Hopp til innhold
X
Innhald

Olaf Helset

Olaf Helset, idrettsmann og offiser. Han var blant dei fremste motstandsmennene under den andre verdskrigen og ein nøkkelperson i samlinga av norsk idrett.

Olaf Helset var fødd i Nannestad i Akershus 28. juli 1892 og døydde 21. august 1960. Han tok examen artium i Kristiania i 1911. Alt året etter byrja han i det første av sine mange styreverv – i idrettsgruppa i Bondeungdomslaget i Oslo. Etter gymnaset tok han militær utdanning og var ferdig på Krigsskolen i 1915. To år seinare hadde han òg fullført Statens gymnastikkskole, før han i 1919 vart uteksaminert frå Den Militære Høiskole.
Då krigen kom, hadde Helset rang som major. Natt til 10. april 1940 leidde han troppane under kampane på Midtskogen nær Elverum. Desse kampane var avgjerande for at Kongen og regjeringa slapp unna tyskarane. Fram til han vart arrestert i februar 1941, var Helset med på å byggje opp den norske motstandsorganisasjonen Milorg.
Parallelt med dette arbeidet var Helset også sentral i samlinga av norsk idrett. Før krigen var idretten organisert i to forbund: det borgarlege Norges Landsforbund for Idrett og Arbeidernes Idrettsforening (AIF). I 1940 vart Helset vald til leiar for Landsforbundet, og gjennom året samarbeidde han tett med AIF-leiar Rolf Hofmo for å samle dei to forbunda til eitt.
(Artikkelen held fram under lydklippet)
 
Lydklipp: «Norsk idrett i 1920-åra», Olaf Helset fortel. NRK Skole.
Etter at han sleppte ut frå fangenskap vinteren 1942, flykta Helset til Sverige. I 1946 vart han sjef for Hæren, men gjekk av to år seinare etter open strid med forsvarsminister Jens Christian Hauge. Etter dette vart Helset utnemnd til leiar for Distriktskommando Sørlandet, med rang som generalmajor. I 1951–53 var han sjef for Distriktskommando Viken og kommandant på Fredriksten festning.
(Artikkelen held fram under fotoet)
Olaf Helset held tale på eit idrettsstemne i 1944. Foto: Riksarkivet, Flickr.com (ingen kjende restriksjonar)
Olaf Helset held tale på eit idrettsstemne i 1944. Foto: Riksarkivet, Flickr.com (ingen kjende restriksjonar)
For innsatsen på Midtskogen vart Helset tildelt krigskorset med sverd, og han var kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.
Kjelder
Ivar Kraglund og Arnfinn Moland: Hjemmefront, bind 6 av Norge i krig. Oslo 1987
Finn Olstad og Stein Tønnesson: Norsk idretts historie. Oslo 1986
Gunnar Helset: «Generalmajor Olaf Helset», biografi hos Oslo Militære Samfund: http://oslomilsamfund.no/Galleriet/Wordfiler-portr-biografi/Helset_Olaf.doc [lesedato 30.9.2013]

Først publisert: 08.07.2014
Sist oppdatert: 09.03.2016