Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettsrørsla

Idrettsrørsla, nemning på den organiserte idretten. I oldtida stod idretten høgt hos mellom andre grekarane. I mellomalderen var det stor interesse for bestemte idrettsgreiner (fekting, turneringar, styrkeprøver). I nyare tid sank interessa, og først med industrialismen og behovet for fysisk aktivitet hos folk i byane voks det fram ein folkeleg idrett.

Den første landsomfattande organisasjonen i Noreg var Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug, som blei stifta i 1861 av skyttarar. Mange braut i 1881 ut av Centralforeningen og stifta dei første folkevæpningssamlaga. Dei første særforbunda blei stifta i 1890-åra. I 1910 danna dei Norges Riksforbund for Idrett, som omfatta om lag 50 000 organiserte idrettsutøvarar. I 1917 sette Stortinget ned ein komité som skulle førebu ein ny idrettsorganisasjon til avløysing av Riksforbundet. Resultatet blei opprettinga av Norges Landsforbund for Idrett i 1919.

På grunn av den politiske utviklinga braut ein del lag ut av Landsforbundet og danna Arbeidernes idrettsopposisjon, som blei stammen i Arbeidernes Idrettsforbund (AIF), som blei oppretta i 1924. I slutten av 1930-åra blei det gjort iherdige forsøk på å samle arbeidaridrett og borgarleg idrett i éin felles organisasjon. Arbeidet var kome godt i gang i 1940, men blei sett på vent på grunn av nazistisk innblanding. Tillitsmennene i begge forbunda la ned verva sine, og dei organiserte idrettsutøvarane i Noreg gjennomførte ein boikott av det nazistiske idrettsforbundet fram til frigjeringa.

Det konstituerande tinget i Norges Idrettsforbund blei halde i februar 1946, og dermed blei idrettsforliket av 1940 sett i verk. I 1996 gjekk Norges idrettsforbund og Norges olympiske komité saman i éin organisasjon, Norges idrettsforbund og olympiske komité (NIF).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019