Hopp til innhold
X
Innhald

Doping

Doping (av engelsk dope, ’narkotika, stimulans’), fellesnemning på det å bruke eller medverke til bruk av midlar og metodar som direkte eller indirekte aukar prestasjonsevna på ein kunstig måte hos dyr eller menneske.

Forbodslista (dopinglista) til Den internasjonale olympiske komiteen – som også gjeld for norske idrettsutøvarar – deler doping inn i fem hovudgrupper: stimulerande middel, narkotika, vekstfremjande stoff, vassdrivande middel (diuretika) og maskeringsmiddel, og peptidhormon. Nokre av dei mest kjende dopingmidla er muskeloppbyggjande middel som anabole steroid, efedrin, som påverkar kretsløpet, og testosteron og amfetamin, som påverkar nervesystemet. Betablokkarar, som reduserer spenningsnivået, kortison og lokalbedøvande middel er andre kjende dopingmiddel. I tillegg til inntak av medikament er bloddoping ei kjend dopingform der bruk av erythropoietin (EPO) står sentralt. Doping har til dels stor helserisiko.

Brukarar av doping kan – avhengig av medikament og dosar – mellom anna oppleve åtferdsforstyrringar, redusert immunforsvar, søvn- og konsentrasjonsvanskar og sterk aggresjon. Doping var tidlegare stort sett relatert til konkurranseidrett, men er blitt eit stadig aukande problem i andre delar av samfunnet som treningsstudio og enkelte ungdomsmiljø. Det blir gjennomført dopingkontrollar ved nesten alle internasjonale meisterskapar.

Det internasjonale arbeidet mot doping blir koordinert av World Anti-Doping Agency (WADA). Antidoping Norge blei oppretta 3. juni 2003 og arbeider for ein rein idrett og eit dopingfritt samfunn.

Kjelder

Nettstaden til Stiftelsen Antidoping Norge, antidoping.no: https://antidoping.no/ [lesedato 10.9.2017]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019