Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidernes Idrettsforbund

Arbeidernes Idrettsforbund (AIF), sjølvstendig landsforbund for idrett. 

Det blei stifta i 1924 med utgangspunkt i Arbeidernes idrettsopposisjon frå 1922. Dei vedtok å melde seg inn i Den sosialistiske arbeidarsportsinternasjonalen frå 1939. På grunn av krigen fekk vedtaket ingen praktisk verknad.

AIF satsa sterkt på å gjere idretten til massemønstringar og trekte nye grupper inn på idrettsbanene. Helse- og opplysningsarbeid gjekk hand i hand med dei fysiske aktivitetane. Dei arbeidde også for at det offentlege skulle byggje og drive idrettsanlegg. AIF nekta medlemmene sine å delta i konkurransar i regi av Norges Landsforbund for Idrett. I 1940 gjekk dei to forbunda til felles kamp mot nazismen, og i 1946 danna dei Norges idrettsforbund.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019