Hopp til innhold
X
Innhald

Olympiatoppen

Olympiatoppen, avdeling i Norges idrettsforbund og olympiske komité (NIF).

Avdelinga har ansvaret for toppidretten i NIF. Ho koordinerer planlegging og trening med særforbunda, og administrerer toppidrettsstipend, bonusordningar og anna økonomisk støtte til enkeltutøvarar og særforbund. Ein stor del av finansieringa av Olympiatoppen kjem frå næringslivet. Tidlegare toppidrettssjef Bjørge Stensbøl blei tildelt St. Olavs Orden for arbeidet sitt i Olympiatoppen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019