Hopp til innhold
X
Innhald

Norges Bedriftsidrettsforbund

Norges Bedriftsidrettsforbund (NBIF) eller Bedriftsidretten, forbund som blei stifta i 1957 og er tilslutta Norges idrettsforbund og olympiske komité (NIF).

Fram til 2001 heitte dei Norges Mosjons- og Bedriftsidrettsforbund. Forbundet har per 1. januar 2017 rundt 320 000 medlemmer som er fordelte på meir enn 4000 klubbar og grupper. Dei er det nest største særforbundet i NIF.

Visjonen til NBIF er «eit sprekare Noreg», og dei har som mål å gi eit mosjonstilbod til alle, uavhengig av alder, bustad og ambisjonsnivå. Dei arrangerer i tillegg til idrettskonkurransar i ei rekkje idrettar også trimaksjonar retta mot breiare lag av folket – til dømes «Sykle til jobben».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2019
Sist oppdatert: 05.11.2019