Hopp til innhold
X
Innhald

Bloddoping

Bloddoping, tapping av blod ei stund før ein idrettskonkurranse for så å føre blodet tilbake i kroppen tett opp til konkurransen.

Kroppen vil då oppnå eit overskot av oksygentransporterande raude blodlekamar, som fører til auka prestasjonsevne. Ved bruk av erytropoietin (EPO), eit hormon som aukar produksjonen av raude blodlekamar i beinmergen, kan ein oppnå den same effekten. NESP, dynepo og CERA er tre variantar av EPO. I tillegg finst det syntetiske oksygentransportørar (HBOC). Alle metodane er forbodne.

Kjelder

Nettstaden til Stiftelsen Antidoping Norge: «Epo og bloddoping», antidoping.no: https://antidoping.no/folkehel... [lesedato 10.9.2017]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2019
Sist oppdatert: 01.11.2019