Hopp til innhold
Ragnhild Lied. Foto: Unio / Sol Nodeland (pressefoto).
Ragnhild Lied. Foto: Unio / Sol Nodeland (pressefoto).
X
Innhald

Ragnhild Lied

Ragnhild Lied, lektor, tidlegare leiar av Utdanningsforbundet og frå 2016 leiar i Unio, som er den nest største hovudorganisasjonen i Noreg.

Ragnhild Lied er fødd 25. april 1959 i Volda. Ho gjekk på Volda gymnas i 1975–78 og har hovudfag i idrett frå Noregs idrettshøgskole i 1990, med ei oppgåve om arbeidssituasjonen for kroppsøvingslærarar i vidaregåande skule. I tillegg har ho mellomfag i friluftsliv og grunnfag i matematikk.

Ho underviste i idrettsfag og realfag ved Stranda vidaregåande skule fram til 2002. Lied har vore tillitsvald på heiltid sidan 2002, først i Utdanningsforbundet, der ho var nestleiar i 2010–12 og deretter leiar i 2013–15. Frå 2016 er ho leiar i Unio, som er ein hovudorganisasjon for universitets- og høgskuleutdanna.

Unio er den nest største hovudorganisasjonen i Noreg, med 12 medlemsforbund og om lag 340 000 medlemer, mellom anna lærarar, politi, prestar, sjukepleiarar og forskarar. Brorparten av medlemene arbeider i det offentlege og i servicesektoren.

Ragnhild Lied er medforfattar av Gymnos (2003), som er ei lærebok i kroppsøving i vidaregåande skule.

I 2001–03 var Lied medlem av Søgnenutvalet, som førebudde «Kunnskapslyftet» i det norske skulesystemet. Ho er òg medlem av Samarbeidsrådet for yrkesopplæring, var styremedlem i Ungt Entreprenørskap og ETUCE (som representerer europeiske lærarforbund) i 2010–12, og ho er medlem av styringsgruppa for Kunnskap i skolen (KiS) ved Universitetet i Oslo.

Kjelder

NTB: «Ragnhild Lied kan bli ny leder i Unio», nrk.no, publisert 28.9.2015: http://www.nrk.no/mr/ragnhild-lied-fra-volda-kan-bli-ny-leder-i-unio-etter-anders-folkestad-1.12575672 [lesedato 10.12.2015]

«Ragnhild Lied valgt som ny leder i Unio», unio.no, publisert 7.12.2015: http://www.unio.no/no/nyheter/nyheter-2015/ragnhild-lied-valgt-som-ny-leder-av-unio [lesedato 10.12.2015]

Peikarar

NTB: «Ragnhild Lied kan ta over i Unio etter Anders Folkestad», frifagbevegelse.no, publisert 28.9.2015

Først publisert: 02.11.2016
Sist oppdatert: 02.11.2016