Hopp til innhold

Kari Traa

Kari Traa, tidlegare freestyle-utøvar i verdseliten, kreativ gründer i tekstil og mote, og sterkt engasjert i humanitært arbeid.

Kari Traa er fødd på Voss 28. januar 1974. Ho har markert seg som ein av dei beste freestyle-utøvarane i skihistoria, med heile tre OL-medaljar: bronse i Nagano i Japan i 1998, gull i Salt Lake City i USA i 2002 og fire år seinare sølv i Torino i Italia. Ho vann verdsmeisterskapen sju gonger og fekk 39 førsteplassar i verdscupen. Traa vart noregsmeister ni gonger og fekk kongepokalen i NM på Voss i 2006, same året ho la opp.

 

I november 2002 starta ho produksjon av skiluer. Det viste seg å verte ein suksess, og verksemda vart snart utvida til produksjon av sports- og fritidsklede, med eksport til fleire land. Traa sjølv er ei kvinne som liker handarbeid, og ho er ofte inspirert av gamle norske mønster og materialbruk. Delar av overskotet av det lønsame føretaket gir ho bort til stipend for idrettsutøvarar, og ho arbeider målretta for å sikre rekrutteringa av unge jenter til freestylesporten.

 

Sjølvbiografien Kari gav ho ut i 2006, saman med Sarah Sørheim, og med Lars Berre som illustratør. Inntektene av boka er øyremerkt til SOS-barnebyer. Traa skriv om oppveksten i heimbygda Voss. Ho utfordrar og kritiserer den konvensjonelle jenterolla, og ho skildrar det spennande og krevjande livet som toppidrettsutøvar og forretningskvinne. Ho syner også si interesse for humanitært arbeid i utviklingsland.

 

Traa er modig og ukonvensjonell i mange samanhengar og har vorte publikumsyndling i media. Mellom anna har ho skapt debatt i Australia med eit reklamebilete for ullprodukt der ho sjølv figurerer som fotomodell. Traa har elles vore med i fleire fjernsynsprogram, mellom anna i programserien «Oppdrag Nord-Norge», produsert av NRK.

 

Traa vart kåra til Årets nynorskbrukar i 2006.

 

Kjelder

Dag Erik Kongslie: «Baklengs ned trappene», Hus & Bolig nr. 3, 2012

Merete Skogrand: «Mye sex og lite ull», Dagbladet. 18.7.2012

Kari Traa og Sarah Sørheim: Kari. Oslo 2006

 

Peikarar

Bibliografi i bibsys 

Først publisert: 14.05.2018
Sist oppdatert: 29.05.2018