Hopp til innhold
X
Innhald

Gymnastikk

Gymnastikk (av gresk gymnós, ’naken’), utføring av kroppsøvingar for å utvikle og halde ved like smidigskapen og styrken til kroppen.

Moderne gymnastikk byggjer på eit system som blei utarbeidd av den tyske læraren Johann Guts Muths (1759–1839). Andre system blei utarbeidde på same tid av mellom andre Friedrich Ludwig Jahn (1778–1852), «far til turnsporten», som spesialiserte seg på apparatgymnastikk, og av svenske Pehr Henrik Ling (1776–1839), som la hovudvekta på anatomisk naturlege øvingar, såkalla svensk gymnastikk.

I Noreg var dette systemet i bruk fram til 1915. Den gymnastiske sentralskole blei grunnlagd i 1915 og heitte frå 1915 Statens gymnastikkskole. I 1968 blei han innlemma i Noregs idrettshøgskole. Som skulefag har gymnastikk namnet kroppsøving.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.11.2019
Sist oppdatert: 04.11.2019