Hopp til innhold
X
Innhald

Oscar-statuetten (norsk skøytepris)

Oscar-statuetten er ei utmerking som blei oppretta i 1958 av Oslo Skøiteklub til minne om Oscar Mathisen.

Statuetten blir tildelt den utøvaren som internasjonalt har den beste prestasjonen i løpet av ein sesong. Han blir delt ut i samband med større skøyteløp i Vikingskipet på Hamar. Fram til 1992 blei han berre delt ut til menn. Statuetten er ein miniatyr av Oscar Mathisen-statuen utanfor Frogner Stadion i Oslo. Statuen er laga av bilethoggaren Arne Durban. 

Først publisert: 02.01.2020
Sist oppdatert: 02.01.2020