Hopp til innhold
X
Innhald

Galopp

Galopp (av fransk), den raskaste gangarten hos hestar. Ved galopp er kroppen til hesten vekselvis i svev, støtta av eitt eller fleire bein.

Hesten går i høgregalopp når svevemomentet blir følgt av ein støttefase på høgre forbein, og omvendt for venstregalopp. 

Galopp er også ein pardans i 2/4 takt i svært raskt tempo, som er kjend i Frankrike og Tyskland frå byrjinga av 1800-tallet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019