Hopp til innhold
Ørjan Håskjold Nyland. Foto: Marius Beck Dahle / Samlaget. Nytta etter avtale.
Ørjan Håskjold Nyland. Foto: Marius Beck Dahle / Samlaget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Ørjan Håskjold Nyland

Ørjan Håskjold Nyland, norsk landslagsmålvakt i fotball som er cupmeister for Hødd og Molde. Han har gitt ut boka Ørjans keeperskole.

Ørjan Håskjold Nyland er fødd 10. september 1990 i Volda. Han bur no i Ingolstadt i Tyskland. Frå 2006 til 2009 var han elev ved Ulstein vidaregåande skule.

Nyland starta fotballkarrieren i Volda, før han drog til Ulsteinvik og Hødd i 2007. Der fekk han med seg eit cupmeisterskap i 2012 før han drog vidare til Molde i 2013. Høgdepunkta i løpet av dei tre sesongane han var førstemålvakt der, var seriemeisterskap og cupmeisterskap i 2014. Frå 2015 til 2018 spela han for tyske Ingolstadt FC. Sommaren 2018 signerte han for Aston Villa, som held til i det andre nivået i den engelske ligaen. 

Nyland har spela kampar for landslaga for U18, U21 og U23. Debuten for seniorlandslaget kom på Aker stadion 19. november 2013, og sidan har Nyland veksla med Rune Almenning Jarstein om å vere førstemålvakt for det norske landslaget.

I 2016 gav Nyland ut boka Ørjans keeperskole, saman med Eirik Ingebrigtsen, der han deler målvaktsøvingar og gode historier frå livet som fotballproff. Nyland nyttar nynorsk som skriftspråk.

Karrieren til Nyland skaut fart då han i cupfinalen i 2012 vart kåra til den beste spelaren på bana då førstedivisjonslaget Hødd slo eliteserielaget Tromsø. I kampen og i den påfølgjande straffesparkkonkurransen fekk Nyland vist fram nokre av sine særmerkte kvalitetar i målvaktspelet, som er god rekkjevidd og rask reaksjon. Nyland fekk Gullballen som den beste målvakta i Noreg i 2014.

Kjelder

Ørjan Håskjold Nyland, spelarprofil, fotball.no: https://www.fotball.no/fotballdata/person/profil/?fiksId=2927231 [lesedato 1.3.2018]

Ørjan Håskjold Nyland, spelarprofil, uefa.com: http://www.uefa.com/teamsandplayers/players/player=108923/profile/index.html [lesedato 1.3.2018]

Ørjan Håskjold Nyland, spelarprofil, altomfotball.no: http://www.altomfotball.no/element.do?cmd=player&personId=193350&tournamentId=1&seasonId=335&teamId=309&useFullUrl=false [lesedato 1.3.2018]

Om Ørjans keeperskole, samlaget.no: https://samlaget.no/products/orjans-keeperskole [lesedato 1.3.2018]

Peikarar

Harald Thingnes og Peder Mørtvedt: «Da han kom til Molde var han dårligst av våre tre keepere», nrk.no 

Først publisert: 14.06.2018
Sist oppdatert: 03.09.2018