Hopp til innhold
X
Innhald

Frogner stadion

Frogner stadion ved Majorstua i Oslo som blei anlagt i 1901 og bygd om i 1914. Stadionet var i mange år den viktigaste idrettsplassen i Oslo. Oslo kommune tok over anlegget i 1928. Frogner stadion er særleg kjent som skøyte- og fotballbane før den andre verdskrigen. Oscarløpa på skøyter blei arrangerte på Frogner stadion fram til 1980-åra, og så blei dei flytta til Valle Hovin.

Tribunane blei rivne i 1995, og anlegget blei i ein periode nytta som treningsbane. I 2009 blei det rehabilitert, og i dag har stadionet kunstfrosen isbane i vinterhalvåret og kunstgras i sommarhalvåret. Kapasiteten er på 4200 tilskodarar. Det står statuar av Sonja Henie og Oscar Mathisen utanfor stadionet.

Frognerbadet er eit stort friluftsbad med fire basseng som blei bygd ved sida av Frogner stadion i 1956.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019