Hopp til innhold
X
Innhald

Orientering

Orientering eller o-løp, idrett der det gjeld å ta seg fram i terrenget så raskt som mogleg via kontrollpostar i rett rekkjefølgje frå start til mål. Ein konkurrerer i sprint (12–15 minutt), mellomdistanse (ca. 3—6 km), langdistanse (ca. 7–17 km), ultralangdistanse (ca. 15–25 km), natt og stafett.

Utøvarane vel sjølve rute mellom postane, og dei nyttar kompass og spesialkart (o-kart), der mange detaljar som steinar, vegetasjon, stup og høgdepunkt er teikna inn. Karta har som oftast målestokk 1 : 10 000 eller 1 : 15 000 og ekvidistanse (høgdeskilnaden mellom kotene på eit kart) på 5 meter, men kan også ha ned mot 1 : 5000 i sprintklassane eller opp mot 1 : 20 000 i langdistanseklassane. Det første løpet i Noreg blei arrangert i 1890-åra. Det har vore arrangert NM sidan 1937, og for kvinner frå 1948. VM har vore arrangert sidan 1966.

I turorientering finn ein faste postar som mosjonsaktivitet utan tidtaking. Parkorientering er fellesnemninga for kortare o-løp i bystrøk. I tillegg finst øvingane skiorientering, sykkelorientering og presisjonsorientering. Norges Orienteringsforbund blei stifta 1. oktober 1945, er ein del av Norges Idrettsforbund og har om lag 23 000 medlemmer i 395 lag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2019
Sist oppdatert: 06.11.2019