Hopp til innhold
X
Innhald

Egebergs ærespris

Egebergs ærespris (eigentleg Kabinetskammerherre Egebergs ærespris for allsidig idrett), den høgste utmerkinga i norsk idrett. Ho blei oppretta i 1919 av Ferdinand J. Egeberg (1842–1921). Utmerkinga har form av ein bronsestatuett som er utført av bilethoggaren Magnus Vigrestad. 

Egebergs ærespris blir delt ut av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité til ein idrettsutøvar som i løpet av det siste eller dei to siste kalenderåra har utmerkt seg internasjonalt i éi idrettsgrein og hatt gode nasjonale resultat i ei anna idrettsgrein som skil seg vesentleg frå den første. Egebergs ærespris blir delt ut av styret i Norges idrettsforbund etter innstilling frå ein komité som er vald av idrettstinget.

Peikarar

Liste over vinnarar av Egebergs ærespris, idrettsforbundet.no
https://www.idrettsforbundet.no/tema/utmerkelser-og-priser/

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.11.2019
Sist oppdatert: 01.11.2019