lesedato 15.2.12]
NTB: «Målros-prisen til Flo-brødrene», digital utgåve av VG, vg.no, sist oppdatert 25.2.2012, http://www.vg.no/sport/fotball/artikkel.php?artid=8547 [lesedato 18.4.2012]
Peikarar

Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 31.07.2018