Kristen Skjeldal, skiløpar med to olympiske gullmedaljar og 13 NM-titlar. Ingen andre skiløparar har greidd å verte norsk meister på 5-mila seks gonger. Han var med og dominerte norsk og internasjonalt langrenn i nesten 20 år.
Kristen Skjeldal er fødd 27. mai 1967 på Voss og bur på Vossevangen. Han gjekk tømrarlinja ved Voss yrkesskule i 1982–84. I 1985 vart han teken ut til det norske juniorlandslaget, og sidan var han heiltids langrennsløpar fram til han la opp i 2006. Han er medlem av Bulken idrettslag på Voss.
I Albertville i Frankrike i 1992 vart Skjeldal olympisk meister på 4 x 10 km stafett for menn. Det vart han òg i 2002, då Noreg tok stafettgullet under leikane i Salt Lake City i USA. Under same meisterskapen tok Skjeldal fjerdeplassen på 30 kilometer fri teknikk. Johann Mühlegg vart seinare diskvalifisert frå sigeren, noko som førte til at Skjeldal vann bronsemedaljen på denne distansen.
I 1991 tok Skjeldal verdscupsigeren på 30 kilometer fri teknikk i Lahtis i Finland. Han vart nummer fire samanlagt i verdscupen i 2001/02. Den første NM-tittelen tok han i 1990, og den siste i 2006. Han har òg to NM-gull i stafett. Heile seks av Skjeldal sine 11 individuelle titlar i noregsmeisterskapen har han vunne på femmila. Det er norsk rekord. Han er nummer to på noregsmeisterskapen sin adelskalender, bak Oddvar Brå.
Etter at Skjeldal slutta som skiløpar, byrja han i 2006 som skitrenar ved Voss Gymnas Toppidrett, og han tok til som trenar for juniorkrinslaget i Hordaland.
Gudmund Skjeldal, som er bror til Kristen, gav i 2005 ut biografien Den siste langrennaren. Ei historie om Kristen Skjeldal og snø.
Kjelder
E-post frå Kristen Skjeldal 16.11.2012
Gudmund Skjeldal: Den siste langrennaren. Ei historie om Kristen Skjeldal og snø . Oslo 2005
Først publisert: 23.05.2013
Sist oppdatert: 23.05.2013