Hopp til innhold
Gresk svartfigurvaske frå 530 f.Kr., laga av målaren Euphiletos. Kjelde: Metropolitan Museum of Art. Lisens: CC0 1.0. (fri).
Gresk svartfigurvaske frå 530 f.Kr., laga av målaren Euphiletos. Kjelde: Metropolitan Museum of Art. Lisens: CC0 1.0. (fri).
X
Innhald

Dei olympiske leikane

Dei olympiske leikane (OL), idrettskonkurransar som stammar frå Olympia i det antikke Hellas. Leikane blei arrangerte kvart fjerde år til ære for gudane, truleg i nærare 1200 år – frå ca. 780 f.Kr. til ca. 400 e.Kr.

Kvinner fekk ikkje delta, og det blei mellom anna kjempa i friidrett, bryting, boksing og kappkøyring, og i kulturaktivitetar som talekunst. Løpa gjekk føre seg fram og tilbake éin eller fleire gonger på ei 192 meter (ein stadie) lang bane. I dei første åra til dei olympiske leikane var det forbode å trene til konkurransane, slik at utøvarane skulle stille mest mogleg likt.

Dei første moderne sommarleikane blei arrangerte i Athen i 1896. Franskmannen Pierre de Coubertin blir sett på som «far» til leikane, og han var med i stiftinga av Den internasjonale olympiske komiteen i 1894. Det er framleis denne komiteen som avgjer kvar OL skal arrangerast, og kva øvingsprogram leikane skal ha. Dei første vinterleikane blei arrangerte i Chamonix i Frankrike i 1924. Sommar- og vinterleikane blei fram til 1992 arrangerte det same året. Seinare har ein halde vinterleikane kvart fjerde år frå og med 1994 og sommarleikane kvart fjerde år frå og med 1996. OL blei ikkje arrangert i 1916, 1940 og 1944 på grunn av verdskrigane. I 1906 blei det arrangert jubileumsleikar i Athen. OL (vinterleikar) er arrangert to gonger i Noreg – i Oslo i 1952 og på Lillehammer i 1994. Øvingsprogrammet for OL har vakse sterkt, og sommar-OL i Rio de Janeiro i 2016 sette rekord i både deltakartal (11 237) og deltakande nasjonar (207). Det blei også sett ny rekord i talet på konkurransar, med heile 306 øvingar i 28 ulike idrettar.

Dersom ein ser vekk frå at Tyskland og Russland har konkurrert under ulike namn opp gjennom tidene (Sovjetunionen, Vest-Tyskland og Aust-Tyskland, mellom anna), er Noreg den mestvinnande nasjonen i vinter-OL, med totalt 368 medaljar (132 gull, 125 sølv og 111 bronse, etter Pyeongchang 2018). I sommar-OL har Noreg 152 medaljar (56 gull, 49 sølv og 47 bronse, etter Rio 2016), noko som svarar til 22. plass på statistikken (om ein ser vekk frå Sovjetunionen, Vest-Tyskland og Aust-Tyskland).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 13.12.2019